Hopp til hovedinnhold

Tilsyn med bruk av bokmål og nynorsk i staten

Språkrådet fører tilsyn med korleis staten etterlever reglane om bruk av bokmål og nynorsk i språklova, og rettleier statsorgan om språkarbeid. Kvart år presenterer Språkrådet statistikk og analysar på grunnlag av tal som er hausta inn av Språkrådet, og tal som er rapporterte inn av statsorgana.


Tilsynet som Språkrådet gjennomfører, er heimla i paragraf 19 i språklova. Tilsynet gjeld i dag berre statsorgana, det vil seie departementa, Statsministerens kontor og dei underliggjande verksemdene til departementa. Statsorgana skal følgje reglane om bruk av bokmål og nynorsk. Dersom eit statsorgan bryt desse reglane, påpeikar Språkrådet regelbrotet overfor statsorganet (og det departementet organet ligg under), og følgjer også opp med råd og rettleiing til statsorganet.

Slik blir tilsynet gjennomført

Tilsynet gjeld «allment tilgjengelege dokument», skjema og digitale sjølvbeteningstenester. Allment tilgjengelege dokument er til dømes nettekstar, tekst i sosiale medium og stillingslysingar.

Etter paragraf 20 i språklova har statsorgana plikt til å gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om. For å gjere rapporteringa enklare og få sikrare data har Språkrådet i samarbeid med Nasjonalbiblioteket fått utvikla verktøyet Målfrid. Målfrid er eit digitalt verktøy som haustar inn nettsidene til alle statsorgan, analyserer språket i dei, og gjev oversikt over tekstmengda på bokmål, nynorsk, engelsk og samisk. Vi tok Målfrid i bruk fyrste gong i rapporteringa for 2020.

For dei kategoriane som Målfrid ikkje haustar inn automatisk, det vil seie tekst i sosiale medium, skjema og digitale sjølvbeteningstenester, bed Språkrådet framleis om at statsorgana rapporterer sjølve. I januar kvart år får difor statsorgana eit Questback-skjema der Språkrådet bed dei gjere greie for bruken av bokmål og nynorsk i desse kategoriane for året som var. Fristen for å svare er 31. januar kvart år.

Språkrådet set saman tala frå Målfrid med resultata frå eigenrapporteringa. Både departement og andre sentrale statsorgan får deretter ei tilbakemelding om bruken av bokmål og nynorsk.

Enklare rapportering med Målfrid

Med Målfrid er rapporteringa av bokmål og nynorsk i staten blitt enklare og betre. Statsorgana seier at verktøyet gjer det mykje lettare å rapportere om og få oversyn over bruken av bokmål og nynorsk, og Språkrådet får sikrare grunnlag for tilsyn og tilbakemelding.

Språkbanken

Som ein tilleggsvinst får Nasjonalbiblioteket gjennom Målfrid hausta inn store mengder tekst som kan brukast til å utvikle språkdataa til Språkbanken. Språkbanken inneheld store datasett med norsk tekst og tale som blir nytta til å utvikle norsk språkteknologi. Ressursane i Språkbanken kan brukast av til dømes verksemder, språkforskarar og språkstudentar. Alle ressursane i Språkbanken er fritt tilgjengelege her.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.