Rutinar og råd for meir og betre nynorsk

No image

Mange statsorgan strevar med å oppfylle kravet om minst 25 % nynorsk i tekstane sine. Her er ei samling gode råd og framlegg til rutinar som kan gjere det lettare for statsorgan å skrive meir nynorsk og dermed oppfylle krava i lova.

ElseLeiinga har ansvaret

Leiinga har ansvaret og bør stille resultatkrav og be om rapportering.

I alle organisasjonar er det leiarar som har det overordna ansvaret for at reglane blir følgde, og målbruksreglane er ikkje noko unntak. Det inneber at leiinga frå tid til anna må be om oversikt over fordelinga mellom målformene i tilfanget organisasjonen lagar. I store statsorgan med mange avdelingar bør kvar einskild avdeling ha ansvar for å oppfylle krava i språklova, elles blir ansvaret fort pulverisert.

Nye medarbeidarar må få opplæring i regelverket, og leiinga må syte for at det finst både bokmåls- og nynorskkompetanse i viktige posisjonar i organisasjonen. Still krav til språkkompetanse når nye medarbeidarar skal rekrutterast.

Systematisk arbeid må til

Ei langsiktig arbeid med små steg om gangen og gode rutinar gir varige resultat. Nynorskbruken dabbar fort av om ein ikkje følgjer med. Det er lurt å ha ein praktisk pådrivar og ein tydeleg plan for arbeidet.

Ingen lærer seg noko over natta, heller ikkje nynorsk. Ver innstilt på at dette er ein prosess og ein jobb som aldri blir heilt ferdig. For mange kan ein kampanje eller eit prosjekt likevel gi ein god start på eit systematisk arbeid.

Mål stoda

De bør alltid gjennomføre ei såkalla nullmåling først, det vil seie kartlegge «stoda no».

Ein enkel måte å gjere det på er å bruke Google-søk på ordpara ikkje/ikke og frå/frå på nettstaden dykkar. Det gir ein god indikasjon på den reelle fordelinga mellom målformene.

Mål stoda kvar månad. Når de samanliknar tala frå nullmålinga med tala frå månadsmålingane, kan de dokumentere effektane av arbeidet. Tala kan leggast fram i rapportar, på leiarmøte eller liknande.

Finn og skap nynorskskribentar

Finn fram til gode nynorskskribentar i organisasjonen.

Når de tar fatt på arbeidet, kan det vere lurt å frigjere tida til ein trygg nynorskbrukar som kan støtte dei andre og gi råd til usikre nynorskskribentar. Denne personen bør vere positiv, tolmodig og flink til å motivere. Vit at det kan bli mykje korrekturlesing og gjennomgang av tekstar i starten. Ha «open dør», så folk kan komme og spørje når dei treng hjelp. Etter kvart vil folk bli sjølvgåande. I somme tilfelle kan skribentar oppleve det som vanskeleg å bli korrigert, og då kan det vere lurt å lage faste rutinar og køyrereglar for korrektur og tekstgjennomgang i verksemda.

Andre tiltak er å setje krav om nynorskkunnskap i stillingsannonsar eller ved å kurse dei tilsette. Det kan vere ein god idé å først kurse kommunikasjonsavdelinga og andre som ofte skriv publikumsretta tekstar. På lengre sikt bør ein byggje opp nynorskkompetanse i alle avdelingar.

Start med korte tekstar

Tekstar i sosiale medium kan vere gode å byrje med, for slike tekstar er ofte både korte og godt synlege. Det er desse tekstane som blir vil bidra til at de oppfyller krava i språklova betre. Stillingsanonsar, pressemeldingar og nyheitssaker er andre teksttypar som vil betre statistikken. De finn kvalitetssikra døme på slike tekstar her.

Skap motivasjon

Alle blir motiverte av gode resultat. Slik utviklar det seg også betre kultur, haldningar og  praksis i verksemda.

I et miljø der bokmål dominerer, er det lett å gløyme at bokmål og nynorsk er likestilte målformer i offentlig forvaltning. Om ein tenker på at dei som les tekstane, har rett til å få informasjon på si eiga målform, kan det bli lettare å motivere seg til å skrive meir nynorsk.

Framlegg til rutinar for verksemda

Innfører de nokre faste og enkle rutinar, kjem de langt på veg.  

Kartlegg kva type tekstar de publiserer, og kor mykje tid de har til å skrive dei ulike tekstane. Om de legg ut mange korte tekstar, t.d. på nett og i sosiale medium, er det avgjerande at de  syter for nok nynorsk i desse kanalane.

Avgjer på førehand kva tekstar som skal ut i kva målform, så kvar einskild skribent ikkje må ta stilling til dette spørsmålet frå gong til gong. De kan også bestemme at tekstar som er skrivne i eit visst tidsrom, skal vere på nynorsk. Somme statsorgan har ein eigen nynorskmånad, eller ei nynorskveke kvar månad.

Legg lista litt høgare enn minstekravet, då toler de at det glepp av og til. Språklova krev minst 25 % av kvar målform i publikumsretta tekster. Statsorgan som brukar mest bokmål, kan t.d. ha ein regel om at kvart tredje facebook-innlegg skal vere på nynorsk, og tilsvarande reglar for rundskriv, pressemeldingar, stillingslysingar, annonsar, brosjyrar og andre tekstar.

Oppdater begge versjonar samtidig. Når same tekst (t.d. skjema eller nettekstar) finst i begge målformer, må begge versjonane oppdaterast samtidig. Pass også på å kvalitetssikre språket etter oppdateringa.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.04.2018 | Oppdatert:01.03.2022