«Årets trekkhund» 2016

Med utmerkinga «Årets trekkhund» heidrar vi ildsjelane i klarspråksarbeidet. Ein slik «trekkhund» utmerkar seg ved å motivere andre eller vere pådrivar for eit systematisk klarspråksarbeid, og bidreg slik til gode resultat.

«Årets trekkhund» 2016 er Tone Fagerholt i Trondheim kommune.

Grunngjevinga til juryen

«Klarspråkets mor blir ho kalla, Årets trekkhund i 2016. Med eit uvanleg stort engasjement og ein tydeleg og gjennomtenkt plan har ho gjort omgrepet klarspråk kjent i verksemda si, sjølv om ho ikkje har hatt store ressursar til rådvelde. Ho har hatt ansvaret for å lage ein språkprofil i kommunen. Systematisk har ho tatt for seg område for område og fått arbeidet formelt forankra i leiargruppa.

Juryen meiner det er ei bragd å få til noko slikt i ein så stor organisasjon som denne kommunen, og håpar utmerkinga vil gi arbeidet med klarspråk i kommunen endå større legitimitet.

Utmerkinga «Årets trekkhund 2016» går til Tone Fagerholt i Trondheim kommune.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter