Hopp til hovedinnhold

Språkspørsmål og svar

Kan ein skrive Østensjøvannet eller andre stadnamn med bokmålsformer i ein nynorsktekst?

Svar

Stadnamn skal ha berre éi skriftform i offentleg bruk. Du kan difor trygt skriva Østensjøvannet på nynorsk.

Namn på fylke har òg berre éi form: Østfold og Aust-Agder heiter det same i begge målformene.

Godkjende skrivemåtar finst i Sentralt stadnamnregister ved Statens kartverk.

Heiter det verkeleg spegelegg på nynorsk? Eg har ikkje vanskar med å seie spegel, men eg slit litt med spegelegg. Det same gjeld snigel.

Svar

Nei, det heiter speilegg på nynorsk. Ein må rekne dette som eit lån frå bokmål i skrift. Men spegel kan uttalast /speiel/, så i prinsippet kunne vi gjerne ha skrive spegelegg og sagt /speilegg/. Snigel kan uttalast /sniel/.

I gamle norske ord som spegel, snigel og tygel (gammalnorsk spegill, snigill og tygill) har vi ein fremre vokal (e eller i) etter g-en. Etter gammalnorsk tid vart dei fleste g-ar som stod føre slike vokalar, mjuka opp til j-lydar. I visse samanhengar kunne dei bli til i-ar eller falla heilt bort.

  • spegill > spegjel > speiel
  • snigill > snigjel > sniel
  • tygill > tygjel > tyel

Det er heilt greitt, ja faktisk tilrådeleg, å uttale desse orda /speiel/, /sniel/ og /tyel/. Tykkjer du det er rart at det ikkje er fullt samsvar mellom skrift og tale, hjelper det å tenkje på bokmål, der orda speil og snegl blir skrivne ulikt og uttalt likt: [spæil] og [snæil].

I fleirtal heitte det speglar, sniglar og tyglar i gammalnorsk, slik det framleis gjer i nynorsk. Her er ingen fremre vokal, så g-en har halde seg. Det har han òg gjort i samansetningar med snigle-.

Samansetningar med spegel har ikkje forma spegle-, men spegel-. I uttalen skil ein knapt mellom /speiel-/ og /speil-/. Speilegg (laga etter tysk Spiegelei) er mykje yngre ord i norsk enn spegel.

Kva heiter «storhetstid» på nynorsk?

Svar

Det heiter stordomstid – og ikkje *storleikstid, som ein stundom ser.

Systemet er enkelt:

stordom = storhet
storleik = størrelse

Heiter det vi sjåast eller vi sest på nynorsk? Det verkar som om sjåast er det vanlege?

Svar

Formuleringa «vi *sjåast» tok til å gjere seg gjeldande på trykk tidleg i 1970-åra, mellom anna i omsetjingar. No har ho rokke å bli morsmål for mange språkbrukarar fødde i 1960-åra og seinare. Etter rettskrivinga heiter det likevel «vi sest», om ein først skal bruke dette verbet.

Vi kan samanlikne verbet sjåast med verbet som ligg til grunn, altså å sjå. Vi set inn loddrette strekar etter det som er sams for dei to verba:

å sjå – se|r – såg
å sjå|ast – se|st – såg|st

Presens sest er laga av presens ser og tyder ‘ser kvarandre’. Å sjåast har altså resiprok tyding.

Ein viktig grunn til at presens sjåast har slått rot hos mange, må vere at at sjåast er ei korrekt nynorsk form i og for seg, vel å merke i passiv infinitiv, altså etter hjelpeverb, som her: «Skal vi aldri sjåast att?» og «Oppdrettsanlegget kan sjåast frå ferja». Sidan forma sjåast finst, stikk ikkje «vi sjåast» seg så sterkt ut som den typiske sidemålsfeilen «vi *sjår».

Bokmålssystemet

Bokmål skil ikkje mellom infinitiv og presens av st-verbet:

å se – ser – så
å se(e)s – se(e)s – sås

Sees har vore vanlegare i skrift enn ses, så folk er vane med to stavingar i presens.

Vi sjåast kan seiast å spegle bokmålssystemet (dvs. at infinitiv = presens) ved hjelp av ei form som verkar hypernynorsk (med sjå- for se-). Det kan vekkje mistanke om at vi sjåast har minst ei rot i omsetjing frå bokmål. Somme har til og med meint at forma har rot i vondsinna omsetjing:

(Innlegg i Porsgrunns Dagblad, 2.4.1970)

Men om vi sjåast har vore aldri så vanleg i nynorskparodi og mekanisk omsetjing frå bokmål, må forma likevel (òg) vere eit produkt av indre prosessar i nynorsken og nokre dialektar.

Det er ikkje tvil om at endringa har kome i ei tid med sterk bokmålspåverknad, men ein må hugse at det i den same perioden har vore mykje tradisjonsbrot i talemålet. Når den indre grammatikken skal fylle hol, gjer han bruk av nokre av dei same metodane som ein omsetjar som skal omsetje ein tekst med utilstrekkelege hjelpemiddel.

Kva er det indre opphavet?

Kva med røter i tradisjonelt bygdemål? Det er neppe nokon viktig faktor. I dei få dialektane som har hatt fleirtalsbøying av verb i nyare tid (jf. presens me koma, me sjå), kunne ein vente presens sjåast i dette uttrykket, sidan det er to eller fleire som ser kvarandre. Islandsk har såleis forma sjáumst ‘vi sest’ fordi ‘vi ser’ heiter sjáum, i kontrast til ‘eg ser. Men det er vanskeleg å finne noko slikt i norsk målføretradisjon, og det er forsvinnande lite av det i eldre tekstar på landsmål. Ein viktig grunn til det er at heile avskilsfrasen er meir eller mindre lånt frå bokmål. På bygdene før sa ein heller t.d. vi snakkast eller talast enn vi sest.

Det vi står att med av indre faktorar, er ny påverknad frå infinitiven og frå dei andre verba vi brukar i liknande samanhengar. Desse verba har gjerne same form i infinitiv og presens (å snakkast – vi snakkast), og ikkje minst har dei to stavingar i presens. (Det at mange st-verb er a-verb, kan forresten òg vere opphavet til rettskrivingsfeil som vi møtast for vi møtest.)

Ein lengre artikkel om desse hypotesane har stått i Språknytt. I den artikkelen er bokmål nemnt berre som ein tilleggsfaktor til slutt.

Eit godt døme

Til slutt eit godt døme på rett bruk av det resiproke verbet:

Korleis uttalar ein orda medan og sidan på nynorsk?

Svar

Den tradisjonelle leseuttalen er /mean/ og /sian/.

Dei fleste d-ar mellom vokalar og til slutt i ord etter vokal er stumme. Dette gjeld vel å merke gamle norske ord, ikkje importord.

I gammalnorsk hadde desse orda stungen d (uttalt som th i engelsk the). Det er mange hundre år sidan dei stungne d-ane fall bort i norsk. Dei overlevde berre – og då i form av vanleg d – på delar av Nord-Vestlandet. (Vi ser her bort frå bokmål og spreidde ord i ymse dialektar.)

Når folk som ikkje er sunnmøringar eller nordfjordingar, les ord som med, medan, sidan, sida, tida og nedanfor med hard d på nynorsk, må det reknast som skriftuttale, og det har ikkje vore tilrådd.

I mange dialektar har n-en òg falle bort (slik at det heiter /mea/ og /sia/), men ein plar ta med n-en når ein les nynorsk høgt. Det finst elles mange fleire meir særmerkte dialektformer, som til dømes /sea/, /sio/ og /mende/.

Medan har synonyma mens (som i bokmål) og dessutan kortvarianten med /me/, som var meir utbreidd enn medan på Ivar Aasen si tid.

Hugs at det heiter ved sida av, uttalt ve sia a(v) utan n til slutt! Dette uttrykket har ingenting med adverbet sidan å gjera. Sida /sia/ er her bunden form av ei side /ei sie/.

Kva heiter dybdelæring på nynorsk?

Svar

Dybde på nynorsk heiter djupn (bunden form djupna). Dybde- i samansetjing kan omsetjast med djupne-.

Djupnelæring er altså eit greitt ord på nynorsk, likeins djupneintervju for dybdeintervju osb.

Dyplæring kan derimot omsetjast til djuplæring (som det òg kan heite på bokmål).

Eg ser at det er mange som i fullt alvor skriv «moglegeins» på nynorsk. Det kan vel ikkje vere rett?

Svar

Nei, «moglegeins» eller «mogelegeins» er eit tulleord som ein har brukt for å parodiere dårleg omsetjing frå bokmål.

På nynorsk heiter det beint fram kanskje eller kan hende (med a-infinitiv: kanskje eller kan henda).

Kan eg «smørja meg med tålmodigheit» på nynorsk?

Svar

Nei, du må nok smørja deg med tolmod dersom du vil skriva i samsvar med rettskrivingsordbøkene og tradisjonen. Tolmod er med andre ord ei dygd.

Når nynorsken har ei såkalla kortavleiing som tyder det same som eit ord på -het, lagar vi ikkje heit-ord. Døme: samvit, rettferd og tolmod. Desse orda dekkjer samvittighet, rettferdighet og tålmodighet fullt ut. Denne regelen gjeld same kva som måtte vera utbreidd i dialektane.

Tolmod: utbreiing og uttale

Tolmod er eit ord som nynorsken har frå austnorsk og trøndersk (nynorsken var utbreidd på Austlandet og i Trøndelag før). Jamfør òg svensk tålamod.

Den vanlege uttalen på norsk er /tålmo/, men i nokre dialektar kan den opne o-en i fyrste stavinga òg bli uttalt ø. D-en er altså stum, men stumme d-ar kjem fram att føre -ig, så tolmodig blir uttalt /tålmodi(g)/.

Ikkje maskinomset frå bokmål!

Sjølv om tolmod dekkjer tålmodighet, blir nynorsken bokmålsprega på eit djupare plan dersom vi automatisk omset tålmodighet med tolmod alle stader. For det fyrste bør vi bruka adjektivet tolmodig der det høver, elles kan stilen bli for substantivisk. «Nå gjelder det å utvise tålmodighet» kan til dømes heita «No gjeld det å vera tolmodig(e)» på nynorsk. «Å visa tolmod» er ikkje godt.

Hugs å gje tol!

Men vi bør òg bruka faste uttrykk der vi kan, med eller utan substantiv. Vi har eit endå kortare substantiv enn tolmod, nemleg tol /tål/. Det tyder både tolmod, toleranse og toleevne. Lat oss sjå litt nærare på det ordet til slutt. Vi set opp forklaringar på bokmål, så dei som søkjer etter løysingar på omsetjingsproblem, lettare finn artikkelen:

ha/gje tol: ha/vise (litt) tålmodighet; finne seg i (å vente), holde ut, ta det med ro
døme: ho hadde ikkje tol til å venta; du får gje tol til i morgon; du bør ha meir tol med dei

ta med tol: ikke bekymre seg, ta med ro
døme: han tok livet med tol, same kva som skjedde

gje eller slå seg til tols: akseptere; resignere; finne seg til rette; roe seg
døme: ho måtte slå seg til tols med å ha ein utolig ektemann

Det same ordet finst og kan brukast på bokmål, i forma tål.

Mest dialektalt finn vi òg den verbale uttrykksmåten å tola seg (fortid: tolte seg). I det tidlegare Hordaland fylke har ein òg varianten tolma seg: «No får du tolma deg litt!» Det kjem nok av tolmøda /tålmøa/, som har hatt større utbreiing.

På bokmål er saka grei: to stream = å strømme, og streaming = strømming. Men heiter det å strøyme eller å straume på nynorsk?

Svar

I denne tydinga tilrår vi e-verbet

å strøyme – strøymer – strøymde – har strøymt

framfor a-verbet

å straume – straumar – strauma – har strauma.

Berre spesielt interesserte bør lese teksten nedanfor. Vi har gjort nokre pedagogiske uthevingar.

Parverb i norsk

I norsk har vi ein del parverb, det vil oftast seia eit sterkt verb (døme: flyte – flaut) på den eine sida og eit svakt e-verb med såkalla omlyd på den andre sida (døme: fløyte – fløytte). Omlyd er eit eldgammalt fenomen med overgang frå au til øy i rota (som her) eller ein av desse overgangane: u til y, o til ø, a til e, å til æ.

Hovudmønsteret ved parverb er at det svake verbet er transitivt (det vil seie at det tek objekt), og at det dessutan er kausativt (det vil seie at det tyder 'å få noko til å skje', nærmare bestemt det det sterke parverbet viser til). Fløyte er altså eit transitivt (og kausativt) verb.

Kva er problemet?

Både strøyme og straume bryt med hovudmønsteret. Begge har i utgangspunktet intransitiv tyding utan å vere sterke verb. Kva av dei to høver då best som transitivt verb (som i to stream something)?

Problemet med strøyme er at det er intransitivt frå før: Noko strøymer jo av seg sjølv, det strøymer ikkje noko (eit objekt). Transitiv strøyming er altså ikkje berre ei teknologisk nyvinning, men noko grammatisk uvant.

Problemet med straume (ei direkte ny avleiing av straum), er at det ikkje har omlyd (au til øy), og at det har a-bøying. Hovudmønsteret er jo at transitive parverb har omlyd og e-bøying. Men merk at dette mønsteret gjer seg gjeldande når det intransitive verbet er sterkt.

Konklusjon: Begge verba og bøyingsmåtane kolliderer meir eller mindre med innarbeidde mønster, men ingen blir totalskadde av det. Vi tilrår det som trass alt er vanlegast av dei to, og som såleis sklir mest umerkande inn i målet elles:

strøyme – strøymer – strøymde.

Somme har teke i bruk hybriden strøyme – strøymar – strøyma (vel etter mønster av bokmål strømmet/strømma), men den gjer alt endå meir innfløkt, med ein kombinasjon av omlyd og a-ending.

På bokmål er det skilnad på

1) den troende faren og
2) den truende faren

Må begge delar heite den truande faren på nynorsk? Og kjem ein tru(g)ande far med truslar eller trugsmål?

Svar

Nei. Ein kan framleis skilje mellom

1) den truande faren (= som trur) og
2) den trugande faren (= som trugar)

– jamvel om ein kanskje uttaler trugande og truande likt.

Det gjeld altså presens partisipp av desse to orda:

1) å tru – trur – trudde
presens partisipp: truande

2) å truge – trugar – truga
presens partisipp: trugande

Sidan 1977 har det vore valfritt å skrive

2) å true – truar – trua
presens partisipp: truande

Vel du det, må du òg skrive truande, som blir tvitydig. Det

Lydrett?

Somme kvir seg for å skrive denne g-en fordi dei ikkje har han i uttalen. Men dei fleste uttaler heller ikkje g-en i til dømes haug eller allmuge, og mange uttaler eg, meg, deg og så vidare utan g. Truande for trugande er altså ikkje ei form ein er nøydd til å nytte for talemålet si skuld.

Tydingsskilje

Hos dei som sløyfar g-en, kan den truande faren tyde:

1) faren som trur

2 a) faren som tru(g)ar (ein far)
2 b) faren som tru(g)ar (ein fare)

Men ein kan framleis skilje slik:

1) den truande faren

2 a) den trugande faren
2 b) den trugande faren (eldre nynorsk: fåren)

Bokmål har dette (for dei som skriv å tro, ikkje tru):

1) den troende faren

2 a) den truende faren
2 b) den truende faren

Trugsmålet, trugsla/trugselen og trusselen

Det å truga heter trussel eller trugsel, eller trugsmål, som har vore det vanlegaste på nynorsk. I ordboka frå 1873 skreiv Ivar Aasen:

Med «mindre rigtigt» meinte han at ordet helst var teke opp frå dansk i denne forma (trussel). Trugsmål stemte derimot med svensk.

I avisverda har trussel vorte eit trugsmål eller ein trussel mot trugsmål:

(N-gramtenesta, nb.no.)

Eg skriv helst syner i staden for viser på nynorsk, som i «det syner seg at det er best». Men når det handlar om å referera til noko, skriv eg viser til. Er det rett?

Svar

Ja, det er heilt rett å visa til noko på nynorsk.

Det er bra å skriva syna, men visa er òg eit nynorskord. Visa er ofte jamgodt med syna – og somme tider betre.

I uttrykket med til er det best å bruka visa. Det heitte at vísa til alt i gamalnorsk. Det er altså ingen inkonsekvens å skriva visa til, men elles syna.

I uttrykket visa bort (jf. utvisa) er visa heilt obligatorisk.

Ein må ikkje gløyma at begge verba har e-bøying:

å syna/syne – syner – synte – har synt
å visa/vise – viser – viste – har vist

Det er altså gale å skriva *synar og *visar i presens!

Kva heiter «utmerket» på nynorsk? Utmerkt eller utmerka? Og heiter det at ein har merkt eller merka seg noko?

Svar

Formelt sett er utmerkt rett, men skriv gjerne framifrå i staden, om det høver. Dette har du no merkt eller merka deg; det er altså valfritt.

E-verb med -t i perfektum: utmerkt

På nynorsk har vi reservert a-verbet merke for ‘det å leggje merke til noko’:

å merkemerkar – merka – har merka

E-verbet merkje brukar vi om ‘det å setje merke på noko; markere’:

å merkjemerkjer – merkte – har merkt

Ein kan merkje noko ut, opp, av og så vidare. J-en, som er valfri, tydeleggjer skilnaden mellom verba.

Altså:

Noko som er merka, har ein lagt merke til.
Noko som er merkt (ut), har ein sett merke på (slik at det skil seg ut).

På nynorsk heiter det difor å merkje seg ut og å vere utmerkt.

Likevel: Utmerket! = Framifrå!

Å skilje seg ut, å merkje seg ut, å stikke seg fram og å bli framheva er variasjonar over same tema. Alt dette er god nynorsk.

Men utmerkt som karakteriserande adjektiv (i tydinga god) har ikkje vore mykje nytta på nynorsk. Det smakar av direkte omsetjing frå litt formelt bokmål (der ein framleis kan høyre uttalen /udmerket/, som vitnar om kva stilregister ordet har høyrt til). På nynorsk har ein helst omtalt det annleis.

Det som skil seg positivt ut, kallar ein tradisjonelt framifrå på nynorsk. Framifrå svarer såleis òg til fremragende på bokmål. «Utmerkede resultater» og «fremragende prestasjoner» kan trygt omsetjast med framifrå resultat og framifrå prestasjonar. Som adverb kan ein òg nytte utifrå (som i utifrå fint).

Ein kan dessutan variere med (særs) godt og ikkje minst grepa.

Valfritt merkjer/merkar seg

Om du skriv deg alt dette bak øyra, har du unekteleg merkt noko der (sett merke). Men det er valfritt å skrive har merkt seg eller har merka seg. Grunnen er nok at å merk(j)e seg noko i tyding ligg svært nær å merke noko.

Eg lurer på om eg kan nytta òg, au eller også konsekvent på nynorsk, eller om desse orda skal nyttast i ulike samanhengar. Til no har eg berre brukt òg. Er det rett?

Svar

Òg (eller au, som er mindre brukt i skrift) er heilt synonymt med også. Det er heilt greitt å halde seg til bruke òg, slik du har gjort.

Bruksmåte og opphav

Med orda òg/au/også peikar vi på noko vi har framheva med trykk (nedanfor: eg), og seier at det kjem i tillegg:

Ho reiste; difor reiste eg òg/au/også

Òg kjem av norrønt ok (eldre auk) og tyder opphavleg nettopp ‘i tillegg’, ‘attåt’, ‘med’ (jf. det meir eller mindre dialektale eg med). Utvidinga med er gammal i både dansk og norsk. Ho vart tidleg fast i dansk riksspråk, der det no berre heiter også. (I danske dialektar finn ein jamvel dobbelt tillegg av : ossenså.)

Utvidinga tyder opphavleg nett noko slikt som ‘så, dinest’ jf. «ho og så eg reiste», men det må ha vorte mindre bokstavleg etter kvart og fått tydinga ‘like så’, ‘like eins’, altså i praksis det same som ‘i tillegg’ (auk) («eg reiste også»).

I moderne norsk tyder eg også og også eg nett det same som det reinskorne eg òg. Valet handlar ikkje om tyding, men om dialektgrunnlag, setningsrytme (plassering i setninga), stil og språkøkonomi.

Tilhøvet og valet mellom dei tre synonyma i tale og skrift

I norsk har dei gamle korte variantane òg og au stått sterkare enn i dansk, både i dialektane og i bokmålsnær tale. Men òg og au er under press, både i tale og skrift.

Også har alltid vorte nytta på nynorsk attåt dei korte variantane. Men bruken av også har auka veldig dei seinare åra. Sjølve auken tyder på bokmålspåverknad, direkte eller indirekte (såkalla frekvenslån). Det kan vera tale om både påverknad på talemålet og direkte omsetjing av tekst (ikkje minst maskinomsetjing).

Kva skal ein så rekna som best av også, òg og au? Det er ei smakssak. Har ein sans for det korte og fyndige, vel ein einstavingsorda. Men alle variantane er korrekte nok. Merk likevel at «kunstig» plassering av orda – som ein oftast finn ved bruk av også – ikkje er god stil i nynorsk. Sjå neste bolk om plassering i setninga.

Sidan òg kan skrivast so på nynorsk (med valfri uttale /so/ eller /så/), har vi òg forma ogso. Dei som har skrive so med o opp gjennom åra, har brukt kortvariantane òg og au mest; difor kan varianten ogso verka avstikkande både i tradisjonell og bokmålsnær nynorsk, av ulike grunnar. Men ogso er ikkje gale for det, om ein berre plasserer ordet rett i setninga.

Plassering i setninga

I talemålet plasserer ein også, òg og au fleire stader, helst rett etter verbalet, rett etter ordet det står til, eller heilt til slutt i setninga. Ein vel gjerne det som gjev best flyt. Trykk og tonegang hindrar mistyding.

I skriftmålet set ein ofte desse småorda rett føre orda dei står til, på strengt logisk, men meir eller mindre kunstig vis. Det gjev meir opphakka språk, men det må stundom til for å avverja mistyding.

Råd: Bruk den naturlege, munnlege ordlegginga òg i skrift der det ikkje er fare for mistyding, den logiske elles. (Tolk «fare for mistyding» som verkeleg fare, ikkje teoretisk fare.) Legg forresten merke til den unaturlege ordlegginga framanfor i dette avsnittet; motivet er å motverka lesemåten «òg der». Kanskje ville omskriving ha vore betre: «Bruk den naturlege, munnlege ordlegginga i skrift òg, vel å merka der det ikkje er fare for mistyding. Bruk den logiske berre når det er fare for mistyding.»)

Du bør likevel ikkje i noko tilfelle setja òg eller au fremst i setningar, til dømes slik: «Òg eg vart glad for det». Det kling kunstig. Her bør du skriva om. (På god nynorsk set ein heller ikkje også fremst på denne måten, og i alle fall ikkje ogso eller au.)

Nokre døme på ytringar med òg (understreking står for trykk i talemålet):

  • Vi vil òg vera med. / Vi vil vera med òg.
    • Stivare: Vi òg.
    • Stivast: Også vi.
    • Umogleg: Òg vi.
  • Ho hadde vore der òg.
    • Stivare: også der.
    • Umogleg: òg der.
    • Betre på nynorsk, om det trengst: Der òg hadde ...
  • Fanden òg!
    • Umogleg: Også/Òg fanden!
  • Skitt au!
    • Ingen kommentar.

Som sagt: Ein treng ikkje skriva om til noko stivare dersom meininga eigentleg ikkje kan mistydast i samanhengen.

Uttale

Variantane òg (medrekna uttalevariantar) og au har til saman dekt det meste av landet.

Òg blir truleg dei fleste stader uttalt som eit trykksterkt og, altså som /å/. I mange dialektar har konsonanten likevel halde seg, og somme stader kan dei til og med ha uttale med trong o (ó) i staden for open o (ò). Aksenten over òg kan lesast både som eit signal om open o (= /å/) og som markering av trykk.

Au blir uttalt rett fram slik au elles blir uttalt i dialekten (oftast eu/æu/øu).

I naturleg tale heiter også helst /åsså/. Det gjeld òg vanleg uttale av nynorsk og bokmål.

Anna slags og + så

kan òg tyda ‘deretter’. Vi bruker alltid når det er tale om tidsfølgje, som i

Ho reiste fyrst, og så eg

– men dette er eit anna uttrykk, som vi skriv i to ord. Rein sideordning er òg noko anna:

Ho og eg reiste fyrst

Her har vi vanleg og utan aksent.

Somme, kanskje helst born, brukar stundom også eller og så trykksvakt på line med og (som i «mamma åsså pappa»), men det har ikkje nokon plass i skriftmålet. Det finst òg dei som brukar også som infinitivsmerke («har tenkt åsså reise»), med det blir rekna som like gale.

Kan ein bruke kva gjeld på nynorsk, til dømes «Kva gjeld kvaliteten, er den lågare enn venta»?

Svar

Det er ikkje ulovleg, men det er heller ikkje god nynorsk. Det er ei direkte omsetjing av bokmålsuttrykket hva gjelder, som ikkje alle bokmålsbrukarar likar så godt heller.

Ein grei tekstbindar er når det gjeld. I dømet du nemner, kan ein kanskje til og med gå rett på sak utan tekstbinding: «Kvaliteten er lågare enn venta.»

I spørsmål er kva gjeld sjølvsagt greitt: «Kva gjeld denne saka, eigentleg?»

Kva heiter FN på nynorsk?

Svar

På nynorsk kan ein velja fritt mellom forkortingane SN og FN, men det fulle namnet er Dei sameinte nasjonane.

Det er vanskeleg å gjera alle forkortingane i eit mindretalsspråk godt kjende i heile språksamfunnet. Ein har opna for bruk av FN på nynorsk mellom anna for at bokmålsbrukarar straks skal forstå tekstar der berre forkortinga er brukt.

I tekstar der ein har høve til å skriva Dei sameinte nasjonane (SN) tidleg i teksten, er det mindre grunn til å bruka varianten FN enn elles.

Kvar gong ein skriv FN, blir det sjølvsagt litt vanskelegare for folk å kjenna att SN i neste omgang.

Tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i denne samanhengen kan jamførast med tilhøvet mellom norsk og engelsk, jamfør forkortingane WTO og WHO for Verdens handelsorganisasjon / Verdshandelsorganisasjonen og Verdens helseorganisasjon / Verdshelseorganisasjonen.

Kva heiter «den amerikanske selvstendighetserklæringen» på nynorsk? Skal det vere stor forbokstav i «den»?

Svar

Det heiter tradisjonelt den amerikanske sjølvstendefråsegna.

Det er òg mogleg å skrive den amerikanske sjølvstendeerklæringa (brukt i trykt tekst sidan 1974). Sjølvstendekunngjering og sjølvstendelysing er like gode ord, men dei har vorte lite nytta i denne nemninga.

Det skal vere liten forbokstav, som du ser.

Kva er skilnaden på desse to orda?

Svar

Røyndomen er det same som røynda i den vanlegaste tydinga av det siste ordet. Det er eigentleg ingen tydingsskilnad. Begge delar svarer til virkeligheten på bokmål.

Dei to substantiva kan ofte brukast om einannan, men dei har òg ulike bruksmåtar. Hovudskilnaden er denne: Røynd er vanlegare i faste uttrykk (som i røynda), medan røyndom dominerer i samansetningar (som røyndomsnær).

Sjå meir i Norsk Ordbok.

Dei to orda kan seiast å stø opp under eit empiristisk syn på verda. Dei er knytte til verbet å røyna ‘erfara; prøva’ og substantivet røynsle ‘erfaring’.

Har kyrkjer, skular og sjukehus faste namn, eller skal ein omsetja namna til den målforma ein brukar elles i teksten? Døme: Oslo domkirke, Helgheim kyrkje, Nordbygda skule og Oslo universitetssykehus.

Svar

Skular (til og med vidaregåande) har berre éi namneform, som vi brukar på både nynorsk og bokmål. Kyrkjer og sjukehus har derimot namn på begge målformer. 

Dette heng saman med tilknytinga til staten. Forskrift om målbruk i offentleg teneste (§ 4) seier at dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform.

Sjukehus

Sjukehusa er no statlege og skal følgja språklova. Kvart sjukehus har dermed to namn: eitt på nynorsk og eitt på bokmål. På nynorsk har alle sjukehusa namn med forma sjukehus. På bokmål kan ein velja mellom sjukehus og sykehus i fastsetjinga av namnet. Når sjukehuset har valt ein variant, bør andre halda seg til den når dei skriv bokmål.

Kyrkjer

Med kyrkjene er det ikkje like opplagt, men konklusjonen er den same: Kvar kyrkje har eit bokmålsnamn (kirke) og eit nynorsknamn (kyrkje).

Den statskyrkja vi hadde fram til 1.1.2017, var ikkje fullt ut statleg. Presteskapet, bispedømma og Kyrkjerådet var statlege, medan kyrkjebygningane var åtte av kvar einskild sokn. Likevel meinte Språkrådet at kyrkjebygningane var så nær knytte til den statlege forvaltninga at namn på kyrkjer burde følgja mållova, såleis at éi og same kyrkje burde heita Nordbygda kirke på bokmål og Nordbygda kyrkje på nynorsk.

Frå 2017 er ingen del av Kyrkja lenger statleg, men det er framleis soknene som eig kyrkjebygningane. Når Den norske kyrkja er vorten eit eige rettssubjekt utanfor staten, gjeld ikkje lenger språklova (før: mållova), men Kyrkja har signalisert at ho framleis tek sikte på å følgja mållova/språklova i verksemda si.

Difor rår Språkrådet til å gjera som før, nemleg å skriva t.d. Nordbygda kirke på bokmål og Nordbygda kyrkje på nynorsk. Det same gjeld Oslo domkirke / Oslo domkyrkje, Mariakirken/Mariakyrkja, Helgheim kirke / Helgheim kyrkje og så bortetter, og vi kan ta med menighet/kyrkjelyd i det same systemet.

Skular

Dei fleste grunnskulane er kommunale, nokre få er private. Dei fleste grunnskulane får såleis namn av kommunen. Namneforma til skulen følgjer opplæringsmålforma, som kommunen har vedteke. Ein kan rekna med at grunnskular med nynorsk opplæringsmål i Vestland fylke har forma skule, men det finst unntak. I Rogaland, Agder, Telemark, Buskerud, Oppland og i Møre og Romsdal varierer det. I Trøndelag har grunnskular forma skole.

Dei vidaregåande skulane er som regel fylkeskommunale. Somme skular med namn på nynorsk har forma skule, andre har skole. Begge nynorskformene kan finnast i eitt og same fylket. Den forma som ein skule har valt å bruka i namnet, bør brukast i nynorske tekstar som nemner denne skulen.

Namn på grunnskular og vidaregåande skular bør ein altså skriva slik skulane gjer sjølve, same kva målform teksten har. Statlege høgskular og universitet har anten namn som er sams for målformene, eller to namneformer.

Hva er egentlig forskjellen på en utredning og en utgreiing?

Svar

Ordene utgreiing og utredning viser stort sett til det samme fenomenet.

Verbet å utrede har vi fra skriftfellesskapet med dansk, mens å greie ut er særnorsk. Derfor brukes utgreiing konsekvent i nynorsk. På bokmål står utrede og utredning fremdeles sterkt, som i tittelen på serien Norges offentlige utredninger. Når vi på skolen sier grei ut om dette, men i byråkratiet (oftere) utred dette, forteller det mer om hvor vi er, enn hva vi gjør.

Når vi greier ut noe konkret (som hår), gjør vi det mindre flokete og mer oversiktlig. Jamfør også å greie garn eller å greie opp i ting. Å greie ut noe abstrakt (en sak) går ut på det samme.

Å utrede er det samme som å rede ut ‘bringe klarhet i’. Å rede ut har blitt uvanlig. Det er vanskelig å få tak på innholdet i selve verbet rede i uttrykket rede ut hvis vi holder det sammen med andre norske ord. Vi forstår det bedre når vi går til danske ordbøker:

rede ‘føre en kam eller børste (evt. fingrene) gennem håret så det sidder eller ligger pænt’.

Rede i den «konkrete» betydningen er altså rett og slett å greie (eller gre) på vanlig norsk.

Vi har også en særnorsk variant med samme opphav, nemlig å reie ut, men det betyr noe annet, nemlig å utstyre eller klargjøre (jf. skipsreder, nynorsk skipsreiar). Vi finner det samme ordet i uttrykket å re(ie) opp (senga).

Substantivet greie kan bety ‘orden, skikk; klarhet; kunnskap’, omtrent som rede:

En skjematisk oversikt til slutt:

NYNORSK

greie opp i noe

greie garn

greie (ut) hår

greie ut saker

utgreiing

gjere greie for

ha greie

greie
---
reie ut (utstyre, klargjøre)

reie opp

BOKMÅL

greie opp i noe

greie garn

gre(ie) (ut) hår

greie ut saker, utrede saker

utgreiing, utredning

gjøre greie for, gjøre rede for, redegjøre for

ha greie

greie på / få rede
---
re(ie) ut (sjelden i denne bet.), utrede (foreldet)

re opp (sjelden: reie)

Kan den i dag brukast i nynorsk i tilfelle som desse?

Har du høyrt denne songen før? Nei, eg har aldri høyrt han (den).
Har du høyrt denne visa før? Nei, eg har aldri høyrt ho/henne (den).

Svar

Prøv å la vere å bruke den (åleine) trykklett. Eit den som viser tilbake til noko, er i tradisjonell nynorsk trykksterkt. For dei som er vane med dette, luggar det når det viser seg at den skulle lesast utan sterkt trykk. Bruk helst han og ho i slike tilfelle som du nemner.

«Han» viser til alle slags hankjønnord (på -en) og «ho» til alle slags hokjønnsord (på -a). Er du interessert i bakgrunnen for dette, kan du lese vidare.

Kva med den, då?

Ofte er det einaste rette å bruke «den». Etter gammalt er det då trykk på ordet, både i nynorsk og i dei fleste dialektar. Ordet er brukt påpeikande (demonstrativt). Vi kan godt setje inn den i døma dine ovanfor, men då endrar meininga seg. Med den kallar vi fram ein kontrast til ein annan, som i «Nei, eg har aldri høyrt den, men eg har høyrt ein annan av den same songaren». Eit anna døme: «Eg såg ein ny film i går. Han var ikkje så verst» kontra «Eg såg ein ny film i går. Den var god, den!».

Det er òg rett med «den» dersom det kjem eit «som» eller ein preposisjon etterpå.

Det tradisjonelle systemet med han/ho

Dei fleste dialektar har tradisjonelt eit system der ein viser tilbake til eit nyleg nemnt han- og hokjønnssubstantiv ved hjelp av han og ho/henne. Desse pronomena har mange former i dialektane. Sidan dei er trykklette, blir dei gjerne til '(a)n og 'o eller 'u (for hu). Henne blir mange stader til 'ne. Andre stader kan det heite berre 'a i hokjønn (av eit eldre hana). Der kan døma dine lyde slik: «… aldri hørt 'n / aldri hørt 'a».

Somme dialektar (særleg bymål) har hatt han/ho om konkrete, kjende og vanlege ting, men gjerne den om visse abstrakte og framande ting. I nynorsk kan han/ho like godt vise til heilt abstrakte ting, men den har ein tendens til å gjera seg meir gjeldande ved typiske skriftmålsord som er innlånte i dialekten.

Merk elles at ord i naken (ubøygd) form tek det: «Trening er bra for deg. Det kan vere moro òg.» Altså ikkje ho. Men: «Treninga er utsett fordi ho kolliderte med eit arrangement.»

Norsk referansegrammatikk (1997, s. 327) framhevar det tradisjonelle systemet:

System under press

Det tradisjonelle systemet i dialektane er rett nok under press, men er framleis eit viktig kjennemerke for dei fleste norske målføre. Det har vore ein viktig del av trekjønnssystemet.

Tilbakevisande han/ho har heilt fram til dei siste tiåra vore eit sjølvsagt trekk i bruksnynorsken òg, jamvel om det alltid har vore litt slinger i valsen. Den aukande bruken av den i slike konstruksjonar kjem i siste instans frå skriftmål (historisk sett dansk skriftmål), og det er ikkje stilidealet i nynorsk.

At det er mykje vakling i dag, er ikkje grunn god nok til å endre rådet mot å bruke den. Både trekjønnssystem og tradisjonelt munnleg språk er framleis viktige ideal for nynorsken. På den andre sida kan ein ikkje rekne overdriven den-bruk som ein alvorleg feil som bør trekkje elevarbeid mykje ned. Det ville vere urettvist når fleire nynorskforfattarar og -institusjonar faktisk har gått bort frå trekjønnssystemet på dette punktet.

Bonus med han/ho: færre tvilstilfelle

Der den kan vise til fleire ulike ord i teksten føre, kan han eller ho i mange tilfelle gjere teksten meir eintydig. Døme: «Før du byter fela mot gitaren, må du sjå om den er heil.» Han eller ho?

I somme tilfelle kan det vere omvendt, det vil seie at han eller ho kan mistydast som tilvising til ein person. Dersom det er vanskeleg å skrive om, må ein då kunne bruke den som naudløysing òg innanfor det tradisjonelle systemet, særleg om det gjeld ein abstrakt ting. Men ein bør la vere dersom forvekslingsfaren er mest teoretisk.

Rådgjevinga

Boka Råd om språk fra Norsk språkråd (Cappelen, 1983) seier at regelen står ved lag og blir nytta i samband med godkjenning av skulebøker. Norsk språkråd gjorde i 1985 dette vedtaket (her frå side 17 i årsmeldinga for 1985):

Kva tyder uttrykket «brann i rosenes leir», og kva heiter det på nynorsk?

Svar

Det tyder ‘stort oppstyr der det elles er idyllisk og fredeleg’, jamfør Bokmålsordboka.

Uttrykket står ikkje i Nynorskordboka (per 2017), men kan nyttast i nynorsk. «Brann i roseleiren» og «brå slutt på idyllen» er andre alternativ.

Opphavet til uttrykket er Henrik Wergelands eventyr «Røde og graa Dompaper» frå 1844. Innleiinga står nedanfor. Resten av historia er mildt sagt vanskeleg å samanfatta, så klikk gjerne på lenkja ovanfor og ta ein titt sjølv.

Bør det heite tilhøyrigheit, tilhøyrsle, tilhøyring eller tilhøyrigskap? Kva med samhøyrigheit og så vidare?

Svar

Alt er mogleg, i tillegg til det å høyre til/saman. Særleg samhøyr og tilhøyrsle er godt innarbeidde ord.

Kortord

Sjølv om danskane skriv samhørighed, nøyer dei seg gjerne med tilhør. Tilhøyr er ikkje så vanleg, men slike kortformer høver like godt i nynorsk som i dansk (jamfør tolmod for tålmodighet). Samhøyr er godt innarbeidd om ting som høyrer saman.

I Nynorskordboka er begge orda tekne inn, slik:

samhøyr n1 det å vere samhøyrig nasjonalt samhøyr
tilhøyr n1 (av høyre til) tilhøyrsle

Suffikset -sle

Tilhøyrsle tyder tradisjonelt noko anna, nemleg ‘det som høyrer til noko’, tilbehør. Nynorskordboka har snudd om på det, slik:

tilhøyrsle/tilhøyrsel det å høyre til el. saman med noko(n) politisk tilhøyrsel / òg: det som høyrer til

I samband med religion er det (religiøs) tilhøyrsle som har vore mest brukt i bøker og aviser, frå 1971 av. Gruppetilhøyrsle har òg vore nytta i mange bøker (sjå nb.no).

Samhøyrsle er innarbeidd, men for samhørighetsfølelse er samkjensle det beste (dette ordet kan òg brukast om sympati).

Suffiksa -ing og -skap

Tilhøyring og samhøyring er mindre brukt, men ikkje gale. Samhøyrigskap har vore brukt litt, tilhøyrigskap snautt i det heile. Det er vanlegare å bruke -heit enn -skap.

Verbal seiemåte

Ofte kan det vere like greitt å skrive (kjensla av / det) å høyre til eller saman med noko.

I andre Mosebok 24,6 stod det før at Moses skvette paktblodet på folket; i den siste omsetjinga står det at han stenka blodet. Eg tel no 25 tilfelle av stenking i Det gamle testamentet, mot 0 før. Stenke er eit markert bokmålsord. Kvifor er ordet skvetta «degradert»?

Svar

Vi kjenner ikkje detaljane i arbeidet med bibelomsetjingane, så vi kan ikkje gje noko fullgodt svar. Stenka vart godkjent i nynorsk i 1984, men du har rett i at det kjem frå bokmål. Det har vore fint lite nytta i nynorsk før, for å stenke har heitt å skvetta eller skvette i alle dialektar som nynorsken byggjer på, nett som et stenk har heitt ein skvett.

Skvetta er konsekvent nytta i tidlegare bibelomsetjingar til nynorsk og står framleis tjue gonger i den nye omsetjinga frå 2011. Slik er utviklinga:

bokmål sprenge (omsetjinga frå 1930)
nynorsk skvetta (omsetjinga frå 1938)

> bokmål stenke (omsetjinga frå 1978)

> bokmål stenke/skvette (omsetjinga frå 2011)
> nynorsk stenka/skvetta (omsetjinga frå 2011)

Skvette har altså kome inn i bokmål samtidig som stenka har kome inn i nynorsk. Med eitt unnatak (Esekiel 43,18) er det samsvar mellom målformene. Men samsvaret manglar grunnlag i nynorsktradisjonen.

To ulike ord i sjølve Bibelen

Vekslinga mellom stenking og skvetting er rett nok ikkje heilt tilfeldig; ho svarar nokolunde til eit skilje i grunnteksten mellom to ulike hebraiske ord.

Men dette skiljet er ikkje så viktig at det er reflektert i alle omsetjingar til nærskylde språk. Engelske biblar har stort sett sprinkle utan omsyn til samanhengen, og tyske har sprengen. Både i eldre og nyare danske omsetjingar kan vi finna stænke brukt utan skil. Kor som er, handlar det om rituell skvetting av blod, olje eller vatn.

I dei danske omsetjingane som skil mellom verba, ser det ut til at stænke er nytta om lag der dei norske har skvetta, og sprænge der dei norske har no har stenka. Det er litt pussig med tanke på at norsk stenking har rot i dansk.

Merk elles at ein ikkje automatisk skal bruka ulike ord i ei omsetjing der kjeldeteksten har ulike ord. Det avgjerande er om målspråket (det ein omset til) til vanleg skil på same måte som kjeldespråket gjer. Ein innfører ikkje variasjon berre fordi det er teknisk mogleg.

Stenking i dansk og norsk

Stenke har same rot som norrønt støkkva, men det kjem ikkje av støkkva, slik somme ordbøker hevdar. Støkkva vart til støkkja, som ikkje blir nytta om væske som skvett. Til det har vi nettopp verbet å skvetta.

I dansk er skvætte mykje mindre brukt om skvettande væske; til dømes er å skvetta vatn på gåsa = at slå vand på en gås. I Knud Leems samling av norske dialektord frå 1700-talet måtte skvette forklarast for danskspråklege lesarar, slik:

I Nynorsk etymologisk ordbok frå 1919 (med forklaring på riksmål) måtte ordet skvetta framleis forklarast med stænke:

Brot med nynorsk bibelmål

Dansksprega ord og former i norsk har alltid vore rekna som finare eller meir høgtidlege enn tilsvarande norske. Noko av meininga med nynorsken, og ikkje minst med dei tidlegare bibelomsetjingane, har vore å setja dette systemet ut av spel. Dersom motivet for innføring av stenking er stilistisk, er det eit tydeleg brot med tidlegare bibelomsetjing til nynorsk. Det å innføra stenking om ei viss form for skvetting i den nynorske bibelteksten har om lag same stilistiske verknad som innføring av *spising om ei viss form for eting. Eit liknande grep er innføringa av klipper i nynorskbibelen (for berg/fjell og andre namn på slike formasjonar som vi finn i norske stadnamn).

Vekslinga mellom stenking og skvetting i 2011-omsetjingane fylgjer ikkje nokon klår stilistisk logikk, så stilvekslinga (eller stilbrotet) er nok ikkje tilsikta. Det er truleg berre ein biverknad av freistnaden på å gje att eit skilje mellom to ulike ord i grunnteksten.

Kva er kløyvd infinitiv, eigentleg? Kan ein framleis nytta det i skrift? Kvar finn eg opplysningar om kva verb som skal ha a-ending i dette systemet?

Svar

Det finst tre måtar å handtera infinitivsendingar på i nynorsk: 1) gjennomført a-infinitiv, 2) gjennomført e-infinitiv og 3) kløyvd infinitiv. Det siste vil seia at infinitivane er delte (kløyvde) i to grupper – e-infinitivar og a-infinitivar – etter visse reglar. Dei tre systema kan ikkje kombinerast.

Kløyvd infinitiv er ein særskild historisk framvaksen kombinasjon av a- og e-former (døme: å vera, men å finne), sjå «Historisk bakgrunn» nedanfor. Systemet er ikkje forklart i ei handvending, så ein må ta seg litt tid og setja ned lesefarten.

Ein artikkel om kløyvd infinitiv i skriftnormalane finn du på nettsidene til Språkrådet. Ei anna utgreiing står i Ny rettskriving for 2000-talet, kapittel 3.4.1 Infinitiv.

Ei liste med dei verba som skal ha a-infinitiv, er sett inn heilt til slutt nedanfor.

Stillinga i skriftnormalane

Bokmål har no berre e-infinitiv. Kløyvd inifinitiv var sideform (altså ikkje til bruk i lærebøker eller i statstenesta) i bokmål frå 1938 til 2005. I nynorsk vart kløyvd infinitiv nytta (med ein slags sideformstatus) fram til 1938, då det vart jamstilt form. I 1959 vart det sideform, og i 2012 vart det jamstilt att.

Det geografiske grunnlaget

Kløyvd infinitiv er eit austnorsk målmerke med grunnlag i gamalnorsk. Det aller meste av Austlandet, jamvel Oslo, har til nyleg hatt mykje kløyvd infinitiv, og restar av systemet finst framleis i folkeleg oslomål (jf. vær(r)a og gjør(r)a).

Det historiske grunnlaget (OBS: krev konsentrasjon!)

I gamalnorsk hadde verb a-infinitiv. Rotvokalen (vokalen inni ordet) var anten stutt (som i-en i lifa ‘leva’) eller lang (som i skrífa ‘skriva’). Som du ser, er lang vokal markert med aksent.

Langstava verb er verb med lang vokal, dobbel konsonant eller begge delar. I slike verb vart endinga etter gamalnorsk tid redusert til -e i austnorsk. I trøndersk forsvann han heilt (såkalla apokope). Stuttstava verb hadde etter måten mindre tyngd i rota og dermed meir jamvekt mellom stavingane. I desse stuttstava jamvektsorda heldt a-endinga frå gamalnorsk seg.

Sidan har vi hatt ei såkalla kvantitetsomlegging, som stutt sagt inneber at alle verb i moderne norsk er langstava (har lang rotstaving). Etter denne omlegginga kan uttalen av rota (altså lengda) ikkje lenger fortelja oss om eit verb skal ha a- eller e-infinitiv.

Nokre knaggar

Det ein treng for å læra seg kløyvd infinitiv skikkeleg, er anten

1) kjennskap til eit eller helst fleire austlandsmålføre,
2) kunnskap om skrivemåten i gamalnorsk, eller
3) ei liste med verba som skal ha a-infinitiv (sjå til slutt nedenfor)

Ein kan òg koma eit stykke på veg med å granska rotvokalar og talet på konsonantar mellom rotvokalen og endinga. Her nokre tommelfingerreglar:

A-ending finn vi særleg i gamle heimlege verb som i nynorsk kan skrivast med rotvokalen

  • -a-
  • -e- (så sant e-en ikkje var lang i gammalnorsk)
  • open -o- (dvs. o med å/ø-uttale)
  • open -i- (dvs. i-ar av det slaget som blir til e i mange dialektar)
  • open u (dvs. i-ar med utbreidd o-uttale)

+ éin konsonant føre endinga.

Det gjeld altså desse vokalane føre enkel konsonant:

a: laga, aka, mata, fara, hata, gala, skapa
e: bera, drepa, gjera, eta, lesa, leva, sela, skjera, spela, vera, veta (= vita)
o med å/ø-uttale: bora, lova, koma (og dermed komma), moka, skoda, sova, tola
open i og open u: vita, skipa; duna, muna

Fleire døme finn du i lista til slutt. (Ingen av orda på lista har utbreidd trong uttale av i, e, u eller o.)

Verb med ein enkelt konsonant + j rett føre endinga får tradisjonelt helst -a:

byrja, delja, fremja, lepja, remja, selja, sitja, setja, skilja, spørja; dessutan seia og teia

Dette gjeld ikkje alle dialektar med kløyvd infinitiv, men ein bør halda seg til lista.

To konsonantar føre j-en gir derimot e-infinitiv:

byggje, syngje, leggje, liggje, trekkje osv.

Men merk at liggje og leggje mange stader blir liggja og leggja, truleg etter mønster frå sitja og setja.

Liste frå «Ny rettskriving for 2000-talet»

Lista er ikkje fullkomen. Mellom anna vantar leva og vitja – som skal ha a-ending. Det vantar òg fleire samansette verb. Samansette verb (som fortelja) får same ending som det usamansette verbet.

 

Kva er det rette landsnamnet på nynorsk? Vart det endra i samband med 2012-rettskrivinga?

Svar

Namnet er framleis Noreg i offisiell nynorsk.

I Språknytt 2/1999 og 2/1974 kan du lese meir om bakgrunnen.