Har de eit godt nynorskord for anskaffelsesprotokoll? Heiter anskaffelse verkeleg anskaffing på nynorsk? Kvifor står i så fall ikkje anskaffe i Nynorskordboka?
Innkjøpsprotokoll bør brukast så langt det rekk. Anskaffing står i Nynorskordboka og er brukt ein del, det same gjeld nyskaffing (men ikkje innskaffing, som ein òg kunne tenkt seg). Der innkjøp er dekkjande, tilrår vi likevel det.
Nynorsk har som kjent halde an-, be-, het- og else-ord unna der det finst jamgode synonym. I nynorsk er det vanleg å skriva at ein skaffar seg noko (før gjerne: rår seg til noko) eller at ein skaffar noko til vegar. Men verbalsubstantivet skaffing dekkjer ikkje så godt. Det er nok difor det er anskaffing og å skaffa (skaffe) som står i Nynorskordboka. I samband med anskaffing i verksemder må ein likevel kunna bruka verbet anskaffa der kjøpa (inn) og skaffa ikkje dekkjer. Det same gjeld substantivet (ein) anskaffar.
Send oss gjerne opplysningar om korleis omgrepet anskaffelse blir handtert på nynorsk på din arbeidsplass.
Kan ein omsetje det engelske usability (i dømes usability testing) til brukbarheit på nynorsk? Usability testing går ut på å finne ut kor brukande til dømes grensesnittet på nettsider er.
Endå brukbarheit ikkje står i Nynorskordboka, kan det brukast på nynorsk når det ikkje høver med adjektiv som brukande og brukarvenleg. I visse samanhengar er ordet brukarvenleg eller brukarvenlegheit. Usability testing blir gjerne omsett med brukartesting.
På nynorsk brukar ein som kjent sjeldnare abstrakte substantiv enn i bokmål, og særleg når substantivet endar på -heit eller -else. For adjektivet brukbar har ein dessutan nytta å vera brukande, brukeleg e.l.
I staden for å skrive om t.d. abstrakte substantivs brukbarheit skriv ein såleis heller om kor brukande dei er eller kor mykje gagn det er i dei – eller beint fram om dei duger.
Eit nærsynonym for brukbarhet på bokmål er brukervennlighet. Brukarvenlegheit kan òg nyttast på nynorsk når ein ikkje kan greie seg med adjektivet brukarvenleg (jf. termbasen Snorre). Men det finst òg noko som heiter brukervennlighetstesting (dansk brugervenlighedsafprøvning, svensk användbarhetstestning), som skal vera det same som usability testing. Det er ikkje så brukarvenleg at det gjer noko. På Wikipedia ser det ut til at brukartesting ofte kan brukast i staden. Statistisk sentralbyrå nemner òg funksjonalitetstest.
Å berøre kan på nynorsk heite å røre ved eller beint fram å ta på. Men kva heiter det å vere berørt av abstrakte ting som planar, tiltak og vedtak på nynorsk? Det heiter vel ikkje å vere rørt eller rørd, som somme skriv?
Nei. Rørte partar er tullenynorsk. Ein bør heller skrive berørte om ikkje noko anna høver. Men ofte finst det gode alternativ.
Å berøre er ikkje eit av dei orda som kan takast inn i nynorske ordlister, men det er eit ord ein ofte kan ha bruk for. I overførd tyding bør berørt absolutt ikkje omsetjast med rørt. Det kunne i teorien heitt *vedrørte partar, men det er ikkje innarbeidd.
Det finst ikkje ein einskild ekvivalent.
I mange tilfelle kan det høve med råka (jf. ramma), men ofte blir det for sterkt og direkte. At du er berørt av ei sak, kan tyde at saka vedkjem/gjeld deg, eller at saka får følgjer/verknad for deg.
Diverre finst det ikkje ein passivvariant av dei nemnde uttrykka (til dømes er du ikke *vedkomen). Vi må ty til andre uttrykk. Av og til høver involvert i, andre gonger påverka av eller utsett for. Somme tider kan ordet strykast, som i berørte partar i saka.
Hva vil være korrekt nynorsk for bokmål utstede og utstedelsesdato? Det dreier seg om tekst på noen offentlig utstedte attester.
For utstede kan en bruke både skrive ut, ferde ut og utferde på nynorsk. Vi vil rå deg til å bruke utskrivingsdato for utstedelsesdato.
Noen spør om det ikke ligger noe mer autoritativt i utstedelse enn i det mer generelle utskriving, men oftest vitner dokumenttypen om hva som ligger i utskrivinga. Tre eksempler fra Magne Rommetveits synonymordbok Med andre ord (flere utgaver):
Karl Arne Utgård har i sin Juridisk og administrativ ordliste:
På bokmål er utstede og utferdige delvis overlappende. Utferdige er i utgangspunktet det samme som ferde ut / utferde, men også for utferdige anbefaler Rommetveit og Utgård i noen tilfeller skrive ut og gi.
Kva heiter befolkning og befolkningseksplosjon på nynorsk?
Du kan velje mellom befolkning og folkesetnad. Du kan ev. nytta befolkning berre der ikkje noko anna fungerer. Eksplosjon kan brukast som på bokmål, men vurder gjerne andre ord.
I litt tekniske samanhengar er det ofte best å velja befolkning eller folkesetnad, til dømes endringar i befolkninga/folkesetnaden.
I andre samanhengar kan det ofte vere vel så bra å bruke berre folk eller folket, til dømes: motstand i befolkningen: motstand blant folk (på staden). Men ikkje bruk det ukritisk, for då kan tydinga lett bli ei heilt anna.
Bruk gjerne meir spesifikke ord der det høver. Her er nokre døme på nyansering frå Magne Rommetveits synonymordbok Med andre ord:
verdens befolkning menneska på jorda
fengselsbefolkningen fangane, dei innsette
kystbefolkningen kystbuarane, strandbuarane
landbruksbefolkningen bøndene, gardbrukarane, dei som lever av jorda
lokalbefolkningen folket på staden, bygdefolket, byfolket
sivilbefolkningen dei sivile, sivilfolket
Om du ikkje vel befolkning, finst det fleire alternativ til befolkningseksplosjon, som brå/sterk/eksplosiv folkeauke eller folkesetnadseksplosjon.
Til slutt eit utval andre samansetningar med alternativ (frå Med andre ord):
befolkningskonsentrasjon tett folkesetnad/busetnad; tettbyde område, tettstader
befolkningskontroll kontroll av folketilveksten, fødselsregulering, (ofte:) familieplanlegging
befolkningsmengde folkemengd, folketal
befolkningspress folkevekstpress
befolkningsproblem folkesetnadsproblem, overfolkingsproblem
befolkningsprognose folketalsprognose
befolkningssammensetning folkesetnadsmønster (ofte: aldersfordeling)
befolkningstetthet folketettleik; landet har stor befolkningstetthet er tettfolka, er tett folkesett, har tett busetnad
befolkningsunderlag folketalet (som trengst)
befolkningsutvikling endring i folkesetnaden
Merk særleg:
befolkningsvekst folkeauke, folketilvekst
befolkningsøkning folkeauke
Kva heiter «storhetstid» på nynorsk?
Det heiter stordomstid – og ikkje *storleikstid, som ein stundom ser.
Systemet er enkelt:
stordom = storhet
storleik = størrelse
Kva heiter bloduttredning/bloduttredelse på nynorsk, og kva tyder det, eigentleg?
Bloduttredelse er det at blod «trer» (altså går) ut i vevet og kanskje blir synleg, som blåmerke. Det «trer» altså ikkje heilt ut!
Nynorsk brukar sjeldan verbet å tre, og å trø blir ikkje nytta i overført tyding. Ein må difor vurdera samanhengen og til dømes skilja mellom dei overlappande fenomena blåmerke på leggen og bløding i leggmuskelen. Ordet blåmerke kan godt brukast meir der ein ikkje treng presisering (på line med engelsk bruising).
Før nytta ein òg uttrykket underløpet blod i bokmål, og å vera blodunderløpet. Adjektivet blodlaupen har funnest i nynorsk, men har vore lite brukt.
Tradisjonelt kan bloduttredelse heita blodmelte og daudblod i nynorsk og mange dialektar. Blodmelta er dessutan eit verb (i uttrykk som å blodmelta seg). Orda står i Audun Øyris Medisinsk ordbok, men verkar nok for kraftige for mange. Dei har dessutan forsvunne frå Nynorskordboka.
Dersom ikkje noko av det nemnde høver, kan det kanskje vera freistande å skriva hematom eller noko anna lærd, flott og framandt. Men bløding under huda er meir lesarvenleg (merk at indre bløding er eit vidare omgrep).
Somme mistyder bokmålsordet, sløyfar ein -t- (*blodutredning) og omset til *blodutreiing. Det er heilt meiningslaust.
Eg er nyutdanna politi, men i denne etaten er lite tilpassa ein nynorskbrukar. Særleg vanskeleg er det å handtere ordet anmeldelse når eg skal skrive nynorsk. Eg synest ikkje melding fungerer.
Vi er så vane med anmeldelse at både melding og politimelding kan verke rart. Men melding er rett.
Vi seier jo like gjerne «melde nokon (til politiet)» som «anmelde nokon …», og på folkemunne heiter «levere anmeldelse» gjerne «melde [det] til politiet». Reint teknisk er det òg beint fram ei melding det er tale om. Anmeldelse er ikkje noko anna enn at politiet blir gjort kjent med saka. Ein politimann som er kjend med ei sak, skriv difor ikkje anmeldelse om saka, men ein rapport, seier Karl Arne Utgård i Juridisk og administrativ ordliste.
Melding er slik sett i prinsippet patent, altså i orden. Men eit ord skal helst òg vere kurant, altså i omlaup og innarbeidd. Det kan melding berre bli om politiet nyttar meir nynorsk.
Dette heiter «tingenes internett» på bokmål. Kva bør det heite på nynorsk? «Tingas internett» kling som direkte omsetjing frå bokmål, og «internettet av ting» kling som maskinomsetjing frå engelsk.
Du kan skrive tingnettet (eller tinginternettet).
Somme har òg brukt dingsenettet, men det høver best i uhøgtidlege samanhengar.
Helsevesenet har innført noe de kaller pasientforløp, trolig etter mønster av sykdomsforløp, behandlingsforløp og liknende. En sykdom har jo et forløp, men en pasient kan da ikke forløpe?
Dette er en diskutabel måte å bruke forløp på; sammenhengen mellom det første og det andre leddet i pasientforløp er uvanlig løs.
Her ser vi to relativt nye ord på helseområdet hentet fra Medisinsk ordbok av Magne Nylenna:
pasientforløp betegnelse på den kronologiske håndteringen en pasient får fra første kontakt til avsluttet behandling. Se også behandlingslinje og pakkeforløp.pakkeforløp nasjonalt standardisert og normerende pasientforløp for definerte tilstander (f.eks. ulike kreftsykdommer) som skal gi rask utredning og eventuell oppstart av behandling for å unngå unødvendig ventetid.
Merk også:
behandlingslinje standardisert behandlingsopplegg for en bestemt pasientgruppe der de ulike tiltakene og arbeidsdelingen mellom involverte fagpersoner er forhåndsdefinert. Se også pakkeforløp og pasientforløp.
I pakkeforløp er det logiske forholdet mellom førsteledd og -forløp et helt annet enn i pasientforløp, så det er et ganske pussig ordpar vi har fått her.
Akkurat disse forløpsordene har vi fått fra dansk i nyere tid, og de er også noe i bruk i svensk. På danske nettsider ser vi flere eksempler på «en patients forløb». Mange vil kvi seg for å skrive «en pasients forløp» på norsk, så sammensetningen har ikke noe solid grunnlag hos oss.
Pasientforløpet er på godt norsk den løypa pasienten går gjennom i helsevesenet. På engelsk heter det clinical pathway, patient pathway e.l. Pathway ligger snublende nær løype, som ville vært en frisk og fin metafor på dette området. Pasientløype ville dessuten vært mer logisk enn pasientforløp. Det dekker også linje bra.
På nynorsk er pasientforløp like logisk tvilsomt som på bokmål, og dessuten virker forløp alene mer papirknitrende i denne målformen. Helsevesenet bør bruke pasientløype i nynorsk, uansett hva de velger på bokmål.
Det å bruke forløp på bekostning av enklere ord som gang, er også en lang trend, jamfør en konstruksjon som verdensforløbet i dansk-norsk (for verdens gang). Nedenfor ser vi utviklingsgangen til en annen sammensetning, fra N-gramtjenesten til Nasjonalbiblioteket:
Kva heiter bearbeide og bearbeiding på nynorsk?
Vi kan ofte bruke tilarbeide og tilarbeiding. Bearbeidet blir då tilarbeidd.
Å arbeide med (eller på) er ofte råkande, men diverre er ikkje partisippet medarbeidd lett å bruke. Tilemne (av å emna til) er lite brukt no.
I nokre samanhengar høver det like bra med tilverke og tilverking. Verbet tilverke rekk tradisjonelt vidare i nynorsk enn tilvirke gjer i bokmål, der det gjerne berre er synonymt med framstille og produsere. Men tilvirket/tilverka fisk er gammalt og felles for målformene i same tyding som bearbeidet.
Abstrakt bearbeiding går ofte ut på det same som å ta føre seg noko. Men bokmålsuttrykket å bearbeide følelser er vanskeleg å få has på. Den slags aktivitet er ikkje noko folkemålet etter gamalt har mange uttrykk for, og difor er det ikkje mykje å hente i tradisjonell nynorsk. Vi får kanskje bruke det fyrste uttrykket vi nemnde ovanfor: arbeide med, eventuelt arbeide seg gjennom.
Nedanfor er eit utklipp frå Magne Rommetveits synonymordbok Med andre ord. Merk at bearbeide er litt av ei sekkenemning, og at det innanfor kvart fag gjerne finst fleire meir spesifikke ord (hyponym) for bearbeiding av eit emne eller for delar av prosessen. Bruk det mest presise som er dekkjande i kvar samanheng. (Å arbeide jorda er forresten ei gammal sekkenemning.)
Ikkje vel noko som skurrar. Då er det betre å ty til bearbeiding sjølv om det ikkje står i Nynorskordboka. Og høver det mykje betre å skrive «bearbeide NN» enn å «prøve å påverke NN», er det best å skrive bearbeide.
Merk: Ordet data kan handterast som vitenskapelig materiale i utklippet ovanfor.
Vi held fram med avleidde substantiv og samansetningar med dei:
Kva er skilnaden på resirkulering, gjenvinning, attvinning, gjenbruk og ombruk, og kva heiter upcycling på norsk?
Om vi held oss til nynorsk og til kjeldene vi har sett inn til slutt nedanfor, kan vi koka svaret ned til dette:
attvinning (= ca. resirkulering)
= ombruk + materialattvinning + energiutnytting
upcycling = oppvinning
Men det finst andre måtar å dela det inn på, og då kjem ofte gjenbruk inn i biletet.
Alle prefiksa i desse orda (re-, gjen-, att- og om-) står i praksis for det same: om att. Ein kan òg tolka inn ‘attende/tilbake’ i nokre av dei. Men etymologien til kvart ledd i orda er ikkje avgjerande for bruken i dag. Skal ein forstå kva orda skal tyda, må ein sjå korleis dei har vorte brukte dei siste tiåra. Ingen av orda er særleg gamle i norsk, og noko av variasjonen i ordbruken heng saman med tilhøve i engelsk og dansk.
Studer gjerne avfallspyramiden som er sett inn mot slutten av denne artikkelen, før du les vidare.
Resirkulering er eit vidt omgrep for prosessar som gjer det mogleg å ta produkt/materiale i bruk på nytt slik at det ikkje endar som avfall (bos, søppel) i avfallsdeponi (før kalla fyllingar) eller i naturen. «Sirkelen» det er tale om, er det økonomiske eller økologiske krinslaupet.
Resirkulering kan femna om det meste som er nemnt her, og ligg då nær attvinning i den vidaste tydinga av ordet, men ordet blir òg brukt i trongare tyding om materialattvinning.
Døme på vid definisjon: Resirkuleringsutvalet sin definisjon av avfallsresirkulering frå 1973 og Ordbok for restprodukter og avfallshåndtering frå 1986. Døme på trong definisjon: Wikipedia-artikkelen «Waste hierarchy», der det er skilt mellom recycle og reuse.
Ombruk og gjenbruk har opphav i allmennspråket, der
å bruke noe om igjen = å bruka noko om att
Som ein ser, byggjer gjenbruk og ombruk på ulike element i det same uttrykket (altså om att / om igjen).
(Ein kan skilja mellom ombruk og sjølve attvinningsprosessen førebuing til ombruk, sjå forureiningslova, men vi legg ikkje vekt på det her.)
Ein kan finna gjenbruk brukt både som overomgrep (= resirkulering/attvinning) og som synonym for det trongare omgrepet materialattvinning. Liknande vingling finn ein i dansk, med genbrug (merk at *ombrug ikkje finst i dansk). Ordet gjenbruksstasjon (om mottak for sortert avfall) peikar mot ei vidare tyding, men femner ikkje utan vidare om sjøve attvinninga. Somme reserverer ombruk for å bruka noko om att på same vis og gjenbruk for å bruka det om att til noko anna.
Men samstundes er gjenbruk og ombruk nytta som synonym i fagspråket. På avfallsområdet finn ein mange stader konsekvent bruk av ombruk, som i forureiningslova og i denne rapporten om sirkulær økonomi frå 2020 (s. 3). På andre område (som IKT) har gjenbruk fått mykje meir feste.
Kva går ombruk/gjenbruk ut på? Ein konkret ting som «får nytt liv» på denne måten, kan vera reingjord og istandsett, men han kan ikkje vera omforma til noko anna. Ombruk er altså eit mindre radikalt og ofte rimelegare tiltak enn materialattvinning, jf. avfallspyramiden.
Attvinning (nynorsk) og gjenvinning er reine synonym/ekvivalentar. Grunnlaget er
å gjenvinne noe = å vinna noko att(ende)
Det handlar om å vinna ressursar attende eller å vinna dei ut att, vinna dei ut på nytt, jamfør ordet utvinning. På nynorsk er det betre å bruka det laust samansette vinne att(ende) enn å attvinna, men i partisipp heiter det i alle tilfelle attvunnen, og verbalsubstantivet er attvinning, jamfør til dømes å ta opp (ikkje oppta), men oppteken og opptak.
To former for attvinning er materialattvinning (materialgjenvinning) og energiutnytting (òg kalla energiattvinning eller energigjenvinning eller energiutvinning). I materialattvinninga blir emna oftast brotne ned til andre emne, og ved energutnytting blir dei brende – det er altså berre energien ein vinn ut.
Ja, både Ordbok for restprodukter og avfallshåndtering (sjå nedanfor) og termbasen til Standard Norge må tolkast slik. Attvinning (gjenvinning) blir då overomgrep over ombruk, materialattvinning og energiutnytting.
Somme skil likevel mellom attvinning/gjenvinning på den eine sida og ombruk/gjenbruk på den andre, jf. ei formulering som «gjenbruk og gjenvinning».
Når ein lagar noko nytt av noko gammalt og det nye har høgare kvalitet eller verdi, kan det kallast oppvinning eller oppsirkulering (engelsk upcycling). Det heng nær saman med omgrepa redesign, omsaum og (kreativ) ombruk.
1) «Avfallspyramiden» eller «avfallshierarkiet»:
2) Ordbok for restprodukter og avfallshåndtering (1986):
Gjenbruk er ikkje nemnt i ordboka.
(Merk at ordboka berre handlar om restprodukt og avfall; definisjonane er difor litt for tronge.)
Eg arbeider med planarbeid og har føre meg setninga «Naboar og gjenbuarar vert varsla direkte». Gjenbuar kling ikkje godt på nynorsk. Finst det betre ord?
Ordet gjenbuar har tradisjonelt ikkje vore godteke i nynorsk og er ikkje teke inn i Nynorskordboka (per oktober 2018). Men du kan velja mellom motbuar eller tverrbuar og gjenbuar.
I din samanheng vil kanskje naboar eller grannar dekkja både dei som bur ved sida, og «gjenboerne», altså dei som bur tvers over vegen?
Her er utdrag frå Magne Rommetveits synonymordbok Med andre ord:
gjenbo(er) tverrbuar, motbuar // leiligheter som har fri beliggenhet og er uten gjenboere husvære som ligg fritt til og ikkje har naboar (grannar) på hi sida av gangen (korridoren, gata, vegen) / som ikkje har tverrbuande grannar
Gjenbuar er så mykje brukt at det ikkje er råd å gå imot ordet. Det bør nok inn i Nynorskordboka. Men det er òg greitt å velja motbuar eller jamvel tverrbuar. (Somme er så redde for ordet tverr at dei ikkje eingong vil bruka eit ord som tverrfagleg, men det bør ikkje vega tungt. Tanken på tverre naboar bør ikkje vera ei større komisk hindring enn gjengangar eller gjenverande er for gjenbuarar.)
Merk at somme kan stussa over ein kombinasjon som tverrbuarar og naboar. Tverrbuar kling så tradisjonelt at ein ventar grannar etterpå. Brukar ein fyrst nabo for granne, kan ein like gjerne skriva gjenbuar.
Kva skal ein nytta på nynorsk for det som på bokmål heiter bebyggelse? Kva med samansetningar som industribebyggelse, tettbebyggelse og bebyggelsesplan?
Enn verbet å bebygge? Kva heiter «et bebygd område» på nynorsk?
Det spørst kva tydinga er. Bebyggelse er grovt sett anten bygningar eller utbygging. Å bebygge et område er i utgangspunktet berre å byggja på det, eller å byggja det ut.
Dersom det er tale om byggjeverksemd, kan ein ofte nytta utbygging. Gjeld det noko meir spesifikt, kan ein gjerne velja eit meir spesifikt ord, til dømes husbygging eller bustadbygging.
Når bebyggelse tyder 'hus, bygningar', kan ein beint fram nytta hus eller bygningar. Dersom det gjeld noko meir spesifikt, nyttar ein helst ordet for nett det, til dømes bustader, bustadområde, busetnad, bygd, (tett)grend, husklyngje, tettbygd område, villastrok.
Samansetningar må vurderast for seg. Industribebyggelse kan vera (område med) industribygg, og blokkbebyggelse kan vera område med blokker. Tettbebyggelse er ofte tettbygd strok.
I plan- og bygningslova stod det tidlegare i § 28‑2:
Med bebyggelsesplan forstås i loven en plan vedtatt av det faste utvalget for plansaker selv, og som fastlegger arealbruk og utforming av bygninger, anlegg og tilhørende utearealer innenfor et nærmere avgrenset område hvor det etter arealdelen av kommuneplan eller reguleringsplan er stilt krav om slik plan som grunnlag for utbygging.
Det tilrådde nynorskordet var utbyggingsplan, og Miljøverndepartementet har nytta det sidan 1986. Dette ordet har fleire bruksområde (t.d. i samband med utbygging av vassdrag). Somme har visst nytta ordet byggjeplan.
Merk at den nye plan- og bygningslova frå 2009 har skift ut bebyggelsesplan med reguleringsplan med detaljregulering.
«Et bebyggelig område» er eit område det kan byggjast på. «Et bebygd område» er eit det står bygningar på. Men påbygd kan mistydast (jf. påbygg). Utbygd område skulle fungera i mange samanhengar.
Særleg før i tida heitte det òg at eit område var byggjande (= bebyggelig) eller at det var bygd (= bebygd). Vi kan framleis godt skriva om tettbygde og ubygde strok.
Ein gong var substantiva bygd og ubygd (bygder og ubygder) langt på veg dekkjande for dei to slags område, men slik er det ikkje lenger.
Eit anna ordlag er å husa opp. Men ei opphusa tomt høyrer ein knapt om lenger.
Kan eg skriva grunna i staden for på grunn av eller fordi? Eg finn ikkje den bruken av ordet i nynorskordbøkene mine.
Grammatisk er det ikkje noko i vegen for å skriva «grunna det og det», og det er ikkje utenkjeleg at dette uttrykket kjem til å dukka opp i Nynorskordboka. Men det er ein grunn til at det ikkje har vore oppført før: Det skriv seg ikkje frå dialektane, og det har difor vore lite brukt i gjennomarbeidd nynorsk.
Nedanfor omtalar vi ordet som eit bokmålsord (grunnet).
Grunnet er ikkje gammalt kansellispråk, men snarare moderne kontoristspråk (frå slutten av 1800-talet). Det kan verka både praktisk og talemålsnært fordi det er kortare enn alternativet på grunn av. Vi merkar gjerne ikkje kor stivt ordet er, før vi set det inn i ei kvardagsleg munnleg ytring. Døme på bokmål:
Det fyrste dømet er lite påfallande, men dei to andre er klåre stilbrot med svulstige overtonar. Grunnet er altså svært formelt, og blir helst brukt av institusjonar. Når privatpersonar brukar det, handlar det sjeldan om noko i deira eige liv.
Stilidealet i nynorsk er å bruka same slags formuleringar i administrasjonsspråket som i kvardagspråket, der kvardagsspråket er dekkjande. Dette gjeld sjølvsagt ikkje fagterminologi, men grunna er ikkje ein fagterm; det er snarare eit bindeord. I vanleg norsk talemål har ein alltid greidd seg med på grunn av.
Merkeleg nok vart grunnet mest brukt i dei tiåra då talemålstrekk for alvor braut seg fram i skriftmålet, i fyrste helvta av 1900-talet. Men ordet høyrer meir til i telegramstil enn i attgjeving av talemål.
Det siste dømet ovanfor inneheld formuleringa grunnet at. Merk at på grunn av at ikkje er det beste alternativet. Det greiaste er beint fram å skriva fordi.
Vi tilrår desse løysingane på nynorsk:
Det stuttaste alternativet er då/da, men det er mindre godt. Av og til er det stuttaste det stivaste.
Nokre ord om tydinga til slutt:
Setningar med grunnet er litt vanskelege å analysera reint logisk. Det er som om det manglar ein preposisjon («i» eller «på») etter ordet. Grunnet kan synast å gje best bokstavleg meining der det kan tolkast om lag som «begrunnet med», jamfør «Ho sa opp grunna …». Men ved nærare ettersyn går det ikkje heilt opp det heller. Grunnet må nok reknast som ein språkleg snarveg. Snarvegar kan vera gode å ty til, men nett denne trengst i grunnen ikkje i nynorsk.
Det kan henda at bruken av grunnet skriv seg frå dansk; jamfør supplementet på botnen av denne artikkelen i Ordbog over det danske Sprog).
Eg leitar etter det rette nynorskordet for det som på bokmål heiter anten treenighet eller trefoldighet. Kan de hjelpa?
Kva ord skal eg bruka for enhet? Kan eg skriva einheit?
Du kan bruka eining eller einskap, men ikkje om einannan! Det spørst kva du har i tankane.
Når enhet betyr ‘samanheng, heilskap, samhald’, er einskap det rette («finna einskapen i mangfaldet», «fremja einskap mellom landa»).
Når du siktar til enhet i tydinga ‘sjølvstendig del (av ein større heilskap)’ eller ‘grunnstorleik i eit målsystem’, heiter det eining på nynorsk («militære einingar», «produsera 100 einingar om dagen», «mynteininga er pund»).
Einheit står ikkje i Nynorskordboka, for eining og einskap er dei innarbeidde orda. Men om ein ikkje er interessert i å nyansera slik som i engelsk og tradisjonell nynorsk, kan ein saktens bruka ordet einheit i staden.
I seniorpolitikken vår nyttar vi omgrepet «milepælsamtale». Finst det eit omgrep med same meiningsinnhald på nynorsk?
Nyleg vart ordet milepæl teke inn i Nynorskordboka, men dei som held seg til traust og tradisjonell nynorsk, skriv påle i staden for pæl og vil nok skriva noko anna enn milepæl. Tradisjonelt heiter det helst milestolpe eller milestein på nynorsk.
Kva skal ein kalla milepælssamtale om ein held seg til det tradisjonelle? Milestolpe er det vanlegaste ordet for milepæl, men samansetjinga milesteinssamtale er meir praktisk enn milestolpesamtale.
Pæl heiter altså helst påle på nynorsk og i tradisjonelt norsk talemål rundt omkring i landet. Pæl vart offisielt godkjent fyrst i 1985, utan at milepæl vart teke med i rekninga. Milepælen kom inn i 2021.
Det vanlegaste ordet for milepæl har vore milestolpe (ikkje milepåle). Det gjeld både i konkret og overført tyding. Her er det eldste trykte dømet: «Kunstverk standa atter som Milestolpar paa den Vegen, som Manna-ætti hever gjengit etter» (Ferdaminni fraa Sumaren 1860, av Aasmund Olavsson Vinje).
Milestolpar av stein (frå Kristian 5.s tid) har ein gjerne omtala nettopp som milesteinar.
Det bør heita milepælssamtale med to s-ar på begge skriftmål. Det vanlegaste er å skriva milepælsplan, ikkje milepælplan.
Hva er forskjellen mellom alvor, alvorlighet, alvorsgrad og alvorlighetsgrad? Når er det riktig å bruke hva?
Alvorlighetsgrad er et ganske nytt ord i norsk (om lag sytti år gammelt), og det primære bruksområdet er gradering av skade, ulykke og sykdom. Her er det innarbeidet i litt tekniske sammenhenger, og det må godtas. Det har også sin plass i «rubrikknorsk», f.eks. i tabeller og overskrifter, men det er sjelden nødvendig i tekst uten teknisk eller statistisk vinkling.
I løpende tekst ellers bør det renskårne substantivet alvor (eller adjektivet alvorlig) brukes mest mulig, nå som før.
Alvorsgrad er en nyere og litt lettere variant som gjerne kan brukes som alternativ til alvorlighetsgrad, særlig i nynorsk. Alvorlighet er en annen mulighet i bokmål, men ordet er noe gammeldags og sjelden mer presist enn alvor.
Det finnes nok en forestilling om at alvor er den subjektive følelsen/holdningen, mens ordene alvorlighet og alvorlighetsgrad må til for å karakterisere objektive forhold. Men dette synet er ikke i samsvar med tradisjonell språkbruk. Det heter tradisjonelt å forstå situasjonens/sakens alvor eller nå helst: alvoret i situasjonen/saken. Se for eksempel Ordbog over det danske Sprog under alvor 2.2. Å skrive situasjonens eller sakens alvorlighetsgrad er altså en slags overpresisering med kansellistisk preg, men uten godt grunnlag i dansk eller norsk.
Her er et oversyn over forholdet mellom uttrykkene fra et utvalg bokkilder på nb.no:
Et søk i mediearkivet ATEKST viser hvordan den stive uttrykksmåten har vunnet fram i det siste, fra null i 1990 til over femti prosent i 2017:
Kva heiter augmented reality på nynorsk?
På nynorsk har auka røynd vore brukt ein del (sidan 2013).
Om ein vil, kan ein kombinere dette med aukerøynd- i samansetjing (t.d. aukerøyndbriller), men forkortinga AR er jo like god nynorsk som engelsk.
På bokmål brukar ein utvidet virkelighet, ved sida av forsterket virkelighet. (Det same tilhøvet finn ein i dansk, medan svensk helst har förstärkt verklighet.) Utvida røynd eller verkelegheit er såleis òg mogleg på nynorsk, men det er jo mindre fyndig og fleksibelt.
På islandsk heiter det viðbótarveruleiki, som kan omsetjast med tilleggsrøynd eller attåtrøynd, men det høver kanskje betre om det ekstralaget med informasjon som teknologien tilfører, enn om heile biletet/opplevinga/røynsla.
I den nyaste bibelomsetjinga til nynorsk kom eg over ordet kveg (Esekiel 8,8). Det ordet har vel ikkje noko i nynorsk å gjera?
Du tek nok litt feil, for ordet vart godkjent i nynorsk i år 2000. Det må likevel kallast eit stil- og tradisjonsbrot å bruka det i tekstar som speglar eit jordbrukssamfunn i eldre tid, i alle fall på nynorsk. I det tilsvarande norske samfunnet brukte ein heilt andre ord lokalt: naut, krøtter, (stor)fe og anna.
Ordet kveg har aldri vore brukt i nynorskbiblar før. Jamvel i bokmålsbiblane er bruken av kveg halden på eit minimum. Ordet kjem ikkje frå norske bygdemål, men frå dansk skriftmål.
I dei tidlegare danskspråklege biblane vi brukte her i landet, krydde det naturlegvis av kvæg. (I den nyaste danske bibelomsetjinga er det 124 døme på kvæg, som seg hør og bør.) I 1930 tok bibelspråket steget frå dansk(norsk) til norsk riksmål/bokmål, og det vart berre ståande att to tilfelle av kveg, resten vart stort sett omsett til storfe (nynorsk naut, seinare storfe).
I 1978-omsetjingane finst det ikkje spor av kveg på nynorsk eller bokmål. I desse omsetjingane vart det lagt stor vekt på naturleg norsk målføring.
Kan ein bruka verbet pågripa på nynorsk? I Nynorsk ordliste står verbalsubstantivet pågriping, men ikkje verbet pågripe eller pågripa.
Ja. Pågripa er oppført i dokumentasjonsordboka Norsk Ordbok. Sidan 2016 har ordet òg stått på lista over ord av dansk og tysk opphav som kan førast opp i nynorske ordbøker og ordlister til skolebruk, da med merknad om at ordboka eller ordlista bør ha tilvising til meir tradisjonell uttrykksmåte.
Ordet har no kome inn i Nynorskordboka med definisjonen ‘arrestere (på grunnlag av mistanke); gripe; hekte’. (Merk at ein ikkje kan arrestera nokon utan mistanke eller dom.) I Jon Gisles Jusleksikon står det at anholdelse, pågripelse og arrestasjon er synonym.
Bøyinga er slik:
å pågripe/pågripa – pågrip – pågreip – har pågripe (oftast uttalt /har pågrepe/)
Det stemmer at verbet pågripa kom seinare inn i nynorsk enn partisippet pågripen og verbalsubstantivet pågriping.
Før skulle ein helst bruka meir folkelege synonym, som arrestera eller hekta, sjå dette utklippet frå ordboka Med andre ord av Magne Rommetveit:
Skal ein bruka gripen eller knipen, bør ein leggja til noko, som av politiet eller for det og det.
Ein som er pågripen, er mistenkt og kanskje sikta, men er ikkje fengsla i tydinga ‘dømd til fengselsstraff’. Innan tre dagar etter pågripinga skal ein framstillast for tingretten, som kan gje orskurd om varetektsfengsling (i opp til fire veker).
Bør det heite tilhøyrigheit, tilhøyrsle, tilhøyring eller tilhøyrigskap? Kva med samhøyrigheit og så vidare?
Alt er mogleg, i tillegg til det å høyre til/saman. Særleg samhøyr og tilhøyrsle er godt innarbeidde ord.
Sjølv om danskane skriv samhørighed, nøyer dei seg gjerne med tilhør. Tilhøyr er ikkje så vanleg, men slike kortformer høver like godt i nynorsk som i dansk (jamfør tolmod for tålmodighet). Samhøyr er godt innarbeidd om ting som høyrer saman.
I Nynorskordboka er begge orda tekne inn, slik:
samhøyr n1 det å vere samhøyrig nasjonalt samhøyr
tilhøyr n1 (av høyre til) tilhøyrsle
Tilhøyrsle tyder tradisjonelt noko anna, nemleg ‘det som høyrer til noko’, tilbehør. Nynorskordboka har snudd om på det, slik:
tilhøyrsle/tilhøyrsel det å høyre til el. saman med noko(n) politisk tilhøyrsel / òg: det som høyrer til
I samband med religion er det (religiøs) tilhøyrsle som har vore mest brukt i bøker og aviser, frå 1971 av. Gruppetilhøyrsle har òg vore nytta i mange bøker (sjå nb.no).
Samhøyrsle er innarbeidd, men for samhørighetsfølelse er samkjensle det beste (dette ordet kan òg brukast om sympati).
Tilhøyring og samhøyring er mindre brukt, men ikkje gale. Samhøyrigskap har vore brukt litt, tilhøyrigskap snautt i det heile. Det er vanlegare å bruke -heit enn -skap.
Ofte kan det vere like greitt å skrive (kjensla av / det) å høyre til eller saman med noko.
Jeg skal levere en eksamensoppgave i morgen, og har et spørsmål om ordet ivareta. Kan man si «å ivareta et barn»? Eller blir det å ivareta et menneske feil? Det mest vanlige er jo å si «ivareta noens interesser» eller «ivareta hensynet til noen».
Dette er moderne forvaltningssjargong (fra 1980-åra) som sikkert har kommet for å bli, men det er ikke i samsvar med norsk ordbrukstradisjon å si ivareta et barn. Uttrykket er nok en snarvei for ivareta barnets interesser (behov) (før: vareta barnets tarv).
Som eksemplene dine viser, er ivareta et svært formelt verb. Et par eksempler til:
- En advokat ivaretar mine interesser i selskapet.
- Banken ivaretar kundenes interesser.
I en hverdagslig sammenheng, med mennesker (i stedet for interesser) i sentrum, virker ivareta meget stivt.
Vi har en rekke mer «jordnære» gamle ord og uttrykk for det å ta seg av barn. For det første har vi nettopp å ta seg av, videre har vi blant annet å ta hånd om, stelle og passe. Vi kan også sørge for barnet og for at barnet har bra. Ikke minst kan vi ta (godt) vare på et barn, for eksempel når foreldrene overlater det til oss. Et gjennomgående uttrykk på området er omsorg for barn. (Nynorsk også: å syte for eit barn og omsut for barn/born.)
Kva heiter forårsake på nynorsk? Eg ser at somme skriv føresake, men det har eg aldri høyrt før.
Føresake må ein ikkje finne på å skrive. Det har inga rot i nynorsk. Sjå løysingane på listene nedanfor.
Nynorskordboka har faktisk teke inn forårsake (godkjent i år 2000), men det har vore lite brukt i nynorsk før. Det er naturlegvis mykje betre enn føresake, men det har ikkje rot i norsk folkemål, som er det nynorsken er bygd på historisk. (Andre årsaksformuleringar som er lite brukte i nynorsken og dialektane, er avstedkomme, foranledige, forvolde og frambringe. Desse orda står ikkje i Nynorskordboka.)
Vi bør sjå oss om etter betre alternativ når vi skriv nynorsk. Vi trekkjer fram dei viktigaste nedanfor.
X HAR FORÅRSAKET Y
er/var årsak til
er grunnen til
er opphavet til
har gitt opphav til
Av og til høver det enkle gjere:
har gjort at
Ikkje gløym meir spesifikke uttrykksmåtar:
X HAR FORÅRSAKET STORE ØDELEGGELSER
har gjort/valda stor skade
Det passive motstykket er ofte lett å skrive om:
Y ER FORÅRSAKET AV X
kjem av
skriv seg frå
er ei følgje av
Ikkje ver bunden av ordfølgja ovanfor. Løysingane under «X har …» kan ofte brukast under «Y er … » og omvendt. Berre pass på at det blir logisk.