Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Anskaffe og anskaffelsesprotokoll på nynorsk

Spørsmål

Har de eit godt nynorskord for anskaffelsesprotokoll? Heiter anskaffelse verkeleg anskaffing på nynorsk? Kvifor står i så fall ikkje anskaffe i Nynorskordboka?


Svar

Innkjøpsprotokoll bør brukast så langt det rekk. Anskaffing står i Nynorskordboka og er brukt ein del, det same gjeld nyskaffing (men ikkje innskaffing, som ein òg kunne tenkt seg). Der innkjøp er dekkjande, tilrår vi likevel det.

Nynorsk har som kjent halde an-, be-, het– og else-ord unna der det finst jamgode synonym. I nynorsk er det vanleg å skriva at ein skaffar seg noko (før gjerne: rår seg til noko) eller at ein skaffar noko til vegar. Men verbalsubstantivet skaffing dekkjer ikkje så godt. Det er nok difor det er anskaffing og å skaffa (skaffe) som står i Nynorskordboka. I samband med anskaffing i verksemder må ein likevel kunna bruka verbet anskaffa der kjøpa (inn) og skaffa ikkje dekkjer. Det same gjeld substantivet (ein) anskaffar.

Send oss gjerne opplysningar om korleis omgrepet anskaffelse blir handtert på nynorsk på din arbeidsplass.