For skribentar

No image

Lars

Tips til skribenten

Gjer det til ein vane å svare i same målform. Mållova gir privatpersonar og verksemder rett til å få svar i same målform som dei sjølve har brukt. 

Skriv på nynorsk frå starten av, for då blir kvaliteten på tekstane som regel betre. Mange har høg terskel for å skrive nynorsk og startar gjerne med å omsetje tekstar frå bokmål til nynorsk. Det er viktig å øve og skrive nynorsk jamleg, og ein må godta å bruke litt meir tid på tekstar i starten.

Les nynorsk, for nynorsk fører til meir nynorsk. Viss du blir van med å lese og sjå begge målformene, blir det òg lettare å bruke dei i praksis.


Tekstdøme

1 Brev: førebels svar på søknad

Førebels svar på søknad om prosjektmidlar

Vi stadfestar med dette at vi har fått søknaden din om prosjektmidlar frå [namn på organet som deler ut prosjektmidlar] til [namn på prosjektet].

Du vil få skriftleg svar på søknaden innan [dato]. Det er viktig at du ikkje byrjar på prosjektet før du har fått endeleg svar frå oss.

Dersom du ønskjer å kontakte oss i mellomtida, ber vi om at du gjev opp saksnummer [nummer på saka].

Vennleg helsing


2 Brev: førebels svar på klage

Førebels svar på klage på avslag på søknad om prosjektmidlar/tilskot frå [namn på organet som deler ut prosjektmidlar]

Vi viser til din klage på vårt vedtak av [dato, månad, år].

Klagen din vil bli behandla innan [dato, månad, år]. 

Så snart vi har gjort eit vedtak, vil du få melding. Dersom vedtaket om avslag blir stadfesta, vil saka bli send til [namn på klageinstansen], som vil sluttbehandle saka.

Vennleg helsing


3 Brev: svar på klage

Tekst frå Norsk kulturminnefond – omsett, omskriven og «generalisert»

Svar på klage på avslag på søknad om tilskot frå [namn på organet som deler ut tilskot]

Vi viser til din klage, som vi fekk [dato].

Klagen er send til [namn på klageinstansen], som skal behandle han. Kopi av vårt oversendingsbrev til [namn på klageinstansen] ligg ved, saman med saksframlegget.

Du har høve til å kommentere vår behandling av klagen. Har du kommentarar, ber vi om at du sender dei direkte til [namn på klageinstansen]. Fristen for å sende kommentarar er tre veker etter at du fekk dette brevet.

Vennleg helsing


4 Tilsegnsbrev

Utdrag av tilsegnsbrev (tilsegn om tilskot)

Tilsegn om tilskot inntil [...] kr frå [namn på organet som deler ut prosjektmidlar/tilskot]

Prosjekt: [namn på prosjektet, stad]

Vi viser til søknaden av [dato] om tilskot/prosjektmidlar frå [namn på organet som deler ut prosjektmidlar/tilskot]

Den [dato, månad, år] har vi gjort dette vedtaket:

[Namn på mottakaren] får tilsegn om tilskot på inntil [tal] kr til prosjektet [namn på prosjektet].

Tiltak: [kort omtale av tiltaket]

Generelle vilkår for tildelinga

Innan [tal] vekeretter at du/de har fått dette brevet, må du/de akseptere føresetnadene for tilskotet, jf. vedlegg. Ver venleg å fylle ut og underskrive det vedlagde akseptskjemaet og returnere det til oss. Dersom du/de ikkje aksepterer føresetnadene og vilkåra for tilsegna innan fristen, kan tilskotet falle bort.

Når du/de sender inn akseptskjemaet, må du/de oppgje når du/de har tenkt å starte og avslutte prosjektet.

Når [vi / namn på organet som deler ut prosjektmidlar/tilskot] har fått akseptskjemaet, vil vi fastsetje ein ein frist for når prosjektet skal setjast i gang og når det skal avsluttast. Tilsegna kan falle bort dersom prosjektet ikkje blir avslutta innan fristen.

Tilskotet blir gjeve med utgangspunkt i at opplysningane i søknaden er rette. Dersom det viser seg at tilskotet er brukt i strid med føresetnadene, kan vi krevje at tilskotet blir tilbakebetalt heilt eller delvis.

Dersom det skjer tekniske, faglege eller økonomiske endringar undervegs i prosjektet, eller dersom framdrifta ikkje er etter planen, må du/de melde frå til  [oss / namn på organet som deler ut prosjektmidlar/tilskot] skriftleg så snart som råd.

Du må sjølv be om utbetaling

Når du/de kan dokumentere at prosjektet er sett i gang, sender du/de skriftleg førespurnad om første delutbetaling av tilskot frå [oss / namn på organet som deler ut tilskot].

Når du/de seinare ber om fleire delutbetalingar, skal du/de leggje ved statusrapport med rekneskap for utført arbeid.

Prosjektet må vere avslutta før du/de kan få utbetalt siste del av beløpet. Du/de må altså lage ein sluttrapport der du/de forklarer korleis prosjektet er fagleg gjennomført, og korleis tilskotet er brukt. Døme på rapportskjema finn du/de på nettstaden vår: [lenke].

Vennleg helsing


5 Invitasjon til frukostseminar

Vi inviterer til frukostseminar om kreativ statistikk tysdag 14. mars kl. 8.00.

Til seminaret kjem seniorforskar Fin Graf frå Statistisk regionalbyrå (SRB). Graf vert rekna som den fremste forskaren på sitt felt.

Deltakarane får informasjon om dei nyaste verktøya og korleis dei kan nyttast i det daglege arbeidet.

Vi serverer blingsar og kaffi frå kl. 8.00. Programmet startar kl. 8.30.

[Knapp eller lenketekst] Til påmelding. [Vanleg tekst] Skriv melding om matallergiar i kommentarfeltet.


6 Stillingslysing

Vil du vere rådgjevar i Statistisk regionalbyrå?

[Namnet på verksemda] har hovudansvaret for dei fleste fagområde knytte til [fagområde] og [fagområde] og for samordning av den statlege politikken på desse områda. Vi har om lag 300 tilsette og held til i trivelege lokale på [stad].

Vi har ledig ei heiltidsstilling som rådgjevar i kommunikasjonsavdelinga.  
Tilsetjing så snart som råd.

Arbeidsoppgåver

Rådgjevaren skal

  • arbeide med prosjekt
  • planleggje møte
  • føre rekneskap

Kvalifikasjonar

Du må ha høgare utdanning innanfor ... eller .... Stillinga krev brei røynsle med utgreiingsarbeid og kunnskap om offentleg forvaltning. Relevant praksis er ein føremon, men dokumentert kunnskap om ... kan telje i staden for røynsle.

Vi tilbyr

  • trivelege lokale
  • godt arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning

Ymse arbeidsvilkår

Som rådgjevar hos oss må du vere til svars òg utanom vanleg arbeidstid. Du må rekne med mykje reising.

Fleire opplysningar om [namnet på verksemda] finn du på [nettstad].

Generelle opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer òg å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. [Namnet på verksemda] er ei IA-verksemd. Arbeidsvilkåra blir tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Søknadsfrist og søkjemåte

Send søknad saman med attestar og vitnemål gjennom www.jobb.dep.no seinast [dato]. Merk søknaden «.....».

Kontaktinformasjon

Vil du vite meir om stillinga, kan du spørje avdelingssjef [namn] telefon: 999 99 999 eller e-post: ...@....no.

Heile lysinga ligg på nettstaden vår: (adresse)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter