Vi har for tida ei ledig stilling i Språkrådet. Søknadsfrist: 29. mai 2025.
Muligens på nynorsk
Spørsmål
Eg ser at det er mange som i fullt alvor skriv «moglegeins» på nynorsk. Det kan vel ikkje vere rett?
Svar
Nei, «moglegeins» eller «mogelegeins» er eit tulleord som ein har brukt for å parodiere dårleg omsetjing frå bokmål.
På nynorsk heiter det beint fram kanskje eller kan hende (med a-infinitiv: kanskje eller kan henda).