Namn på skular, institusjonar o.l.

I eit moderne samfunn finst det eit stort tal institusjonar, tiltak, verksemder og anlegg som skal ha namn, t.d. barnehagar, skular, helse- og aldersheimar, fritidsklubbar, forsamlingshus- og plassar, museum, arkiv, samlingar, selskap og stiftingar for ulike føremål. Slike tiltak kan vere offentlege (kommunale, fylkeskommunale eller statlege), halvoffentlege eller private og blir namnsette av eigaren. Kommunen vil såleis ha ansvar for namnsetjing av ei lang rekkje tiltak utanom adressetildelinga, m.a. grunnskular. Dei vidaregåande skulane er derimot fylkeskommunale, og namna blir fastsette av fylkestinget etter at fylkesskulestyra har uttala seg. Vi skal dra fram nokre døme på namnsetjing av kommunale tiltak, men det som blir sagt her, vil kunne gjelde for namnsetjing der andre er eigarar og.

Det vanlegaste mønsteret for namnsetjing av kommunale institusjonar og tiltak er å nytte eit tradisjonelt stadnamn som første del av namnet, og eitt eller fleire som fortel kva slags institusjon det er, som andre del eller hovudledd, t.d. Røst kommunale barnehage, Lakselv skole, Steigen aldershjem. I samiske område vil det vere aktuelt med samiske namn på slike institusjonar.

Det stadnamnet som går inn i institusjonsnamnet, viser oftast til kommunen eller bygda/tettstaden der institusjonen ligg. Det gjeld særleg når institusjonen er den einaste i sitt slag i kommunen. Spesielt i større bykommunar kan denne praksisen føre til at ein får mange mest likelydande namn. Etter telefonkatalogen for 1993 finst det t.d. ca. 260 namn som tek til med Stavanger..., dei fleste nytta om private tiltak. Firmanamn bør helst ikkje nyttast i namn på offentlege barnehagar eller barnehagar som får offentleg støtte.

Grunnskulane og ungdomsskulane har som regel namn etter krinsane dei ligg i, og her får ein såleis ei større spreiing i namngjevinga. t.d. Ottestad ungdomsskole og Tangen skole i Stange. Skulesentraliseringa dei siste tiåra har likevel ført til langt færre slike lokale skulenamn. På den andre sida synest det i dag å vere ein tendens til å nytte meir lokale stadnamn ved namnsetjing av m.a. barnehagar, aldersheimar, forsamlingshus o.l., t.d. Nordgrenda barnehage, Eikeli aldersheim, Dalen grendehus.

Namnetypen Tangen skole, Eikeli aldersheim, skrive i to ord og med sisteleddet i ubunden form, er i dag svært utbreidd i namn på både institusjonar og verksemder. Slike namn der hovudleddet fortel kva slags institusjon eller verksemd det er tale om, og der utmerkingsleddet er eit meir eller mindre kjent stadnamn, er funksjonelle i eit moderne samfunn, sjølv om dei kan bli litt einsformige når det på større stader finst dusinvis av dei. Alternativt kunne ein nytte den meir tradisjonelle og munnleg prega namngjevingsmåten med samanskriving av namneledda og bunden form av sisteleddet, t.d. Hurdalssenteret, Romeriksklinikken. Denne siste samansetjingsmåten vil mange finne meir uformell og heimleg enn den meir skriftspråkprega typen Tangen skole.

I daglegtale vil enklare former som Skolen, Ungdomsskolen, Barnehagen vere mykje brukte. Elles er det nokså vanleg at lokale stadnamn blir nytta direkte både offisielt og særleg i daglegtale som institusjonsnamn, t.d. Bjørketeigen, Lia, Oppstad, Valen, Trastad. Denne nemningsmåten er i samsvar med norsk namnetradisjon, jf. at ein seier Harstad og ikkje Harstad by. Dessutan kan eit slikt «nøytralt» stadnamn vere mindre belastande i enkelte situasjonar enn når eit forklarande tillegg som t.d. «psykiatriske klinikk» eller «kretsfengsel» blir sett til namnet.

I tillegg til desse hovudtypane førekjem namn som Kosekroken, Pjokken, Tommeliten på barnehagar, og Alders hvile, Aldersro, Kveldsro på aldersheimar. Mange vil finne slike namn artige, men somme i den siste gruppa kan ha ein negativ undertone. Adresse «Kveldsro» kan gje eit signal om at ein har kome til det siste venteromet. Her bør ein som ofte elles dra inn lokale stadnamn som er nytta på staden frå før, t.d. som ved dei nemnde Bjørketeigen og Lia.

Idrettsanlegg

Av dei mange andre kommunale tiltaka som det kan vere aktuelt å gje namn, nemner vi idrettsanlegg. Mest vanleg er at dei får namn etter staden dei ligg på, t.d. Bislett idrettsplass, Frogner stadion, Jordal idrettsanlegg. Til dagleg blir gjerne stadnamnet nytta åleine, såleis Bislett, Frogner, Jordal. Sameleis blir Åråsen stadion på Lillestrøm oftast berre kalla Åråsen. Særleg når eit lokalt namn er nytta berre om anlegget, fungerer det godt utan noko spesifiserande tillegg. Derimot vil ikkje Odda stadion kunne kallast berre «Odda» etter som dette namnet samstundes er kommune- og tettstadnamn. Her vil eventuelt Stadion førekome i meir uformell samanheng. Ved kortare sisteledd som bad er det meir vanleg med fast samansetjing, t.d. Frognerbadet, Tøyenbadet, Vestkantbadet, men laus samansetjing førekjem og som i Bislett bad. Laus samansetjing er òg vanleg ved dei mange spesialorda i namn på idrettsanlegg som alpinanlegg, skisenter, travbane, idrettssenter, idrettsgrend, sportstun. For at namn med slike ord skal fungere i ein større samanheng, trengst det eit presiserande tillegg, oftast eit tettstadnamn eller eit anna kjent stadnamn, t.d. Kongsberg skisenter. Ein alternativ lagingsmåte ville vere Skisenteret på Kongsberg med lokalisering uttrykt ved preposisjonsuttrykk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021