Namn på byggjefelt

Planlegginga av byggjefelt startar gjerne fleire år før dei står ferdige, og slike prosjekt kan få namn som Vest I og Vest II, Vik vest, Vik aust, Felt I vest, Felt II vest. I planleggjarspråket kan dette vere rasjonelle nemningar, men dei bryt med tradisjonell namnelaging og kan knapt seiast å vere særleg miljøskapande. Sjølv om dei ikkje er tenkte som endelege namn på dei aktuelle bustadfelta, blir dei ofte hangande ved prosjekta, gjerne med god hjelp av kommunale organ og av lokalpresse.


Konkurranse med tradisjonelle stadnamn

Mange stader får slike prosjektnamn likevel sterk konkurranse av tradisjonelle stadnamn. T.d. blir Vinstra vest og Vinstra vest II (Nord-Fron) omtala som Sorperoa og Knutsmorka etter staden felta ligg på. I dag har dei tradisjonelle namna vunne fram, sjølv om prosjektnamna framleis blir nytta i planlegginga. Teknisk etat i kommunen trur at etter kvart som felta blir vidare utbygde og adresser innførte, vil også Sorperoa og Knutsmorka kome meir i bakgrunnen. For Harpefoss nord (Sør-Fron) har det kome framlegg om å nytte det eldre namnet Moom (dativ fleirtal av mo m.), men prosjektnamnet synest framleis stå sterkt. I Sula har kommunestyret gjort vedtak om å endre Rørstad vestre i reguleringsplanen til den meir tradisjonelle namneforma Rørstadmarka.

Solsiden terrasse er døme på eit anna uheldig namneval ut frå tradisjonsprinsippet - det har seinare blitt skift ut med dei lokale namna Vallalia og Vallaheiane.

Ein vanleg prosjektnamntype som Dal skog blir i folkeleg språkbruk gjerne omtala som Dalsskogen eller berre Skogen, Dalsskogfeltet, Byggjefeltet i Dalsskogen o.l., alle laga etter meir tradisjonelle namnemønster.

Dersom ein ser på dei namna som er nytta på bustadfelta rundt om i landet, vil ein finne stor variasjon, alt frå «papirknitrande» prosjektnamn av den typen som er nemnd ovanfor, til fantasinamn som Arkadien, Pippi, Veslemøy og tradisjonelle stadnamn som Haugen, Høgebakkane og Loenga. Ei viss tilknyting til staden kan botanisk relaterte namn som Kantarellen og Silkestrå ha, men dei bryt med den vanlege namnestrukturen ved at dei manglar eit lokalitetsindikerande hovudledd. Humoristiske tilnamn på bustadfelt førekjem ikkje sjeldan, t.d. Tolvkonehuset som er brukt uformelt om eit rekkjehus med 12 husvære i Kvam.

Det førekjem ikkje sjeldan at entreprenøren set namn på byggjeprosjekt før kommunen eller eigarinstitusjonen får høve til å ta stilling til namnebruken. Stundom kan slike namn falle saman med namnet på utbyggjaren, t.d. Fjellbirkeland studentby, Yggdrasil. Slike namn er uheldige av di dei kan gje inntrykk av at eigaren av prosjektet er identisk med utbyggjaren.

Ordtilfanget

Eit svært vanleg ord i samband med reguleringsplanar og byggjeprosjekt er felt, jf. tysk Feld 'mark, avgrensa jordstykke'. I planleggjarspråket tyder det 'avgrensa del av eit område', til dels med same tyding som teig, og har såleis ei nokså generell tyding. Ordet er ofte nytta i namn på byggjefelt, særleg i anleggsperioden, men ofte etter og, t.d. Dalsskogfeltet, Vikfeltet.

Lånord

Også senter (av latin centrum) er eit framandord som har fått stort rom blant dei nye stadnamna. Det er nytta i namn på konsentrasjonar av hus og anlegg, særleg der ulike forretningar og tenesteytingar ligg, oftast I lause samansetningar som Stovner senter, eventuelt med eit spesifiserande ledd som i Bø ridesenter, Tinn jaktsenter, men og i faste samansetningar som Hurdalssenteret.

Nemningar som tidlegare har vore så å seie ukjende i det lokale namnetilfanget rundt om i landet, er hageby, og terrasse. Medan dei før fanst sporadisk i dei større byane, har dei no spreidd seg både som adressenamn og områdenamn til mindre tettstader og bygdestrok, t.d. Hasle hageby (Sarpsborg), Førre terrasse (Lyngdal). Somme stader har det vore lokal motstand mot denne namnetypen, t.d. har Lindås terrasse og Fanebust terrasse (Lindås) blitt skifte ut med dei lokale namna Apalbakken og Rissundet. I Dyrøy er eit byggjefelt på Skogstadhaugen kalla Skaubu, med førsteleddet i austnorsk form, her burde det lokale namnet ha vore nytta beinveges.

Nye funksjonar
Både senter, hageby og terrasse er uttrykk for nyare funksjonar i samfunnet. I seinare tid har det dukka opp ei rekkje nye funksjonsområde som har fått namn som Romerike bakkesenter (lokalnamnet er Lundbybakken), Kittilsbu utmarksmuseum. Ei heil gruppe slike nye namn har dukka opp i samband med olympiaden på Lillehammer: Birkebeineren skistadion, Hamar OL-amfi, Hamar Olympiahall, Kanthaugen fristilanlegg, Kvitfjell Alpinsenter, Lillehammer Olympiahall, Lillehammer Olympiske Bob- og Akebane.

Heimlege ord

Med tanke på å føre vidare ein tradisjonell norsk ordbruk i nye stadnamn finst det ei rekkje avløysarar til dei orda som er nemnde ovanfor. Eit slikt ord er grend, og for mange vil det ha ein lun klang. Såleis vil Bergegrenda og Øvregrenda vere gode alternativ til Berge-feltet og Øvre hageby. Men ein bør ikkje overdrive bruken av ordet heller. Tidlegare innførte Postverket grend i ein del namn der stadnamnet kunne ha vore nytta utan noko tillegg. Eit anna brukande ord er tun, t.d. Daletunet, Dusaviktunet, Lensmannstunet (dei to siste i Stavanger). Når det er tale om å namngje noko større bygningsmassar, kunne ord som by og bygd dragast inn, t.d. Ryggebyen, Sørbygda, men føresetnaden bør vere at dei kjennest naturlege i det lokale språkmiljøet. Andre «klassiske» bustadnamneledd som heim, land, stad er òg mogelege avløysarar til framandord.

Eldre namn

Før ein eventuelt prøver å lage ei samansetning med eit ord for 'busetnad', bør ein sjå om ein ikkje kan nytte eit eksisterande stadnamn. Det er då naturleg å ta utgangspunkt i eit namn som finst på staden frå før, anten eit som gjeld ein avgrensa lokalitet i bustadfeltet, eller eit som er nytta om eit større område der feltet ligg. I det siste høvet vil det ofte vere tale om eit gards- eller bruksnamn eller eit anna vanleg brukt stadnamn, t.d. Berg, Steinsdalen, Øvrehagen, Osen, Stranda.

Ved å overføre eit slikt eksisterande namn til feltet gjev ein namnet ein ny eller utvida funksjon. Dette er i prinsippet det same som når reine naturnamn, t.d. Djupvik blir nytta om «garden i/ved Djupvika» eller Steinsdalen om «garden i Steinsdalen». Dersom det ikkje er naturleg å overføre gardsnamnet direkte på bustadfeltet, kan ein nytte det som utmerkingslekk, t.d. Bergsgrenda, Bergsbakken.

I mange høve byr det likevel på vanskar å finne fram til eintydige og samstundes tradisjonelle namn på bustadfelt. Dei vanlegaste tilfella er:

1 feltet ligg på ein stad som ikkje blir rekna å ha «eige» namn frå før
2 feltet ligg på ein del av eit namngjeve område, t.d. på ein del av innmarka eller utmarka til ein gard
3 feltet ligg på eit område som går inn på to eller fleire eigedomar
4 fleire felt ligg på eit område med same namn

«Namnlause» stader

Ofte vil byggjefelt på «namnlause» stader kunne gjevast namn etter dei same prinsippa som gjeld for gate- og vegnamn (bortsett frå at det som regel ikkje er aktuelt å nytte ord for veg o.l.). Det vil seie at ein lagar namn ut frå terreng- og naturforhold elles på staden, t.d. Rognekroken, Einerhaugen, Lia. Slike namn kan òg spegle av ulike former for menneskeleg verksemd som har vore eller er knytte til staden eller den næraste omgivnaden, t.d. Skyttarholtet, Kolgrov.

Del av eit namngjeve område

Dei aller fleste bustadfelta vil liggje på ein større eller mindre del av ein eksisterande gard. Særleg vil det vere naturleg å namngje det første utbyggingsfeltet under ein gard i relasjon til garden, t.d. VikBerg, Norddal, eventuelt med tillegget -feltet, (som ein bør nytte minst mogeleg), -grenda, -tunet, -byen o.l. Her vel ein dei orda som høver best med den lokale språkbruken. Ofte vil det vere ei betre løysing – i pakt tradisjonell norsk namnelaging – å leggje til eit anna høveleg terrengord, t.d. -strand, (Vikastranda), -bakke (Bergsbakken). I staden for å gå ut frå gardsnamnet kan ein byggje på bruksnamnet dersom det er eit anna. Såleis kan det under garden Berg gjerne vere eit bruk med namnet Bergslykkja som beinveges kan nyttast på feltet. Dersom feltet ligg i eit namngjeve utmarksområde, t.d. Bergsmarka, kan også dette namnet nyttast direkte. Stundom vil ein finne at ei presisering som Søre Bergsmarka eller Nermarka kan vere ein betre utveg.

Namn i grenseområde

Når bustadfeltet ligg på grunnen til to (sjeldnare fleire) gardar, har somme kommunar valt å nytte dobbeltnamn, t.d. Berge og Teigland, gjerne skrive Berge/Teigland eller Berge-Teigland. Slike dobbeltnamn er tunge, og ein bør prøve å unngå dei. Med tanke på namnevernet er det heller ikkje noka heldig løysing å lage nye namn ved å kombinere ledd i eksisterande namn, t.d. «Bergland», sjølv om det kunne synast praktisk. Ein bør prøve å løyse namneproblemet ved at ein legg større vekt på å leite fram lokale namn, ikkje berre ved at ein dreg inn eventuelle bruksnamn eller andre namn som femner om eit noko større område, men ved å nytte namn med meir avgrensa utbreiing, eventuelt lage nye namn i samsvar med eksisterande mønster. Relasjonsnamn av typen Bergshagen og Teiglandshagen kunne vera aktuelle namneval i somme høve. Dersom feltet låg i den gamle beitemarka til Berge og Teigland, kunne kort og godt Hagen vere eit alternativ.

Fleire felt under same namn

Den konsentrerte utbygginga mange stader fører ofte til at fleire felt blir utbygde meir eller mindre i tilknyting til kvarandre. I slike høve er det lett å ty til konstruksjonar som Berg nord/vest, Berg I/II. Som nemnt bør ein unngå slike lagingar. I staden kan ein nytte former som Nordre Berg eller helst Nordberg om namnet er uttala som eitt ord, Vestberg o.l., eller ein kan lage relasjonsnamn som nemnt ovanfor. Ein tredje utveg er også her å lage heilt nye namn.

 

Publisert på denne nettstaden: juli 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021