Norsk språkråd

No image

Norsk språkråd vart skipa ved lov av 18. juni 1971 om Norsk språkråd og avløyste Norsk språknemnd.

Norsk språkråd var eit rådgjevande organ og vart som Norsk språknemnd underlagt det departementet som då heitte Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Norsk språkråd begynte arbeidet i 1972.

I menyen til høgre finn du ein omtale av arbeidet med nokre sentrale oppgåver som Norsk språkråd hadde i tiåra institusjonen eksisterte.

Den siste fagnemnda i Norsk språkråd, på møte i 2004 (siste arbeidsåret)

Den siste fagnemnda i Norsk språkråd, på møte i 2004 (siste arbeidsåret)

Framme frå venstre: Kjell Ivar Vannebo, Helge Sandøy. Bak frå venstre: Jan Terje Faarlund, Norunn Askeland, Olav Veka, Helge Dyvik, Brit Mæhlum, John Ole Askedal.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:10.05.2022