Dette er språklova
Kva språk omfattar språklova? Kven har rettar og plikter? Korleis kan offentlege organ oppfylle krava i språklova?
Kva språk omfattar språklova? Kven har rettar og plikter? Korleis kan offentlege organ oppfylle krava i språklova?
Språklova skal styrke norsk språk og fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk. Lova skal sikre at norsk held fram med å vere hovudspråket i Noreg, og at norsk skal kunne brukast på alle område i samfunnet. Men språklova gjeld ikkje berre norsk: Lova slår fast at samiske språk skal brukast, utviklast og styrkast. Lova skal medverke til at norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg blir verna og fremma.
Enkelt sagt gir lova plikter til det offentlege og rettar til private rettssubjekt (enkeltpersonar og private verksemder).
Språklova regulerer den stillinga som norsk og andre språk har i Noreg.
Den første delen av lova (paragraf 1 til 7) gir ein offisiell status til ulike språk:
Desse fire statusane inneber at staten anerkjenner språka som viktige på kvar sin måte.
Konkrete rettar som gjeld urfolksspråk, nasjonale minoritetsspråk eller norsk teiknspråk, er nedfelte i andre lover. Til dømes står reglar om rett til språkopplæring i opplæringslova. Det kan du lese meir om i omtalen av dei enkelte språka.
Den andre delen av lova (paragraf 8 til 20) inneheld spesifikke reglar om bruk av språk i det offentlege, særleg om bruken av bokmål og nynorsk. Denne delen inneheld både pliktar for staten og spesifikke rettar for innbyggjarane.
Språklova omfattar norsk (bokmål og nynorsk), samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka (kvensk, romani og romanes) og norsk teiknspråk.
Statusen som språklova gir desse språka, skal vere ein garanti for at staten oppfyller dei språklege rettane som brukarane av språka har fått gjennom lovverk og internasjonale avtalar.
Nyare minoritetsspråk i Noreg (til dømes urdu og polsk) har ikkje den samme statusen og er ikkje omfatta av språklova.
Offentlege organ har plikter etter lova. Nokre plikter er for alle offentlege organ, nokre er berre for statlege og fylkeskommunale organ. Her er ei oversikt.
Alle offentlege organ (statlege, fylkeskommunale og kommunale) skal
Les meir om
Statlege og fylkeskommunale organ skal følge reglane for bruk av bokmål og nynorsk i offentleg sektor (sjå språklova paragraf 11 til 18).
Ved
• universiteta
• dei statlege høgskolane og andre statlege skolar
• vidaregåande skolar
• domstolane
• forliksråda
• påtalemakta
gjeld reglane for bruk av bokmål og nynorsk berre for den administrative delen av verksemda.
Kommunar, fylkeskommunar og enkeltpersonar og private verksemder (private rettsubjekt) har rettar etter lova.
Kommunar har rett til å krevje at statlege og fylkeskommunale organ skal kommunisere med dei på det skriftspråket som kommunane sjølve har vedteke at dei skal bruke (anten nynorsk eller bokmål).
Fylkeskommunar har rett til å krevje at statlege og andre fylkeskommunale organ skal kommunisere med dei på det skriftspråket som fylkeskommunane sjølve har vedteke at dei skal bruke (anten nynorsk eller bokmål).
Enkeltpersonar og private verksemder har rett til
Språkrådet fører tilsyn med korleis sentrale og regionale statsorgan etterlever desse reglane i språklova:
• paragraf 10 andre leddet om namn på statsorgan
• paragrafane 12 til 17 om bruk av bokmål og nynorsk