Hopp til hovedinnhold

Viser til eller syner til?

Spørsmål

Eg skriv helst syner i staden for viser på nynorsk, som i «det syner seg at det er best». Men når det handlar om å referera til noko, skriv eg viser til. Er det rett?


Svar

Ja, det er heilt rett å visa til noko på nynorsk.

Det er bra å skriva syna, men visa er òg eit nynorskord. Visa er ofte jamgodt med syna – og somme tider betre.

I uttrykket med til er det best å bruka visa. Det heitte at vísa til alt i gamalnorsk. Det er altså ingen inkonsekvens å skriva visa til, men elles syna.

I uttrykket visa bort (jf. utvisa) er visa heilt obligatorisk.

Ein må ikkje gløyma at begge verba har e-bøying:

å syna/syne – syner – synte – har synt
å visa/vise – viser – viste – har vist

Det er altså gale å skriva *synar og *visar i presens!

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.