Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Rett til kommunikasjon på bokmål eller nynorsk


Kva har du rett til?

Du har rett til

  • å få svar frå statlege og fylkeskommunale organ på det norske skriftspråket du ønsker
  • å få skjema og digitale sjølvbeteningstenester på det norske skriftspråket du ønsker
  • å få løyve og faste formular (som skattekort og førarkort) på det norske skriftspråket du ønsker

Språklova slår fast at statlege og fylkeskommunale organ skal

  • kommunisere skriftleg med privatpersonar på det skriftspråket som personane ønsker
  • sørge for at skjema og digitale sjølvbeteningstenester finst samtidig på både nynorsk og bokmål
  • sørge for at løyve og faste formular finst på både nynorsk og bokmål

Kva kan du klage på?

Du kan klage på at ein tekst til deg er skriven på feil skriftspråk.

Du kan klage på at skjema og sjølvbeteningstenester ikkje finst på ditt skriftspråk.

Du kan klage på feil skriftspråk i løyve og faste formular (som skattekort og førarkort).

Vil du klage, må du ta kontakt med det offentlege organet som har skrive til deg, eller som er ansvarleg for sjølvbeteningstenesta.

Send gjerne kopi av klagen din til Språkrådet.

Framlegg til klagebrev

Har du fått brev frå det offentlege på eit anna norsk skriftspråk enn det du bruker sjølv? Har du oppdaga at ei sjølvbeteningsløysing du vil bruke, ikkje finst på ditt skriftspråk? Her finn du framlegg til klagebrev.

Det er stort sett nynorskbrukarar som ikkje får rettane sine oppfylte. Klagebrevframlegga er utforma med tanke på det.

Klage frå privatperson

Klage frå organisasjon

Klage frå kommune og fylkeskommune

Fant du det du lette etter?