Retningslinjer for normering

Normering av nynorsk og bokmål er eit viktig arbeidsfelt for Språkrådet. Det språkpolitiske grunnlaget for arbeidet med normering er gitt i § 3 i vedtektene for Språkrådet. I tillegg har styret i Språkrådet vedteke eit sett med retningslinjer for normering. 

Retningslinjene gjer greie for det faglege grunnlaget for normeringa, dei ulike prinsippa som skal leggjast vekt på i konkrete normeringssaker, og prosedyren for korleis normeringssaker blir handsama.

Retningslinjene ligg føre på nynorsk og bokmål. Dokumentet inneheld særskilde kapittel om kvar av målformene og dessutan kapittel om terminologi, importord og andre emne.

Dei gjeldande retningslinjene vart vedtekne av styret i Språkrådet 9. desember 2021. Dei avløyser retningslinjene frå mars 2015.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.03.2017 | Oppdatert:10.12.2021