Svar
Alt er mogleg, i tillegg til det å høyre til/saman. Særleg samhøyr og tilhøyrsle er godt innarbeidde ord.
Kortord
Sjølv om danskane skriv samhørighed, nøyer dei seg gjerne med tilhør. Tilhøyr er ikkje så vanleg, men slike kortformer høver like godt i nynorsk som i dansk (jamfør tolmod for tålmodighet). Samhøyr er godt innarbeidd om ting som høyrer saman.
I Nynorskordboka er begge orda tekne inn, slik:
samhøyr n1 det å vere samhøyrig nasjonalt samhøyr
tilhøyr n1 (av høyre til) tilhøyrsle
Suffikset -sle
Tilhøyrsle tyder tradisjonelt noko anna, nemleg ‘det som høyrer til noko’, tilbehør. Nynorskordboka har snudd om på det, slik:
tilhøyrsle/tilhøyrsel det å høyre til el. saman med noko(n) politisk tilhøyrsel / òg: det som høyrer til
I samband med religion er det (religiøs) tilhøyrsle som har vore mest brukt i bøker og aviser, frå 1971 av. Gruppetilhøyrsle har òg vore nytta i mange bøker (sjå nb.no).
Samhøyrsle er innarbeidd, men for samhørighetsfølelse er samkjensle det beste (dette ordet kan òg brukast om sympati).
Suffiksa -ing og -skap
Tilhøyring og samhøyring er mindre brukt, men ikkje gale. Samhøyrigskap har vore brukt litt, tilhøyrigskap snautt i det heile. Det er vanlegare å bruke -heit enn -skap.
Verbal seiemåte
Ofte kan det vere like greitt å skrive (kjensla av / det) å høyre til eller saman med noko.