Språkrådets kompetanseprøver

Språkrådet held kompetanseprøver for språkkonsulentar, både i nynorsk og bokmål. Dei konsulentane som greier prøva, er svært gode korrekturlesarar, språkvaskarar og omsetjarar frå bokmål til nynorsk som Språkrådet kan gå god for.

Kompetanseprøvene vart sist haldne i mars 2022. Det er førebels ikkje fastsett dato for nye prøver, men du kan rekne med at dei blir haldne tidlegast hausten 2024 og seinast hausten 2025.

Les meir om m.a. kvalifikasjonskrav og tilrådd førebuing via menyvala «Bokmålsprøven» og «Nynorskprøva» i venstremenyen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.07.2011 | Oppdatert:25.08.2023