Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Uttalen av medan og sidan

Spørsmål

Korleis uttalar ein orda medan og sidan på nynorsk?


Svar

Den tradisjonelle leseuttalen er /mean/ og /sian/.

Dei fleste d-ar mellom vokalar og til slutt i ord etter vokal er stumme. Dette gjeld vel å merke gamle norske ord, ikkje importord.

I gammalnorsk hadde desse orda stungen d (uttalt som th i engelsk the). Det er mange hundre år sidan dei stungne d-ane fall bort i norsk. Dei overlevde berre – og då i form av vanleg d – på delar av Nord-Vestlandet. (Vi ser her bort frå bokmål og spreidde ord i ymse dialektar.)

Når folk som ikkje er sunnmøringar eller nordfjordingar, les ord som med, medan, sidan, sida, tida og nedanfor med hard d på nynorsk, må det reknast som skriftuttale, og det har ikkje vore tilrådd.

I mange dialektar har n-en òg falle bort (slik at det heiter /mea/ og /sia/), men ein plar ta med n-en når ein les nynorsk høgt. Det finst elles mange fleire meir særmerkte dialektformer, som til dømes /sea/, /sio/ og /mende/.

Medan har synonyma mens (som i bokmål) og dessutan kortvarianten med /me/, som var meir utbreidd enn medan på Ivar Aasen si tid.

Hugs at det heiter ved sida av, uttalt ve sia a(v) utan n til slutt! Dette uttrykket har ingenting med adverbet sidan å gjera. Sida /sia/ er her bunden form av ei side /ei sie/.

Fant du det du lette etter?