Pronomenformene me og vi

Norsk språkråd har fått fleire spørsmål om å jamstella pronomenformene me og vi i nynorsk. Saka har vore drøfta i nynorskdelen av fagnemnda og i samla fagnemnd, og vil truleg bli avgjord på neste rådsmøte.

AV HELGE SANDØY OG PER ARVID ØLMHEIM

Til drøftingane så langt er det utarbeidt ein god del materiale (om målføreutbreiing, bruken av formene i skrift og tale osv.). Nedanfor følgjer eit samandrag av dei viktigaste opplysningane om me og vi slik dei er lagde til grunn for drøftingane. Vi meiner dette også kan vera av allmenn interesse og har difor valt å ta det inn i Språknytt.

Dei personlege pronomena me og vi går attende på tilsvarande former i gammalnorsk. Eldst er vit (1. pers. dualis nom.) og vér (1. pers. pluralis nom.). Ved assimilasjon av v i pronomenet og m i verbalendinga ved omsnudd ordfølgje (inversjon) – erum vit / erum vér – voks mit og mér fram. Denne utviklinga skjedde på 1100-talet, noko bl.a. døme på mér i Gammalnorsk homiliebok (ca. 1200) syner. Men m-formene er sjeldsynte i det gammalnorske bokmålet, og vert fyrst vanlege i diplommålet, dvs. for det meste etter 1300.

Etter ca. 1470 trengjer vi seg inn i skrift, tydelegvis etter svensk, dansk og lågtysk mønster. Spreidde døme på vi i diploma syner at forma også etter kvart ser ut til å koma i bruk i talemålet på 1400-talet, særleg hjå folk frå høgare sosiale lag og hjå folk nær svenskegrensa. Men det er altså all grunn til å tru at m-uttalen tidlegare har gått lenger aust i landet enn tilfellet er i dag.

Bruken av formene i skrift i nyare tid

Ivar Aasen varierer i fyrstninga mellom me og mid, men går over til me alt i 1849 og bruker den forma sidan. Også Vinje og Garborg bruker me. I vårt hundreår dominerer vi i nynorsk litteratur, brukt t.d. både av Duun og Vesaas. Stikkprøver hjå ei rekkje nynorske forfattarar som har gjeve ut bøker etter siste krigen, viser at vi er mest einerådande (brukt av t.d. Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad, Tor Obrestad, Einar Økland, Jan-Magnus Bruheim, Arnljot Eggen, Alfred Hauge, Knut Hauge, Arthur Klæbo og Aslaug Høydal). Me har vi funne berre hjå Johannes Heggland, medan Olav Berkåk, som har eit svært dialektmerkt språk, let personane sine bruka både oss og vi som subjektsform. Som ein ser, held dei fleste seg tilhovudforma, jamvel om fleire av desse forfattarane kjem frå me-område.

Også i nynorsk presse er det stor overvekt for vi. Norsk leksikografisk institutt gjorde i 1969 ei delundersøking av nokre nynorskaviser (riksaviser og lokalblad) for å få eit fyrsteinntrykk av bruken av eit utval varierande skrift- og bøyingsformer. Blant dei formene som vart undersøkte, var me og vi. Granskinga syner at me ser ut til å vera den sideforma som hevdar seg best i nynorsk avismål i dag. Rett nok bruker dei fleste avisene og blada vi gjennomført eller vanleg, men mange aviser bruker me, særleg dei avisene som dekkjer distrikt med me i målføret.

Stikkprøver vi har gjort i tidsskriftet Syn og Segn (som til vanleg ikkje normerer bruken av me/vi), viser stor overvekt for vi, også hjå forfattarar frå typiske me-strok. Endeleg kan vi ta med at ein i den siste nynorske bibelomsetjinga har gått over til vi.

Utbreiing av formene i målføra

Målføregranskingar (særleg av Hallfrid Christiansen) frå 1930-åra viser at vi er den einaste brukte forma i Ytre Trøndelag og i Nordland, Troms og Finnmark fylke, dessutan i flatbygdene på Austlandet. Den vestlandske forma er me, som også blir brukt i delar av Indre Trøndelag, Nord-Østerdalen, Hallingdal, Valdres, Telemark og Numedal. Ei variantform er mi, som ein kjenner bl.a. frå Agder, Fyresdal, delar av Indre Sogn og i Selbu. Endeleg finst det eit område der oss blir brukt som subjektsform (Nord-Gudbrandsdalen, Indre Nordmøre, Indre Romsdal og Nord-Sunnmøre). Innafor me-områda som er nemnde her, finst vi i Bergen (dvs. byen, ikkje kommunen), Kristiansand, Fjell og Sund, delar av Sunnfjord, heile Nordfjord og delar av Sunnmøre. Vi rår også i det «høgare talemålet» i fleire byar i me-strok, slik t.d. i Stavanger og Haugesund.

Det er vanskeleg å finna heilt nøyaktige opplysningar om dei endringar som skjer i pronomenbruken i dag. Men ein del nyare granskingar har vist at det i somme bygder er ein generasjonsskilnad, t.d. har yngre Os-mål (utafor Bergen) vi. I Øygards-måla i ytre Nordhordland har vi spreidd seg noko og trengt undan me. Det same har vi døme på frå strok kring industristad/tettbygd/by med forma vi. Her kan vi òg ta med at det i Kvinnherad frå Løfallstrand til Uskedalen finst eit vi-område, dvs. kring det gamle baroniet i Rosendal. I Nedre Orkdalen og Meråker blir mi meir og meir erstatta av vi, som er den vanlege forma av pronomenet i Nord-Trøndelag og elles i fosenmåla og i bygdene rundt Trondheim. At bymålet har ei sterk påverknadskraft, kan vi og sjå av at mi er på frammarsj i Agder-fylka (Setesdalen, Snartemo, Flekkefjord) på kostnad av me, truleg fordi mi står så sterkt i bymåla på Sørlandet. Av nye industristader som har fått vi i det «nye målet», kan vi nemna Høyanger, Odda og Tyssedal. Men slik har det ikkje gått t.d. i Årdal i Sogn. Den materielle bakgrunnen for språkutviklinga her er den sterke omveltinga i næringslivet og den store folketilflyttinga.

På grunnlag av målførekart og opplysningane i Statistisk Årbok om folketalet i Noreg kan vi finna at ca. 850 000 nordmenn bruker me. Det gjeld sjølvsagt ein del atterhald for eit slikt tal, bl.a. på grunn av såkalla «høgare talemål» og innflyttarmål. Ein fare er det og at ein i grenseområda kan ta litt feil når ein t.d. må halvera kommunar. Men slike feil slår ut i begge retningar, og ser ein litt romsleg på talet, skulle det gje eit visst inntrykk av utbreiinga av me.

Eit stort område – i alle fall geografisk – har oss som subjektform. Det kan dreia seg om eit folketal på tett oppunder 100 000.

Det er altså om lag ein million nordmenn som ikkje bruker vi. Ser vi på kva for strok av landet desse folka kjem frå, finn vi at me absolutt står sterkast i det vi til vanleg kallar kjerneområda for det nynorske skriftspråket.

Om degraderinga av me til sideform har hatt beinveges innverknad på utviklinga i talemålet (over til vi), kan vi ikkje vurdera utan å vita kor mønsterdannande nynorsk skriftspråk er for prestisjespråket og om nynorsk skrift kan gje motvekt mot ei talemålsnormering, dvs. styrkja dei konserverande kreftene i målføra. Nyare granskingar har synt at det ikkje så mykje er skrift eller massemedia som påverkar talemålet, men meir eitt talemål som påverkar eit anna.

Rettskriving

Ivar Aasen fører i grammatikken sin (1864) opp me som «hovudform», med vi i parentes. Systemet med hovud- og sideformer høyrer nyare tid til, men også ordlistene frå førre hundreåret kunne gje visse vink om bruken. Marius Hægstad t.d. gjer det slik: me (elder vi) (1879), me eller vi (1886 og 1898). Lars Eskeland gjev også ei slags rettleiing for bruken (1897) : «me pron. Sume skriv vi.» I 1914 kan vi lesa hjå Leiv Heggstad: «formerne me og vi … vert baae bruka i skrift ... I det skrivne landsmaalet er me mest vanleg.» I 1931 har han sløyfa siste setninga.

Når me utviklar seg til ei slags nynorsk «hovudform», må det altså hanga i hop med bruken, ettersom ingen forbaud nokon å skriva vi. Tek vi tida med i vurderinga, må vi også tru det kunne spela ei rolle at me lettare tente som ei nasjonalt særmerkt form.

Rettskrivinga for landsmålet i 1901 fører opp begge formene. Frå då av er såleis både me og vi autoriserte som jamstelte landsmåls-/nynorskformer. Rettskrivinga av 1938 set så opp vi som hovudform, me som sideform med dei avgrensingar det førte med seg. Dette er ikkje endra sidan.

Jamstelling eller status quo?

Etter å ha sett på korleis me og vi vert brukte i tale og skrift, skal vi summera med å ta fram ein del moment både for og mot å endra status i dag. Ei viktig grunngjeving for å jamstella formene er bl.a. at me står så sterkt i målføra, og at forma nærmast er einerådande i kjerneområda for det nynorske skriftspråket. I samsvar med målføreforma vil mange grupper nynorskbrukarar skriva me, noko ein merkar tydeleg, ikkje minst blant dei unge. Mange ønskjer å jamstella me ut frå det synet at status som sideform er mindreverdig og såleis til hinder for mange i å bruka forma i skrift. Det kan i sin tur verka negativt attende på talemålet og på utbreiinga av forma i målføra. For mange veg omsynet til tradisjonelt landsmål tungt, der me dominerte, og dei meiner det er urett at me må rettast til vi i klassisk landsmålslitteratur i lærebøkene. Endeleg kan ein peika på den sentrale stillinga pronomena har i språket til den enkelte, og at det kan verka urimeleg når ord som er så nært knytte til identitetskjensla, vert rangerte lågare enn andre.

Skal ein trekkja fram moment mot å endra tilhøvet slik det er no, vil sjølvsagt tidsaspektet vera viktig. Me har trass alt vore sideform sidan 1938, og for mange vil det kjennast som eit steg i feil lei å jamstella ei form som alt for førti år sidan såg ut til å ha spela ut si rolle som hovudform. For dei som ser på talemåla i landet vårt under eitt, tel det vel også at vi har stor overvekt i talemålet og vert brukt av ca. tre firedel ar av nordmennene. Dessutan viser granskingar tendensar som tyder på at vi breier seg til gamle me-område. Her kan ein også trekkja fram at me-forma trass alt finst i rettskrivinga, og at dei store brukargruppene (bl.a. elevane i sine skriftlege skulearbeid) står fritt til å skriva me dersom dei ønskjer det. Den nynorske læreboknormalen vert også meir ueinsarta dersom me og vi vert jamstelte, noko som igjen gjev elevane eit mindre fast haldepunkt. Til slutt kan ein ta med at dei fleste nynorske forfattarane ser ut til å skriva vi, også dei som har me i målføret sitt, og at vi er vanlegast i den nynorske pressa og litteraturen elles.

(Språknytt 4/1976)

Merknad til artikkelen
I 1983 vedtok Språkrådet at me og vi skal vere jamstelte hovudformer.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.10.2004 | Oppdatert:17.12.2015