Historie i tre delar. Norsk språknemnd, Norsk språkråd og Språkrådet

Dette er ei framstilling av historia til Norsk språknemnd (1952–1971), Norsk språkråd (1972–2004) og Språkrådet, som vart oppretta i 2005. Hovudvekta er lagd på arbeidet med nokre sentrale oppgåver.

Bakgrunnen for korleis kvart organ kom til og vart bygd opp, er omtala. I vedlegga er det oversikter over medlemsorganisasjonar,  medlemmer, styre, tilsette osv. i kvart av dei tre organa. Det finst òg litteraturliste og liste over publikasjonar som nemndene har gjeve ut.

Det har komme to artikkelsamlingar om arbeidet til språkorgana tidlegare, den første i 1964, etter at Språknemnda hadde verka i ti år, den andre i 1987 etter at Norsk språkråd hadde arbeidd i fire periodar (seksten år). Det har vore artiklar med tilbakeblikk på verksemda i Språknytt, til dømes då Norsk språkråd var 30 år i 2002.

Språkrådet | Norsk språkråd | Norsk språknemnd

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:10.05.2022