Direktørstillinga skal lysast ut på nytt, fire av sju i styret trekkjer seg
(15.10.10) Kulturminister Anniken Huitfeldt seier at stillinga som direktør i Språkrådet skal lysast ut på nytt. Leiar Magni Øvrebotten og medlemmene Jan Olav Fretland, Tor Fuglevik og Silje Solheim Karlsen trekkjer seg frå styret i Språkrådet.
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
Stillinga som direktør i Språkrådet vart lyst ut i februar. Kulturministeren seier i dag at stillinga skal lysast ut på nytt.
Øvrebotten seier at dei fire trekkjer seg no på bakgrunn av prosessen med tilsetjing av ny direktør.