Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Norsk – hovudspråket i Noreg

Norsk er fleirtalsspråket og forvaltningsspråket i Noreg. Det er språket som alle må meistre for å kunne delta i demokratiet.


På mange samfunnsområde og fagfelt er norsk språk under press fra engelsk. Paragraf 4 i språklova gir norsk formell status som nasjonalt hovudspråk i Noreg. 

I språklova blir norsk omtalt som eit «samfunnsberande språk». Eit samfunnsberande språk er eit overordna fellesspråk som skal kunne brukast på alle samfunnsområde.

Formålet med språklova er å styrkje norsk språk, slik at norsk skal kunne brukast på alle område i framtida også. Derfor må offentlege organ sørgje for god norskopplæring, eit godt medietilbod på norsk og eit fagspråk med presis og oppdatert terminologi.

Eit offentleg organ kan ikkje setje i verk tiltak som fører til at norsk blir fortrengt av engelsk på nokre av områda til organet.

Fant du det du lette etter?