Offisiell rettskriving
Offentlege organ har ei lovfesta plikt til å følgje offisiell rettskriving.
Offentlege organ har ei lovfesta plikt til å følgje offisiell rettskriving.
Språklova paragraf 9 slår fast at offentlege organ skal bruke eit klart og korrekt språk. At språket skal være «korrekt», vil seie at offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk (sjå språklova paragraf 10).
Plikta til å følgje den offisielle rettskrivinga gjeld alle offentlege organ, altså både statsorgan, fylkeskommunale organ og kommunale organ.
Rettskrivingskravet gjeld tekst som skal offentleggjerast, både allmenn publikumsretta informasjon, informasjon til enkeltpersonar og informasjon til andre offentlege organ.
Statsorgan skal ha namn på både bokmål og nynorsk, eller namn som høver på båe skriftspråka.
Alle namn på statlege organ og undereiningar (avdelingar, seksjonar, nemnder og andre) skal vere i samsvar med den offisielle rettskrivinga.
Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før eit namn blir vedteke. Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgana etterlever desse reglane.