Svar
Skular (til og med vidaregåande) har berre éi namneform, som vi brukar på både nynorsk og bokmål. Kyrkjer og sjukehus har derimot namn på begge målformer.
Dette heng saman med tilknytinga til staten. Forskrift om målbruk i offentleg teneste (§ 4) seier at dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform.
Sjukehus
Sjukehusa er no statlege og skal følgja språklova. Kvart sjukehus har dermed to namn: eitt på nynorsk og eitt på bokmål. På nynorsk har alle sjukehusa namn med forma sjukehus. På bokmål kan ein velja mellom sjukehus og sykehus i fastsetjinga av namnet. Når sjukehuset har valt ein variant, bør andre halda seg til den når dei skriv bokmål.
Kyrkjer
Med kyrkjene er det ikkje like opplagt, men konklusjonen er den same: Kvar kyrkje har eit bokmålsnamn (kirke) og eit nynorsknamn (kyrkje).
Den statskyrkja vi hadde fram til 1.1.2017, var ikkje fullt ut statleg. Presteskapet, bispedømma og Kyrkjerådet var statlege, medan kyrkjebygningane var åtte av kvar einskild sokn. Likevel meinte Språkrådet at kyrkjebygningane var så nær knytte til den statlege forvaltninga at namn på kyrkjer burde følgja mållova, såleis at éi og same kyrkje burde heita Nordbygda kirke på bokmål og Nordbygda kyrkje på nynorsk.
Frå 2017 er ingen del av Kyrkja lenger statleg, men det er framleis soknene som eig kyrkjebygningane. Når Den norske kyrkja er vorten eit eige rettssubjekt utanfor staten, gjeld ikkje lenger språklova (før: mållova), men Kyrkja har signalisert at ho framleis tek sikte på å følgja mållova/språklova i verksemda si.
Difor rår Språkrådet til å gjera som før, nemleg å skriva t.d. Nordbygda kirke på bokmål og Nordbygda kyrkje på nynorsk. Det same gjeld Oslo domkirke / Oslo domkyrkje, Mariakirken/Mariakyrkja, Helgheim kirke / Helgheim kyrkje og så bortetter, og vi kan ta med menighet/kyrkjelyd i det same systemet.
Skular
Dei fleste grunnskulane er kommunale, nokre få er private. Dei fleste grunnskulane får såleis namn av kommunen. Namneforma til skulen følgjer opplæringsmålforma, som kommunen har vedteke. Ein kan rekna med at grunnskular med nynorsk opplæringsmål i Vestland fylke har forma skule, men det finst unntak. I Rogaland, Agder, Telemark, Buskerud, Oppland og i Møre og Romsdal varierer det. I Trøndelag har grunnskular forma skole.
Dei vidaregåande skulane er som regel fylkeskommunale. Somme skular med namn på nynorsk har forma skule, andre har skole. Begge nynorskformene kan finnast i eitt og same fylket. Den forma som ein skule har valt å bruka i namnet, bør brukast i nynorske tekstar som nemner denne skulen.
Namn på grunnskular og vidaregåande skular bør ein altså skriva slik skulane gjer sjølve, same kva målform teksten har. Statlege høgskular og universitet har anten namn som er sams for målformene, eller to namneformer.