Grønlandsk

Grønlandsk – eller kalaallisut, som grønlendarane sjølve kallar språket sitt – liknar ingen andre språk som du har høyrt eller sett. Det ser du fort ved å kasta eit blikk på eksempelteksten. Han har berre 72 ord. Til samanlikning har til dømes den danske omsetjinga 108 og den finske 90. Til gjengjeld er orda svært lange. Forstår du nokon av dei? Kva betyr paaseqatigiilluarsinnaapput? Eller oqaatigineqarsinnaammata?

Grønlandsk er som eit byggjesett

At orda er så lange, kan ein forklara med at grønlandsk er eit polysyntetiskt språk. Med det meiner vi at delar av ord og bøyingar kan sveisast saman til lange kjedar av ord. Eit døme er qimmersuaqarusunngilaq, som betyr Han vil ikkje ha ein stor hund. Dei fleste grønlendarane har sansynlegvis aldri brukt akkurat dette ordet, men dersom dei skulle ha bruk for det, kan dei utan problem forma det. Dei kan også forstå ordet dersom det dukkar opp i ein tekst fordi dei kan identifisera dei ulike delane i ordet. Qimmeq betyr hund, quaq betyr stor, qar betyr har, nngi betyr ikkje og gusup betyr å ønskja.

Motpolen til grønlandsk språk er kinesisk. Kinesisk har nesten ikkje bøying eller endingar i orda. Grammatiske element blir i staden uttrykkte med einskilde ord eller teikn. Medan språk som grønlandsk blir kalla syntetiske, kallar ein språk som kinesisk for analytiske.

Reindyrka syntetiske eller analytiske språk er svært sjeldan. I nesten alle språk finst det både syntetiske og analytiske trekk. I svensk og norsk blir til dømes endingar brukte for å uttrykkja bestemt eller ubestemt form, medan ein på engelsk bruker ordet the for å visa at ordet det står til, har bestemt form. Svensk og norsk har derimot mange frittståande preposisjonar der ein i finsk heller bruker bøyingsendingar som blir hengde på ordstamma.

Dei næraste slektningane til grønlandsk

Grønlandsk er opplagt eit spesielt språk, men det finst likevel nokre andre språk som kan seiast å vera i slekt med grønlandsk. Språkfamilien blir kalla eskimoisk-aleutiske språk og blir brukte av rundt 100 000 menneske, og omlag halvdelen av desse er grønlendingarar. Menneska som bruker desse språka, er spreidde over eit stort område i nord: frå Sibir i Russland via Grønland til Canada og Alaska i Nord-Amerika. Det nest største eskimoisk-aleutiske språket heiter inuktitut og blir brukt av omlag 20 000 menneske i Canada. Grønlandsk, inuktitut og dei andre språka i denne språkfamilien er såpass like at dei er innbyrdes forståelege.

Det er derimot ikkje like enkelt for alle grønlendingar å forstå kvarandre. Skilnadane mellom dei vestgrønlandske og dei austgrønlandske dialektane er store, og med tanke på dei geografiske avstandane er ikkje det så merkeleg. Grønland er dryge 2 millionar kvadratkilometer og verdas største øy.

Språkleg press frå dansk

Då Grønland blei kolonialisert av Danmark på 1700-talet blei det grønlandske språket utsett for sterk konkurranse med dansk. Det kom ikkje frå noko massiv innflytting av danskar (det bur ikkje meir enn ca. 7 000 danskar på Grønland), men frå det at dansk språk blei teke i bruk i alle offisielle samanhengar. Fordi grønlandsk ikkje blei snakka til dømes i skulane, i kyrkjene, i næringslivet eller av dei styrande politikarane, blei heller ikkje viktige nye ord og omgrep utvikla. Grønlandsk var på veg til å bli eit språk som berre var til bruk i heimen og i den private sfæra.

Men det fanst danske kolonisatorar som interesserte seg for det lokale språket. Ein av desse var misjonæren Paul Egede. Han flytta til Grønland som barn, og var ein av dei første danskane som lærde seg grønlandsk som andrespråk. På midten av 1700-talet publiserte han den første grønlandske ordboka og ein grønlandsk grammatikk. Etter den tid har det kome mange ordbøker og grammatikkar. Samanlikna med mange andre nordamerikanske urspråk er grønlandsk dermed godt dokumentert.

Det er gjort ein stor innsats for å styrka og bevara det grønlandske språket dei siste førti åra. Grønlandsk blei offisielt språk på Grønland ved sida av dansk då det grønlandske heimestyret blei oppretta i 1979. Då heimestyret blei gjort om til sjølvstyre i 2009 blei statusen for det grønlandske språket styrka gjennom ei eiga språklov, og grønlandsk er no det einaste offisielle språket på Grønland. Det betyr at alle barn på Grønland får all undervisning på grønlandsk. Språket blir også brukt på det grønlandske universitetet (Ilisimatusarfik) og i sjølvstyreforsamlinga (Inatsisartut). Trass i at UNESCO ser grønlandsk som eit av dei trua språka, er stillinga meir stabil enn nokon gong. Det finst mellom anna ein rik litteratur skriven på grønlandsk.

Jamfør språka

Denne teksten er omsett til alle dei nordiske språka. Finn ut kva som er likt og kva som er ulikt ved å klikka på dei ulike sidene om språka (Om dansk, Om svensk og så vidare). Her er den grønlandske teksten:


Svenskit, norskit qallunaallu imminnut paaseqatigiilluarsinnaapput, Islandimiulli oqaasiinik paasinninnissaq ajornartorsiutiginerusarlugu, uffa ukiut tusindit matuma siorna Skandinaviami oqaatsinut Islandimiut oqaasii assingugaluartut. Islandimiut oqaasiinut qaninnerpaat tassaapput Savalimmiormiut oqaasii, taamaakkaluartorli oqaatsit ima assigiitsiginngillat Islandimiup Savalimmiormioq ajornartorsiuteqanngitsumik paasisinnaallugu.

Finskit oqaasii Estlandimiut oqaasiinut eqqaanarnersaapput, aammali saamiit oqaasiinut assingullutik. Assersuutigalugu, finskit oqaasiini saamiillu oqaasiini oqaatsit takisuunngorsinnaapput, naanerit oqaatsip nagguianut ilannguttakkat tapiliunneqarnerini. Kisiannili oqaatsit takisuut pineqartillugit kalaallit oqaasii immikkooruteqarluinnarput, tassami oqaatsit allat oqaaseqatigiit ilivitsut atorlugit oqaatigisaat kalaallisut oqaatsimik ataatsimik oqaatigineqarsinnaammata.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.07.2013 | Oppdatert:14.01.2021