Svar
Grammatisk er det ikkje noko i vegen for å skriva «grunna det og det», og det er ikkje utenkjeleg at dette uttrykket kjem til å dukka opp i Nynorskordboka. Men det er ein grunn til at det ikkje har vore oppført før: Det skriv seg ikkje frå dialektane, og det har difor vore lite brukt i gjennomarbeidd nynorsk.
Nedanfor omtalar vi ordet som eit bokmålsord (grunnet).
Stutt, men likevel stivt
Grunnet er ikkje gammalt kansellispråk, men snarare moderne kontoristspråk (frå slutten av 1800-talet). Det kan verka både praktisk og talemålsnært fordi det er kortare enn alternativet på grunn av. Vi merkar gjerne ikkje kor stivt ordet er, før vi set det inn i ei kvardagsleg munnleg ytring. Døme på bokmål:
- Stengt grunnet sykdom.
- I dag blir jeg borte grunnet forkjølelse.
- Jeg stikker en tur i butikken grunnet at vi snart er tomme for melk.
Det fyrste dømet er lite påfallande, men dei to andre er klåre stilbrot med svulstige overtonar. Grunnet er altså svært formelt, og blir helst brukt av institusjonar. Når privatpersonar brukar det, handlar det sjeldan om noko i deira eige liv.
Stilidealet i nynorsk er å bruka same slags formuleringar i administrasjonsspråket som i kvardagspråket, der kvardagsspråket er dekkjande. Dette gjeld sjølvsagt ikkje fagterminologi, men grunna er ikkje ein fagterm; det er snarare eit bindeord. I vanleg norsk talemål har ein alltid greidd seg med på grunn av.
Merkeleg nok vart grunnet mest brukt i dei tiåra då talemålstrekk for alvor braut seg fram i skriftmålet, i fyrste helvta av 1900-talet. Men ordet høyrer meir til i telegramstil enn i attgjeving av talemål.
Alternativ
Det siste dømet ovanfor inneheld formuleringa grunnet at. Merk at på grunn av at ikkje er det beste alternativet. Det greiaste er beint fram å skriva fordi.
Vi tilrår desse løysingane på nynorsk:
- Stengt på grunn av sjukdom.
- I dag blir eg borte på grunn av forkjøling / fordi eg er forkjølt.
- Eg stikk ein tur i butikken fordi vi snart er tomme for mjølk.
Det stuttaste alternativet er då/da, men det er mindre godt. Av og til er det stuttaste det stivaste.
Språkleg snarveg
Nokre ord om tydinga til slutt:
Setningar med grunnet er litt vanskelege å analysera reint logisk. Det er som om det manglar ein preposisjon («i» eller «på») etter ordet. Grunnet kan synast å gje best bokstavleg meining der det kan tolkast om lag som «begrunnet med», jamfør «Ho sa opp grunna …». Men ved nærare ettersyn går det ikkje heilt opp det heller. Grunnet må nok reknast som ein språkleg snarveg. Snarvegar kan vera gode å ty til, men nett denne trengst i grunnen ikkje i nynorsk.
Det kan henda at bruken av grunnet skriv seg frå dansk; jamfør supplementet på botnen av denne artikkelen i Ordbog over det danske Sprog).