Samisk

Det samiske språkområdet strekkjer seg over delar av Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dei samiske språka blir tradisjonelt rekna som ei grein av den finsk-ugriske delen av den uralske språkfamilien. Det er registrert mellom 20 000 og 30 000 samar som snakkar dei ulike samiske språka. Ein reknar med at det er om lag 100 000 samar, og av desse kan rundt 30 % snakke eit samisk språk, og om lag 15 %  bruker eit samisk skriftspråk. Dei mest brukte samiske språka i dag er nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Internasjonalt blir dei samiske språka karakteriserte som trua, alvorleg trua eller nesten utdøydde.

Inndeling av språka, utbreiing og bruk

Dei samiske språka kan delast i to hovudgrupper: vestsamisk og austsamisk.

Vestsamiske språk er nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, pitesamisk og umesamisk. Nordsamisk blir brukt av nær 90 % av dei samisktalande samane i Troms og Finnmark. Lulesamisk blir brukt i Nordland og delar av Sverige. Sørsamisk blir brukt i Nordland, Trøndelag og Hedmark. Lulesamisk og sørsamisk er alvorleg trua. Pitesamisk er utdøydd i Noreg og alvorleg trua i Sverige. Umesamisk har døydd ut i Noreg og er nesten borte også i Sverige.

Austsamiske språk er enaresamisk, skoltesamisk, akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk. Enaresamisk blir berre brukt i Inari kommune i Finland. Skoltesamisk, ofte kalla austsamisk eller Neiden-finsk, blir brukt i Sør-Varanger av nokre få personar og i Nord-Finland. Kildinsamisk er det største samiske språket i Russland i dag med om lag 700 brukarar. På Kolahalvøya er i tillegg akkalasamisk og tersamisk i bruk, men begge er nær utdøydde. Kemisamisk (det ellevte samiske språket) blei brukt i Finland, men døydde ut midt på 1800-talet.

Språklege særtrekk

Dei første bøkene på eit samisk språk kom på 1600-talet, og på 1600-1700-talet blei samisk litteratur skriven med bokstavane ein brukte i norsk og svensk. I dag har dei samiske språka ein del bokstavar som er unike for kvart av dei. Nordsamisk har til dømes Áá, Čč, Đđ, ŋ, Šš, Ŧŧ og Žž i tillegg til dei bokstavane som er i bruk i norsk.

Substantiv, adjektiv, talord og pronomen blir bøygde i kasus og tal. Nordsamisk har sju kasusformer og to tal, eintal og fleirtal. Personlege pronomen blir også bøygde i total. Samisk har ikkje bestemt og utbestemt artikkel og heller ikkje grammatisk kjønn. Som i finsk ligg trykket på den første stavinga.

Verbalt språk

Samisk er eit verbalt språk, og ein kan leggje til endingar som endrar både tyding og presisjon. Eit eksempel: Det nordsamiske verbet njuikut betyr å hoppe, njuiket = å hoppe berre éin gong, njuikkodit = å hoppe gong etter gong, njuikestit = å gjere eit lite hopp éin gong, njuikulit = å gjere nokre raske hopp / å hoppe av stad, njuikkodastit = å hoppe med små hopp ei bitte lita stund, njuikehit = å få til å hoppe.

Offisiell status for samisk

Samisk har status som minoritetsspråk i Noreg, Sverige og Finland, og i alle tre landa har samisk status som offisielt språk i dei samiske forvaltningsområda. Det betyr at ein kan krevje undervisning i samisk og at ein kan bruke samisk i kommunikasjonen med stat og kommune i desse områda. I Russland blir kildinsamisk lista opp som eit av dei 26 nordlege språka, og det er undervisningsspråk i ein mindre del av Murmansk fylke.

Samisk har ingen offisiell status i Nordisk råd, men rådet publiserer ein del av informasjonsmateriellet sitt på nordsamisk.

 

Kjelde: Snl.no/samisk 07.07.2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.07.2013 | Oppdatert:14.01.2021