Portrettintervju med Marita Kristiansen

Marita Kristiansen jobbar som terminolog ved Termportalen ved Universitetet i Bergen. I tillegg er ho leiar for Språkrådet sitt fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning.

Marita Kristiansen

Kva er det beste med jobben din?

Eg likar godt blandinga av å kunne dykke ned i metodiske funderingar, utføre praktiske administrative oppgåver og tenkje overordna og strategisk om arbeidet med Termportalen. Det blir lite praktisk terminologiarbeid, dessverre, men det likar eg òg godt.

Kva utdanning har du etter vidaregåande skule?

Eg studerte økonomi og administrasjon i Sogndal før eg heldt fram med engelsk, først på Universitetet i Bergen og så på Noregs handelshøgskole, der eg tok høgare eksamen og doktorgrad i engelsk fagspråk.

Kva var favorittfaget ditt på barneskulen?

Eg var nokså altetande og glad i alt frå engelsk og norsk til gymnastikk og o-fag, som det heitte.

Kvifor er arbeid med terminologi viktig?

Me treng terminologi for å kunne uttrykkje kunnskapen vår, og derfor er det vesentleg å gjere termar lett tilgjengelege på så mange område som mogleg. I tillegg trengst det medvit om korleis termar er inngangsporten til kunnskapen som ligg bak. Eit større medvit trur eg vil føre til at me blir flinkare til å bruke gode norske termar når me elles snakkar eller skriv norsk.

Om du kunne velje eit anna yrke, kva og kvifor?

Eg tenkjer jo framleis på å bli omsetjar når eg blir stor. Skulle eg studert på nytt, hadde det nok kanskje blitt juss, medan eg med erfaringa eg har fått frå mange år i dugnadslivet, òg kunne tenkt meg ein administrativ jobb innan idrett.

Kva les du helst på fritida?

Akkurat no høyrer eg på Dei sju dørene av Agnes Ravatn og smiler godt av skildringane av arbeidsmiljøet til hovudpersonen på HF-fakultetet ved Universitetet i Bergen. Eg likar ei god krimbok og bøker der handlinga er plassert inn i ei historisk hending, ein periode eller ein stad eg akkurat då besøkjer.

Kva er din favoritterm?

Her blir eg nok svar skuldig. Sjølv om det eigentleg er engelsk fagspråk som er faget mitt, er eg mest opptatt av bruken av engelsk i norsk. Akkurat no sukkar eg mest over onboarding, som blir nytta av HR-avdelingar rundt om for å namngje prosessen med å ta imot, introdusere og følgje opp nytilsette. Eg sukkar òg over bruken av missions i forskingspolitikken i staden for til dømes samfunnsoppdrag.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.06.2022 | Oppdatert:27.06.2022