Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Norsk språkråd

Norsk språkråd vart skipa ved lov av 18. juni 1971 om Norsk språkråd og avløyste Norsk språknemnd.


Norsk språkråd var eit rådgjevande organ og vart som Norsk språknemnd underlagt det departementet som då heitte Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Norsk språkråd begynte arbeidet i 1972.

Avisutklipp

Den siste fagnemnda i Norsk språkråd, på møte i 2004 (siste arbeidsåret)

Norsk språkråd
Framme frå venstre: Kjell Ivar Vannebo, Helge Sandøy. Bak frå venstre: Jan Terje Faarlund, Norunn Askeland, Olav Veka, Helge Dyvik, Brit Mæhlum, John Ole Askedal.

Formål og oppgåver

Norsk språkråd skulle verne om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremje tiltak som kunne auke kunnskapen om norsk språk, og fremje toleranse og gjensidig respekt mellom alle som bruker norsk språk i ulike variantar. Det skulle òg verne om rettane kvar enkelt har når det gjeld bruken av språket, følgje utviklinga av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlaget fremje samarbeidet i dyrkinga og normeringa av dei to målformene våre og stø opp om utviklingstendensane som på lengre sikt førte målformene nærmare saman.

Kvifor Norsk språkråd?

Den språkpolitiske situasjonen i 1950- og 1960-åra var nokså turbulent. I kjølvatnet av 1938-rettskrivinga og læreboknormalen i 1959 var det mange konfliktar, både mellom bokmåls-/riksmålsbrukarar og nynorskbrukarar og innanfor dei ulike språkleirane. Norsk språknemnd hadde ikkje hatt tilslutning frå dei språkbrukarane som høyrde til riksmålssida og ikkje kunne godta formålsparagrafen i vedtektene om tilnærming mellom målformene. Polemikken var ofte hard og førte til at dei meir kulturpolitiske sidene ved språket kom i bakgrunnen.

Ein av dei som var urolege for språkstoda, var Helge Sivertsen, som var kyrkje- og undervisningsminister 1960–1965. Han var redd for at begge målformene kom til å bli utarma og uroa seg for korleis det norske språket ville greie seg i møte med engelsk. Han sørgde derfor for at styresmaktene oppretta ein komité som skulle sjå på heile språksituasjonen. Komiteen vart kalla Vogtkomiteen etter komitéleiaren, Hans Vogt, som var rektor ved Universitetet i Oslo. Vogtkomiteen hadde representantar både frå Noregs Mållag, Riksmålsforbundet og Stortinget.

Komiteen skulle ta opp til drøfting heile språksituasjonen i landet og gjere framlegg om tiltak som kunne tene til å ta vare på og utvikle den norske språkarven. I mandatet var det framheva at komiteen særskilt skulle vurdere om og i tilfelle korleis Norsk språknemnd, eventuelt utbygd til eit norsk språkakademi, kunne få tilslutning frå alle som var interesserte i å verne om og auke rikdommen i norsk språk, og vidare om Norsk språknemnd eller eit norsk språkakademi og dei oppgåvene dette organet skulle ha, burde lovfestast.

Komiteen begynte arbeidet 15. april 1964 og la fram si Innstilling om språksaken 23. mars 1966.

Norsk språkråd vart oppretta ved lov i 1971 etter eit framlegg frå Vogtkomiteen. Komiteen hadde rådd til at det skulle opprettast eit språkvernråd som kunne ta opp språkpolitiske spørsmål på fritt grunnlag og drøfte seg fram til retningslinjer og former for reelt samarbeid om konkrete oppgåver. Eit fagleg utval innanfor rådet skulle ha i oppgåve å føre vidare det faglege utgreiingsarbeidet som Språknemnda hadde gjort, og ut frå det lage tilråding til rådet.

Institusjonen Norsk språkråd

Norsk språkråd fekk 42 medlemmer fordelte på to like store seksjonar, ein for nynorsk og ein for bokmål. Medlemmene vart oppnemnde av mange instansar: norske universitet og høgskolar, Grunnskolerådet, Gymnasrådet, Lærarutdanningsrådet, grunnskolen, gymnaset, folkehøgskolen, lærarskolen, Den norske Forfatterforening, Den norske Forleggerforening, Norsk Presseforbund, Norsk rikskringkasting, Riksmålsforbundet, Det Norske Akademi for sprog og Litteratur, Noregs Mållag, Det Norske Samlaget, Norsk Måldyrkingslag, Landslaget for språklig samling og Norsk Skuespillerforbund. Kontakten med dei politiske partia var sikra ved at Stortinget oppnemnde to medlemmer til kvar seksjon. Ved ei vedtektsendring i 1988 fall stortingsrepresentasjonen vekk, så frå då av hadde Norsk språkråd 38 medlemmer. Det har òg vore andre endringar i representasjonen, sjå vedlegget om medlemsorganisasjonar.

Slik rådet var samansett, reflekterte det eit ønske om å få med personar som kunne representere dei viktigaste skriftspråkbrukarane på ulike samfunnsområde, og dessutan – til skilnad frå Norsk språknemnd – representantar for dei språkpolitiske organisasjonane.

Ein ville kombinere sjølvstende for både bokmåls- og nynorskmedlemmene med samarbeid mellom representantane for dei to målformene, slik at rådsvedtaka verkeleg vart representative og den eine seksjonen ikkje kunne overkøyre den andre. Om eit rådsvedtak skulle vere bindande, måtte det ha fleirtal i begge seksjonane.

Rådet valde eit styre og ei fagnemnd. Fagnemnda hadde ansvaret for å greie ut og vurdere reint språklege spørsmål og gjorde slik mange av dei faglege oppgåvene Språknemnda hadde utført. Styret hadde seks medlemmer, tre frå kvar seksjon, og fagnemnda hadde åtte, fire frå kvar seksjon.

Dei første leiarane i rådet var forlagssjef Johs. Aanderaa, som representerte nynorsk, og rektor Gorgus Coward, som representerte bokmål.

Årsmøtet var det viktigaste møtet i Norsk språkråd. Det var vanlegvis den einaste gongen i året alle rådsmedlemmene var samla. På møtet vart vanlege årsmøtesaker behandla, og det vart gjort førebels vedtak i rettskrivingssaker før sakene gjekk til departementet til endeleg vedtak.

Det vart oppretta eit sekretariat som var ein god del større enn sekretariatet til Språknemnda. Det daglege arbeidet vart leidd av to kontorsjefar, ein for bokmål og ein for nynorsk. Sekretariatet var ikkje delt i to avdelingar, men styret gjorde vedtak om at det skulle vere om lag like mange medarbeidarar for kvar målform. Dei første kontorsjefane var Arnulv Sudmann (nynorsk) og Arnold Thoresen (bokmål). Begge hadde vore sekretærar i Norsk språknemnd.

Sekretariatet i Norsk språkråd heldt til i lokale i Drammensveien 158 på Skøyen i Oslo frå 1972 til 1990, på C.J. Hambros plass 5 frå 1990 til 2005 og flytte då til Observatoriegata 1 B, i eit nytt tilbygg til Nasjonalbiblioteket. Norsk språkråd hadde kontorfellesskap med Nordisk språksekretariat frå det vart oppretta i 1978 til 1996, då det nordiske språksamarbeidet vart omorganisert.

Norsk språkråds arbeid med offisiell norsk rettskriving

Norsk språkråd var eit rådgjevande organ. Rettskrivingsvedtak måtte derfor stadfestast av departementet. I 1983 kom det ein ny paragraf i vedtektene som gav Språkrådet fullmakt til å gjere endeleg vedtak i visse spørsmål, men vedtak om gjennomgripande endringar av heile system og vedtak om endring i skrivemåte eller bøying av enkeltord som tidlegare er normerte i norsk, skulle leggjast fram for departementet til godkjenning. Sjå Historikk om Norsk språkråds arbeid med offisiell norsk rettskriving.

Kort tid etter oppstarten i 1972 gjekk Norsk språkråd og Universitetet i Oslo saman om å utarbeide eittbands allmennordbøker (handordbøker) for bokmål og nynorsk. Ordbøkene skulle ha både definisjonar og fulle opplysningar om offisiell rettskriving. Sjølve ordbokarbeidet kom i gang i 1974. Mange normeringsspørsmål måtte greiast ut i samband med redigeringa. Ordbøkene kom ut med namna Bokmålsordboka og Nynorskordboka første gongen i 1986. Dei vart lagde ut på internett i 1990-åra og har vorte stadig viktigare som informasjonskanal om rettskrivinga i bokmål og nynorsk.

Endringar i bokmålsrettskrivinga i 1970- og 1980-åra

I 1970-åra var arbeidet i Norsk språkråd prega av rettskrivingsspørsmål, særleg i bokmål. Alt sommaren 1972 gjorde rådet det såkalla liberaliseringsvedtaket, som innebar at elevar kunne bruke sentrale riksmålsformer i skolearbeid. Vedtaket gjaldt hokjønnsbøyinga, fleirtalsbøying av inkjekjønnsord og fortidsbøying av svake verb. Elevane skulle ikkje få feil om dei brukte bøyingsformer som ikkje høyrde til gjeldande rettskriving.

Dette vedtaket var ein forløpar for meir omfattande rettskrivingsvedtak i rådet i 1979, der ei rad vanlege riksmålsformer vart tekne inn i bokmål. Stortinget gjorde endeleg vedtak i 1981, og det munna ut i St.meld. nr. 100 (1980–81) Endringer i rettskrivningen og læreboknormalen for bokmål.

Endringane bygde på eit omfattande arbeid i bokmålsseksjonen i Norsk språkråd og førte til store endringar i bokmålsrettskrivinga. Dei fleste endringane gjekk ut på å ta inn att i rettskrivinga ei rekkje former (ofte karakteriserte som riksmålsformer) som tidlegare hadde vorte haldne utanfor.

Endringane gjaldt to hovudgrupper av ord – hokjønnssubstantiv og svake verb. I mange hokjønnssubstantiv som hadde hatt endinga –som eineform i bestemt form eintal, vart no endinga –en innført anten som jamstilt hovudform ved sida av –a, eller som sideform til –som hovudform. Nokre eksempel: buksa buksa el. buksen, bygda bygda [bygden]. (Hakeparentes var ein vanleg måte å markere sideformer på i ordlistene.)

I dei svake verba vart det knesett eit prinsipp om gjensidig samsvar mellom preteritumsendingane – og –et. Prinsippet lydde slik: «Preteritum (fortidsform) på – og –et skal være mest mulig jamstilt når en av disse formene på forhånd er tillatt.» Bruken av dette prinsippet førte for eksempel til desse endringane (skråstrek mellom formene markerer valfridom): dekket/dekte > dekka/dekket/dekte, dåna/dånte > dåna/dånet/dånte.

I tillegg til vedtak om ordgrupper var det ei rekkje vedtak som gjaldt enkeltord.Vedtaka om enkeltord gjekk i same hovudlei som dei andre endringane. Visse former vart tekne inn i rettskrivinga, og andre ord fekk statusheving frå sideform til hovudform. Nokre eksempel: aure [ørret] > aure/ørret, feit [fet] > feit/fet, fram fram/frem, kvass hvass/kvass, molte molte/multe, sør syd/sør. Nokre sideformer som var samformer med nynorsk, vart tekne ut: salg [sal] > salgvalg [val] > valg.

Sjå elles oversikta over rettskrivingsvedtak.

Norvagisering

Ein del av rettskrivingsvedtaka frå 1980-åra og framover gjaldt fornorsking av skrivemåten av ord frå andre språk, særleg frå engelsk.

I 1984 vedtok Norsk språkråd fornorska skrivemåte av ganske mange framandord, f.eks. avokado for avocado, ayatolla for ayatollah, getto for ghetto og valfritt jogurt eller yoghurt for yoghurt. Vedtaket var ledd i ei felles nordisk/skandinavisk samordning av skrivemåten av ein god del framandord. Nokre av framlegga vart ikkje godkjende av departementet, f.eks. kvilte for quilte og spreie/sprei for spraye/spray.

Norvagisering vart teke i bruk i 1990-åra som nemning for tilpassing av framandord til norsk skrivemåte.

I 1996 vedtok Norsk språkråd på ny norsk skrivemåte av ein god del framandord. Dei fleste vart godkjende av departementet, for eksempel catering catering/keiteringchampagne champagne/sjampanjeguide (substantiv) > guide/gaidguide (verb) > guide/gaideservice service/sørvissquash squash/skvåsj.

Femten ord vart ikkje godkjende av departementet. Det gjaldt m.a. desse orda der den gjeldande skrivemåten står først og den underkjende i parentes: booke (boke), ranch (ransj), rush (rusj), snackbar (snakkbar), snacks (snaks) og taxi (taksi). Departementet bad då Språkrådet lage ei utgreiing om framandord som kunne «gi et bredere faglig og språklig grunnlag for fremtidige normeringer».

Framlegga frå Språkrådet vekte oppsikt i media og vart livleg diskuterte. Utgreiinga, som fekk tittelen Lånte fjører eller bunad? Om norsk skrivemåte av importord (av Helge Sandøy), var ferdig i august 1997 og vart behandla på årsmøtet i Norsk språkråd i februar 1998. Det vart vedteke nokre prinsipp som skulle leggjast til grunn for normering av framandord, eller importord, ei ny samnemning for framandord og lånord. Rådet slutta seg til retningslinjene med det atterhaldet at norvagisering skulle skje i moderat tempo, og at ein skulle ta rimeleg omsyn til reaksjonar frå publikum.

Sjå elles nettsida Norsk for engelsk.

Rettskrivingsreform for begge målformene

Midt i 1990-åra sette Norsk språkråd i gang eit nytt reformarbeid i begge målformene med tanke på å stramme inn og forenkle begge normalane. Det førte til ny rettskriving i bokmål i 2005 og i nynorsk i 2012. Eit viktig trekk i reformene var at skiljet mellom hovudformer og sideformer vart oppheva i begge målformene. Det skulle ikkje lenger vere nokon trongare læreboknormal innanfor rettskrivinga. Like eins skulle valfridommen strammast inn, først og fremst ved at former som var lite brukte i skrift i samtida, vart avskaffa.

I bokmål var det eit mål å redusere talet på valfrie former som ikkje hadde fått fast fotfeste i bruken, særleg gjaldt det tilnærmingsformer frå 1938, ofte sideformer. På den andre sida tok ein inn att nokre riksmålsformer som vart tekne ut av normalen i 1938 eller 1959, og som ikkje vart tekne inn att i 1981, men var godt etablerte i språkbruken.

Enkeltvedtak

I heile perioden til Norsk språkråd vart det gjort mange små og større rettskrivingsvedtak – normering av tidlegare unormerte ord eller justeringar i system eller kategoriar. Vedtaka vart gjorde med utgangspunkt i spørsmål som var aktuelle på eit eller anna vis, for termarbeidet, for arbeidet med historiske og geografiske namn, for lærebokgranskinga, redigeringa av Bokmålsordboka og Nynorskordboka eller på grunn av spørsmål frå publikum. Dei fleste vedtaka var fellesvedtak, dvs. dei gjaldt både bokmål og nynorsk, nokre vedtak gjaldt berre den eine målforma.

Vedtak om prinsipp

I 1990-åra gjorde Norsk språkråd fleire vedtak om prinsipp for normering. Det vart vedteke prinsipp for normering av importord (norvagiseringsreglane), retningslinjer for opptak av tyske og danske importord i nynorske ordlister og ordbøker og retningslinjer for transkripsjon av namn i nygresk. Tidlegare hadde Norsk språkråd arbeidd med transkripsjon av kyrillisk. I 2001 vedtok Språkrådet råd om uttale og dessutan retningslinjer for bruk av sensitive ord.

Tilnærmingslinja i norsk språkpolitikk

Tanken om at bokmål og nynorsk skulle smeltast saman til ei målform, var mykje varsamare uttrykt i lov om Norsk språkråd enn i vedtektene for Språknemnda. I 1980- og 1990-åra spela tilnærming i praksis lita rolle. I St.meld. nr. 13 (1997–98) Målbruk i offentleg teneste seier Kulturdepartementet: «Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i praksis som mindre aktuell.»

12.11.2002 vedtok Odelstinget samrøystes å ta ut paragraf 1 bokstav b av lova, som lydde slik:

[Norsk språkråd skal]

følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen,

Med det var det offisielt slutt på tilnærmingslinja i norsk språkpolitikk.

Ordtilfanget i nynorsk

Arbeidet med normering av nynorsk skriftmål var lenge prega av at det mangla ei stor rettskrivingsordbok på linje med Tanums store rettskrivningsordbok for bokmål. Ein var rett og slett ikkje sikker på korleis moderne nynorsk såg ut.

Før Nynorskordboka kom i 1986, gav Alf Hellevik: Nynorsk ordliste, større utgåve det mest omfattande oversynet over normert nynorsk. Men ei ordliste er ei altfor mager rettleiing. Ei ordliste kan ikkje ha med stort av samansetningar, ho må først og fremst ta med grunnord og lite av ordforklaringar. Mindre brukte ord, anten det gjeld målføreord eller fagord, må vike for det sentrale ordtilfanget. Ei anna side ved nynorsk ordtilfang er å setje grensa mot bokmål.

Utvalet for nynorsk ordtilfang

Blant grupper av nynorskbrukarar hadde det lenge vore uro over den måten som ajourføringa av ordforrådet i nynorske ordlister gjekk føre seg på. Til vanleg sette ordlisteredaktørane sjølve inn det dei meinte måtte med, og slike tillegg vart så vurderte av Norsk språkråd når ordlistene var inne til godkjenning.

På rådsmøtet i januar 1981 drøfta Norsk språkråd om det var råd å få til klarare rammer for arbeidet med ordtilfanget i nynorsk. Våren 1981 vart det så sett i gang eit større utgreiingsarbeid der målet var dels å få fram heilskapen i det nynorske ordtilfanget, dels å komme fram til klarare rettleiing til lærarar og skoleelevar. Det vart sett ned ei nemnd med Kjell Venås, leiaren i fagnemnda, som leiar. Nemnda fekk dette mandatet:

Utvalet skal på fritt grunnlag vurdere ideologi og tradisjon, normert og røynleg bruk av ordtilfanget i nynorsk. Det skal særskilt drøfte om det er mogleg og tilrådeleg å opne nynorsk skriftmål for ordtilfang som i den normerte tradisjonen medvite har vore halde ute tidlegare, og vidare korleis slikt tilfang eventuelt skal normerast. Utvalet skal òg drøfte vilkåra for å utnytte meir lokalt avgrensa ordtilfang frå dialektane i nynorsk skriftmål, og det skal vurdere retningslinene for å leggje fram det nynorske ordtilfanget i handordboka [dvs. Nynorskordboka] og i ordlister. I alt arbeidet sitt skal utvalet ta omsyn både til den nynorske skrifttradisjonen og til dei pedagogiske krava til eit skriftmål i skulen.

Nemnda leverte ei innstilling i 1983, og utkastet vart sendt på høyring. Det var ulike meiningar om kor mykje ein burde opne nynorsk for ordtilfang som tidlegare medvite hadde vore halde ute. Dei fleste merknadene gjekk ut på at ein burde vere varsam, men det var ulike syn på kor restriktiv ein burde vere.

Då arbeidet vart avslutta, hadde Venåsnemnda delt seg i eit fleirtal og eit mindretal. På årsmøtet i Norsk språkråd i 1984 gjorde nynorskseksjonen dette vedtaket:

Tilrådinga om nynorsk ordtilfang, både fleirtalstilrådinga og dissensen, alle omsegner som er komne inn til Språkrådet i samband med høyringsrunden, og referata frå møta om saka blir lagde til grunn for arbeidet med nynorsk ordtilfang i framtida.

Ingen ønskte open strid om ordtilfanget og målbruken i nynorsk. For mange på nynorsksida, blant anna Noregs Mållag, vart det viktig å få saka i hamn utan splittande strid nynorskfolk imellom. Og det er sannsynleg at dette omsynet vog tungt også for medlemmer i nynorskseksjonen. Løysinga vart derfor eit kompromiss.

Rundskriv til skolane

Initiativet til drøftinga av ordtilfanget i nynorsk kom blant anna frå skolen, og spørsmålet om innlæring av nynorsk skriftmål og om korleis lærarane skulle rette og rettleie, stod sentralt. For å komme dette behovet i møte laga Norsk språkråd eit rundskriv som Kyrkje- og undervisningsdepartementet sende ut til skolane i 1984. Der er det lagt vekt på at ordlistene ikkje set faste grenser for ordtilfanget. Det blir slått fast at ord som ikkje har hatt rom i tradisjonell nynorsk, men som ikkje bryt med målforma i oppbygnad og bruk, ikkje bør reknast som feil i elevarbeid. Det blir òg opna for varsam inntaking av ord med for- og etterledd som ein tradisjonelt ikkje har godteke i nynorsk, særleg dei såkalla anbeheitelse-orda. Rundskrivet understreka at stilidealet er uendra. I god nynorsk skal stilen vere prega av den munnlege uttrykksforma, med mykje bruk av verb og med aktiv setningsform. Rundskrivet vart teke inn i innleiinga til Helleviks ordliste i 1980- og 1990-åra.

Norsk språkråd vedtok ei ordning for godkjenning av ordtilfanget i nynorske ordlister. Frå 1984 var det slik eit eige punkt i årsmeldinga, «Ord som kan takast inn i nynorsk»der godkjende, utradisjonelle ord i nynorsk er lista opp, for eksempel alminneleg, hesleg, innrømme, plutseleg, antrekkbevisnyheittomheit. Resultatet av arbeidet vart altså ei viss opning mot utradisjonelle ord i nynorsk.

Ny drøfting av ordtilfanget i 1990-åra

På 1990-talet drøfta Norsk språkråd på nytt ordtilfanget i nynorsk. Denne gongen gjaldt drøftinga særleg retningslinjer for opptak av tyske og danske importord i nynorske ordbøker og ordlister.

Bakgrunnen for den nye drøftinga var at vedtaket frå 1984 ikkje gav fagnemnda noko klart mandat for opptak av ord i nynorsk. Framleis måtte fagnemnda og Norsk språkråd gjere vedtak om eitt og eitt ord, meir eller mindre etter skjønn.

Dei som sat i fagnemnda på slutten av 1990-talet, meinte derfor at det trongst klarare retningsliner for å komme bort frå ein praksis med meir eller mindre tilfeldig godkjenning av einskildord. Fagnemnda ønskte dessutan å fjerne oppfatninga av nynorsk som eit «forbodsspråk». Retningslinjene skulle vere slik formulerte at dei opna for dei vanlegaste orda som er i dagleg bruk i norske dialektar og i folkeleg norsk daglegspråk, samstundes som det ikkje skulle vere fritt fram for alle slags dansk-tyske skriftspråkord.

På årsmøtet i 1999 vedtok Norsk språkråd dei nye retningslinjene for kva ord som skal kunne takast inn i nynorske ordlister og ordbøker. Dei orda det gjaldt, var først og fremst tyske og danske importord, mellom anna anbeheitelse-orda. Vedtaket inneheldt både allmenne retningslinjer og retningslinjer for særlege ordgrupper.

Nyordsarbeid i Norsk språkråd

I Norsk språkråds tid gjekk det nordiske samarbeidet om nyord over i ein ny fase. Istadenfor å publisere årlege lister med nyord vart nemndene samde om å gje ut eit større samla oversyn over tilveksten av ord i etterkrigstida. Planen var å gje ut tre ordbøker som skulle utarbeidast parallelt for dansk, svensk og norsk. I kvar bok skulle det vere med synonym på dei andre språka for ord som ikkje var felles. Dette arbeidet resulterte i bøkene Nyord i norsk : 1945–1975 (1982), Nyord i svenskan från 40-tal til 80-tal (1986) og den danske Nye Ord 1955–98 (1999).

I arbeidet med nyorda samarbeidde både Norsk språkråd og Norsk språknemnd med dei store vitskapelege ordbokverka som vart samla på Norsk leksikografisk institutt i 1972 ved Universitetet i Oslo.

Innsamlinga av nyord heldt fram etter at Nyord i norsk 1945–1975 kom ut. I Språknytt har det vore ei fast spalte med nyord frå nr. 4-1977. Det har også vore fleire artiklar om nyord i bladet.

Terminologi, fagspråk og allmennord

Norsk språkråd såg tidleg behov for å utvikle norske termar på ulike fagområde og gjekk i gang med fleire fagspråkprosjekt. Eit viktig prosjekt var Norsk dataordbok, som kom i fleire utgåver mellom 1976 og 1997. Ein del termprosjekt frå Språknemnda vart vidareførte, og ein del prosjekt var eit samarbeid med Rådet for teknisk terminologi. (Sjå lista med publikasjonar blant vedlegga.)

Norsk språkråd hadde den haldninga at ein ofte kunne erstatte utanlandske ord, særleg engelske, med norske, både i faglege tekster og i allmennspråket. Slike spørsmål var aktuelle i den språklege granskinga av lærebøker og i den løpande rådgjevinga.

Etter at arbeidet med ei større rettskrivingsreform i bokmål var avslutta, følgde Norsk språkråd frå slutten av 1970-åra kritisk med på bruken av engelsk i ulike samfunnsområde. Rådet såg på det som har vore kalla korpusplanlegging (arbeid med ordforrådet) og statusplanlegging (språkbruksvern), som to sider av same sak. Arbeidsmåten var lenge å skrive brev til firma som brukte engelsk for eksempel i stillingsannonsar, og påtale det, men det kom lite ut av dette.

Engelsk i norsk og engelsk i Noreg

Eit stykke ut i 1980-åra begynte Norsk språkråd å leggje meir vekt på kulturpolitiske saker. Det vart naturleg å arbeide meir med språkvern, som Norsk språkråd etter lova var forplikta til. På årsmøtet i 1987 vart påverknaden frå engelsk drøfta særskilt, og det vart vedteke å arbeide meir systematisk på dette feltet. Norsk språkråd fekk seinare støtte frå politisk hald for synet sitt og fekk signal om at det burde prioritere haldningsskapande arbeid.

Aksjonen for språkleg miljøvern

I 1990-åra starta Norsk språkråd planmessig arbeid mot engelsk press på norsk og vende seg til skolen, næringslivet, media og ålmenta. Planane om ein haldningskampanje hadde teke form i 1989, og det vart tidleg klart at ein ville arbeide på fleire frontar samtidig. To målgrupper vart peikte ut som ekstra viktige: næringslivet og ungdommen. I 1990 kom kampanjen i gang og fekk namnet Aksjon for språkleg miljøvern – ein haldningskampanje mot unødvendig og uheldig bruk av engelsk i norsk.

Norsk språkråd fekk ein del kritikk for namnet på kampanjen. Somme hevda at det kunne gje assosiasjonar til reinleik og ureining. Bakgrunnen for namnet var at delar av næringslivet på den tida hadde begynt å bruke engelsk i reklame og annonsar, og innslag av engelsk i butikknamn og på skiltreklame var svært iaugefallande.

I samband med kampanjen vart det sett i gang fleire tiltak. Ja til norsk! var eit informasjonshefte for skolen. Det inneheldt arbeidsoppgåver, polemiske utfall og faktisk informasjon og vart sendt gratis til alle sjuandeklasser i heile landet dei åra kampanjen var i gang. Heftet kom seinare i ny utgåve under namnet Norsk – i nye tusen år? og vart trykt opp att fleire gonger. Det vart òg laga klistremerke, jakkemerke, postkort osv., og rådsmedlemmer og andre let seg intervjue av media og var med i NRK-program på andre måtar.

Som ledd i aksjonen vart det laga eit informasjonshefte til alle språkinteresserte som spesialnummer av Språknytt (nr. 2-1990). I Språknytt vart elles arbeidet mot engelsk påverknad dekt gjennom fleire artiklar.

Hausten 1991 lanserte Språkrådet ein særskild næringslivsbrosjyre om språk og språkvern, der hovudperspektivet var internasjonalisering og domenetap. Slagordet då var Bruk hovudet, snakk norsk!

Kampanjen Aksjon for språkleg miljøvern vart avslutta i 1993. Norsk språkråd heldt likevel fram arbeidet for å styrkje norsk andsynes engelsk. Ein del av aktivitetane frå aksjonen vart førte vidare, men Norsk språkråd gjekk bort frå å kalle arbeidet språkleg miljøvern. Arbeidsfeltet gjekk under ulike namn: statusvern for norsk, arbeid mot unødvendig bruk av engelsk i norsk, språkvern og språkstyrking.

Diplom for godt namnevett

I 1991 begynte Norsk språkråd å dele ut diplom for godt namnevett til føretak som hadde valt gode norske namn på verksemda. Det første året fekk m.a. desse diplom: Skulsekkjin (skoleavis, Sekken i Molde kommune), Det lille under (undertøyforretning, Oslo), Den Rustne Eike (sykkelverkstad, Oslo) og Fast Fisk (fiskeutstyrsforretning, Oslo).

Norsk språkråd og seinare Språkrådet har sidan delt ut diplom eit par gonger i året og hatt som mål å dekkje heile landet.

Namn i neon

Som eit ledd i arbeidet for å fremje bruken av norske namn skrivne på norsk vis på bedrifter, etatar og organisasjonar laga Norsk språkråd i 1993 brosjyren Namn i neon / Navn i neon. Brosjyren var skriven for namngjevarar i det private og det offentlege og inneheldt informasjon om namnevett og dei skrivereglane som er mest aktuelle når ein lagar namn. Namn i neon vart etter kvart lagd ut på nettsidene til Norsk språkråd.

Norsk språkpris

Frå 1992 til 2003 delte Norsk språkråd ut Norsk språkpris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Prisen vart delt ut på årsmøtet i Norsk språkråd, annakvart år for bokmål og annakvart år for nynorsk (det var inga utdeling i 2000 og 2002).

Ordsmia

I 2000 oppretta Norsk språkråd eit nettbasert diskusjonsforum, Ordsmia, der språkinteresserte vart inviterte til å diskutere engelske importord og norske avløysarord.

Talet på påmelde deltakarar i Ordsmia varierte ein god del. Den første hausten var det ikring 200, men seinare var talet både lågare og høgare. I Ordsmia kunne ein diskutere importord i både fagspråk og allmennspråk. Dei fleste orda som var framme, var likevel henta frå nokre få fagområde, blant anna IT og næringslivet, truleg fordi mange av deltakarane representerte desse felta.

Ordsmia vart avvikla i 2010 fordi det hadde vore lite aktivitet i forumet dei siste åra, og fordi Språkrådet prioriterte andre tiltak og arbeidsmåtar.

Nokre frukter av arbeidet i Ordsmia finst i ordlista På godt norsk, som vart lagd ut på nettsidene til Norsk språkråd, og gradvis har vorte supplert med nytt stoff. Det er ei liste med oppslagsord på engelsk og framlegg til norske avløysarar.

Større vekt på arbeid med språkvern

Ved tusenårsskiftet var arbeidet til Norsk språkråd prega av ei dreiing mot større vekt på språkvern og språkstyrking. Under overskrifta «Språkvern» i årsmeldinga frå 2000 heiter det:

Språkrådet arbeider med tiltak for å hindre at norsk språk – bokmål og nynorsk – blir tilsidesett som bruksspråk og fagspråk på viktige samfunnsområde. […]

Språkrådet har i mange år arbeidd for å styrkje bruk av norsk språk i Noreg. I St.meld. 13 (1997–98) Målbruk i offentleg teneste står det at rådet «bør oppgraderast til å kunne vere eit statleg instrument for eit langsiktig og effektivt språkvernarbeid», og langtidsplanen for perioden 2001–2003 slår fast at verksemdsområdet språkvern no skal prioriterast endå høgare enn før.

Norsk språk og informasjonsteknologi

I 2000 fekk Norsk språkråd i oppgåve å fremje norsk språk, bokmål og nynorsk, i informasjonsteknologi. Språkrådet fekk to stillingar til dette arbeidet. I juni 2001 la Norsk språkråd fram ein plan for arbeidet. Planen var del av den såkalla e-Noreg-planen til regjeringa og var grunnlaget for dagens arbeid med digitalisering av offentlege tenester.

Det største tiltaket som vart foreslått i handlingsplanen frå 2001, var å etablere ein språkbank, ei samling digitale språkressursar, som skal vere ein teknologisk infrastruktur for alle former for språkteknologisk bruk. Språkrådet var pådrivar for å få etablert Språkbanken og utarbeidde konkrete planar for etableringa saman med aktuelle miljø i industri og forsking. Prosessen tok tid, men i 2010 gav Kunnskapsdepartementet Nasjonalbiblioteket i oppdrag å etablere Språkbanken.

Eit anna tiltak i handlingsplanen er Rosings språkpris, som vart oppretta i samarbeid med Den norske Dataforening i 2002 for å fremje godt språk i programvare og i tenester.

Eit tredje viktig tiltak er å samle, standardisere, utvikle og gjere tilgjengeleg norsk IKT-terminologi. Ein del arbeid vart gjort tidleg på 2000-talet, men først då det vart oppretta ei eiga gruppe for terminologi og fagspråk i sekretariatet i Språkrådet i 2009, vart det etablert ei datatermgruppe som no arbeider systematisk med norsk dataterminologi.

Språkrådet har nær kontakt med miljø som arbeider med politikkutvikling, forsking og produkt- og tenesteutvikling både nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Nettverket av nordiske språknemnder har etter kvart fått ei eiga arbeidsgruppe for språkteknologi.

Mastergradsstipend

I 2001 begynte Norsk språkråd å dele ut stipend til mastergradsstudentar som skulle skrive avhandling om bruk av engelsk og norsk i samfunnet. Føremålet var å få meir kunnskap om bruken av språka på visse samfunnsområde, særleg i arbeidsliv og høgare utdanning.

Dei første åra vart det delt ut stipend til studentar som skreiv om bruk av engelsk i norsk pop og rock, engelsk som konsernspråk i ei norsk bedrift, språkleg sosialisering blant mastergradsstudentar i økonomi og engelsk som akademisk språk i Noreg.

Seinare er det delt ut stipend nesten kvart år til studentar som skriv om ulike språklege tema: språk i offentleg sektor, fagspråk og terminologi og teiknspråk, språk i skolen osv. Stipendutdelinga har halde fram etter at Språkrådet avløyste Norsk språkråd.

Parallellspråklegheit

Omgrepet parallellspråklegheit vart introdusert av ei språkpolitisk referansegruppe under Nordisk råd. I omgrepet la dei «systematisk sidestilling av to eller fleire språk i akademisk samanheng, som eit slags generelt språkpolitisk prinsipp med lange historiske røter». Tanken var å satse på både engelsk og nasjonalspråket (nasjonalspråka) og eventuelt andre språk, slik at begge (alle) kunne brukast parallelt. Omgrepet vart brukt først og fremst på eitt samfunnsområde, høgare utdanning.

Norsk språkråd arrangerte fleire konferansar for å samle kunnskap om bruken av språk i arbeids- og næringslivet. Ein viktig konferanse var Norsk som framtidsspråk i arbeids- og næringsliv på Lysebu i Oslo i 1995Ein rapport frå konferansen er trykt i Norsk språkråds skrifter nr. 1-1995.

To konferansar som Norsk språkråd arrangerte på byrjinga av 2000-talet, viste at det gjekk føre seg ei språkpolitisk nyorientering ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt både i Noreg og Norden elles. Den eine konferansen var Engelsk – elitenes nye latin? i Trondheim i 2003. Den andre var Engelsken og de nordiske språkene på høgskoler og universitetet. En konferanse om parallellspråklighet – arrangert av Nordens språkråd og Norsk språkråd i Oslo i 2004.

Nyorienteringa inneheldt to tendensar, for det første auka medvit om behovet for ein språkpolitikk for dette feltet, også konkret utforma ved kvar institusjon. For det andre vaks det fram tankar om ei målmedviten jamstilling av nasjonalspråket (norsk, dansk, svensk osv.) med engelsk. I staden for «anten norsk eller engelsk» sa ein ved universitet og høgskolar ofte «både norsk og engelsk», men spurde også «når?» og «i kva for samanhengar?».

Lærebokgransking

Språkleg gransking av godkjenningspliktige lærebøker var ei fast arbeidsoppgåve for Norsk språkråd, slik det hadde vore for Norsk språknemnd.

Noreg er eit av få land som har hatt ei godkjenningsordning for lærebøker. Alt i folkeskolelova av 1889 var det ein regel om godkjenning av lærebøker, og den høgare allmennskolen fekk si godkjenningsordning i 1896. Godkjenningsplikta gjaldt først berre kristendomsbøker, men vart seinare utvida gjennom lover og forskrifter.

Før Språknemnda vart oppretta, var det faste konsulentar, såkalla rettskrivingssakkunnige, som gjorde dette arbeidet, men med Språknemnda kom arbeidet inn i fastare former.

Godkjenningsordninga

Den offentlege godkjenningsordninga for lærebøker skulle sørgje for at lærebøkene formidla kunnskap som var fagleg korrekt og i ei språkform som var i tråd med gjeldande reglar, tilpassa det klassetrinnet bøkene var berekna for. Ordninga skulle vidare sikre at lærebøkene fremja dei overordna måla som var fastslått i formålsparagrafane i skolelovene og var nærmare utdjupa i dei generelle delane av læreplanane og undervisningsplanane for kvart fag.

Innanfor godkjenningsordninga var Språknemnda og Norsk språkråd rådgjevande organ for departementet.

Godkjenningsordninga var heimla i skolelovene. I folkeskolelova av 1959 paragraf 35 heiter det: «Departementet skal godkjenna dei lærebøker som blir nytta i skolen.» Den første tida var det ikkje detaljerte reglar for korleis godkjenningsordninga skulle praktiserast. Reglane for godkjenning vart skisserte i St.meld. nr. 35 (1957) Om lærebøkene i skoleverket. På grunnlag av stortingsmeldinga og stortingsdebatten vart dei første godkjenningsreglane fastsette ved kronprinsregentens resolusjon av 19. oktober 1962.

Godkjenningsreglane frå 1962 sa at lærebøkene skulle granskast av éin fagkonsulent, éin språkkonsulent (eventuelt to) og éin pedagogisk konsulent. Kristendomsbøker skulle i tillegg granskast av tre teologisk sakkunnige. Norsk språkråd stod for den språklege granskinga, dei sakkunnige skoleråda for den faglege og pedagogiske. Noko seinare kom det inn at ein likestillingskonsulent skulle uttale seg om alle bøkene.

Rutinane for den språklege kontrollen

Den språklege granskinga av lærebøker bestod i å kontrollere at språket i bøkene følgde gjeldande reglar (frå 1959 gjaldt læreboknormalen), i leseverka skulle stoff fordelast på bokmål og nynorsk etter visse reglar (kvotefordeling), og det var reglar for utgjeving av parallellutgåver av bøker på bokmål og nynorsk og for normering av tekster i leseverk og songbøker. Når det gjaldt norskbøker, uttalte Norsk språknemnd og Norsk språkråd seg også om det faglege og pedagogiske. Rettskrivingsordlister vart gjennomgått etter eigne reglar.

Norsk språknemnd og Norsk språkråd fekk tilsendt manuskripta til lærebøkene frå forlaga før trykking og sende anten tilråding om godkjenning eller avvising til dei instansane som godkjende lærebøker. Godkjenning av ordlister hadde Norsk språkråd fått eineansvar for alt i 1984.

I årsmeldingane for Språknemnda var det lister over dei lærebøkene som var granska i løpet av året. I den første tiårsperioden hadde Språknemnda 1161 bøker til språkleg gransking, mens talet i den siste tiårsperioden var 1837. Listene viser at det var ein god del fleire bøker på bokmål enn på nynorsk, mellom 100 og 200 fleire kvart år. Ein del av titlane kom på den tida berre på bokmål og ikkje i nynorske parallellutgåver.

Ifølgje årsmeldingane for Norsk språkråd kom det i 1972 inn 243 lærebokmanuskript til gransking, 151 på bokmål, 69 på nynorsk og 23 fellesutgåver. I 1990 var talet 367 manus i alt, 170 på bokmål, 172 på nynorsk og 31 fellesutgåver. I 1999 kom det inn 485 lærebokmanus, 207 på bokmål, 204 på nynorsk og 74 fellesutgåver. (Tala frå 1999 er spesielt høge på grunn av skolereformene, som gjorde at det trongst mange nye lærebøker.)

Lærebokgranskinga var svært tidkrevjande. Kåre Skadberg, kontorsjef i Norsk språkråd i mange år, skreiv midt i 1980-åra i artikkelen «Lærebøkene – ein føresetnad for eit høgt utdanningsnivå» (i Mæhle ofl. (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988at lærebokgranskinga var den største arbeidsoppgåva for sekretariatet i Norsk språkråd.

Normering av tekster i leseverk og songbøker

I Noreg er det tradisjon for å normere språket i litterære tekster til skolebruk av pedagogiske grunnar. Det har vore gjort sidan midten av 1800-talet. I 1961 gav Norsk språknemnd ut skriftet Målform og normering i lese- og sangbøker som første skrift i Språknemndas skriftserie. Skriftet var ei rettleiing for dei som arbeidde med lese- og songbøker og liknande, der det var bruk for ei viss språkleg normering.

I 1982 tok Norsk språkråd initiativ til å få justert reglane, og i 1987 vart nye reglar godkjende av Kyrkje- og undervisningsdepartementet og trykte i årsmeldinga frå Norsk språkråd. Desse normeringsreglane gjaldt òg tekster i norsklærebøker og lesebøker.

Fordeling av bokmål og nynorsk i lesetekster i norskfaget

Tidleg var det reglar for kor mykje stoff eit leseverk for skolen bør ha på bokmål og på nynorsk. Reglane var frå 1934 og gjekk ut på at «bimålstekstens sidetall skal utgjøre minst 1/3 av lesebokverkets samlede sidetall».

Under arbeidet med ny læreboknormal i 1950-åra tok Norsk språknemnd opp spørsmålet om ei endring av fordelingsreglane. I vanlege lesebøker var det ønskjeleg å sikre eit rimeleg utval av tekster med meir variert språkform, og derfor vart minimumskvoten for sidemålet sett ned frå ein tredel til ein firedel med godkjenning frå departementet. Til gjengjeld vart det i lesebøker på bokmål kravd at minst ein femdel av heile leseverket skulle ha «radikale» former. Departementet godkjende forslaget frå Språknemnda i 1959, og kvotereglane vart så trykte i skriftet Målform og normering i lese- og sangbøker frå 1961.

Vogtkomiteen (1966) drøfta fordelingsreglane for lesetekster i norskfaget. Leseverka hadde endra karakter, og det vart derfor aktuelt å vurdere reglane på nytt. I 1978 kom det nye reglar, utarbeidde av Norsk språkråd. Desse reglane gjaldt grunnskolen. Det fanst ikkje særskilde reglar for kvotefordeling i leseverk for gymnaset og seinare den vidaregåande skolen. Når slike verk skulle godkjennast, bygde ein på det undervisningsplanane sa om kva elevane skulle lese.

Dei gamle kvotefordelingsreglane vart i 1998 erstatta av dette leddet i paragraf 9–4 i den nye opplæringslova: «Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk.» Det var sterk misnøye i Norsk språkråd med dette, og det vart sendt eit brev til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om saka. Men godkjenningsordninga for lærebøker fall bort i 2000, og då vart det òg slutt på samarbeidet Norsk språkråd hadde hatt med forlaga om fordeling av tekster på begge målformer i lærebøker.

Handbok i lærebokgransking

I 1999 gav Norsk språkråd ut Godt språk i lærebøker. Rettleiing i lærebokgransking med støtte frå Nasjonalt læremiddelsenter, Den norske Forleggerforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Boka er skriven for lærebokkonsulentar, men er nyttig også for dei som skriv og omset bøker eller arbeider med manus.

Slutt på godkjenningsordninga

Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) gjorde regjeringa framlegg om at heile den offentlege godkjenningsordninga for lærebøker skulle falle bort. I juni 2000 vart dette vedteke av Stortinget og sett i verk straks.

Språkrådet gjekk i ei høyringsfråsegn sterkt inn for å halde ved lag den språklege delen av godkjenningsordninga, men vann ikkje fram. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet meinte at den språklege kvaliteten i lærebøkene vart godt nok sikra gjennom føresegna om at lærebøkene skulle følgje læreboknormalen, og at forlaga ville sørgje for det.

Norsk språkråd såg det som svært viktig at godkjenningsordninga for ordlister vart halden oppe, og tok opp saka direkte med kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget. Det førte til at det kom inn eit nytt ledd i paragraf 9 i opplæringslova: «Ordlister og ordbøker til skolebruk skal godkjennast av Språkrådet.»

Arbeid med måljamstilling

Bruken av bokmål og nynorsk i statsforvaltninga er regulert ved lov. Den første lova om målbruk i offentleg teneste var lov 6. juni 1930 om målbruk i statstenesta. Den lova vart avløyst i 1980 av lov 11. april 1980 om målbruk i offentleg teneste (mållova).

Norsk språknemnd fekk ein del spørsmål som hadde med offentleg målbruk å gjere. Det kunne gjelde språket i skolen, bruk av målform i svar frå statsorgan, bruk av målform i eksamensoppgåver osv. Det var altså saker som sorterte under ulike lovverk.

I Norsk språkråd si tid auka denne typen spørsmål. Somme sende klage direkte til Norsk språkråd, andre klaga til den institusjonen det gjaldt, med kopi til Språkrådet, og Språkrådet sende klagene over til departementet. Oftast gjaldt klagene manglande bruk av nynorsk.

Norsk språkråd får overført tilsynsoppgåver

Frå og med 1994 fekk Norsk språkråd overført frå Kulturdepartementet ein del tilsynsoppgåver etter lov om målbruk i offentleg teneste. Etter dette har Norsk språkråd hatt ansvaret mellom anna for å hente inn årlege målbruksrapportar frå alle statsorgan under departementsnivå, drive informasjon og rettleiing om målbruksreglane og følgje opp dei organa som ikkje kan dokumentere at dei etterlever lova.

Til å ta seg av arbeidet med dei oppgåvene som vart overførte i 1994, fekk Norsk språkråd ei ny stilling, som også skulle omfatte generelt informasjonsarbeid.

No kom tilsynsarbeidet med mållova inn i fastare former. Det vart laga rutinar for innhenting av rapportar om målbruken i statsorgana, det vart sendt ut informasjon og sett i gang opplæringstiltak.

Administrasjon av namnekonsulenttenesta (stadnamntenesta)

Lov om stadnamn 1990 innebar ei utvida og desentralisert namnekonsulentordning. Landet vart delt inn i fire universitetsområde, med to oppnemnde konsulentar (bokmål og nynorsk) i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø på åremål for seks år om gongen. Konsulentane har sekretærar i fast stilling som skal førebu og ekspedere sakene. I tillegg er det ein konsulent for nordsamisk, ein for lulesamisk, ein for sørsamisk og ein for kvensk.

NOU 1983: 6 Stadnamn, som låg til grunn for lov om stadnamn frå 1990, foreslo det såkalla stadnamnutvalet at det skulle opprettast eit stadnamnråd med ti medlemmer, fem namnekonsulentar og fem representantar for forvaltninga. Rådet skulle «gi fagleg rettleiing til departementet og andre oppdragsgivarar i allmenne og prinsipielle stadnamnspørsmål, gi fråsegn i klagesaker, ha fagleg ansvar for at namnekonsulentane fører eins praksis og vurdere endringar i forskriftene» (Ot.prp. nr. 66 (1988–89) Lov om stadnamn pkt. 5.6.2.). Departementet såg ikkje sterke nok grunnar til å opprette eit slikt nytt og stort organ, og foreslo i staden «at Norsk språkråd blir tillagt dei oppgåvene Stadnamnutvalet har meint skulle leggjast til Norsk stadnamnråd. […] Når det gjeld tilsynet med at stadnamnkonsulentane fører eins praksis, er departementet samd med Språkrådet i at dette best kan varetakast ved at konsulentane, saman med sekretærane og representantar for Norsk språkråd, får høve til å halde samrådingsmøte ein til to gonger i året» (Ot.prp. nr 66 1988–89 pkt. 5.6.4).

Då lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova) vart sett i verk i 1991, vart det avtala at personaladministrasjonen som gjaldt namnekonsulenttenesta (stadnamntenesta), skulle liggje i Norsk språkråd.

Utvida ansvar for namnekonsulenttenesta

Frå 1994 fekk Norsk språkråd overført frå Kulturdepartementet eit utvida ansvar for å administrere den særskilde namnekonsulenttenesta etter lov om stadnamn (stadnamntenesta). Det vil seie at Norsk språkråd fekk overført midlar til det faglege arbeidet og til årlege samrådingsmøte. Norsk språkråd fekk også ansvar for å vurdere behov for endringar i regelverket og gjev innspel til departementet om dette og vurderer og organiserer opplæringstiltak i samband med lova. Vidare fekk Språkrådet ansvaret for å tilsetje sekretærar og engasjere konsulentar. Departementet hadde framleis ansvaret for tolkingsspørsmål, endringar i regelverket, oppnemning av klagenemnda og for samarbeidet med Statens kartverk osv.

Rådgjeving og informasjon

Norsk språkråd gav råd om norsk språk til alle som vende seg dit, og gjekk elles ut med rådgjevingstilbod og informasjon til grupper det var ønskjeleg å ta kontakt med. Det var sekretariatet som svara på spørsmål, berre i særleg prinsipielle saker vart fagnemnda rådspurd.

Om ein samanliknar med Norsk språknemnd, ser ein at rådgjevings- og informasjonskanalane no vart fleire og til dels av andre typar. Språknemnda hadde først og fremst informert gjennom årsmeldingane, skrifter og bøker. Norsk språkråd brukte også årsmeldingane til å informere om rettskrivingsvedtaka og om arbeidet elles. Men Norsk språkråd gav dessutan ut fleire faste publikasjonar, fekk etter ei tid språksider på NRKs tekst-tv-sider, skreiv språkspalter i aviser og blad, laga informasjonsmateriell og tok etter kvart i bruk det som for alvor endra arbeidsfeltet drastisk: internett.

I 1994 vart informasjonsarbeidet i Norsk språkråd styrkt ved at det vart tilsett ein informasjonsmedarbeidar i sekretariatet.

Språkleg rådgjeving

Sekretariatet i Norsk språkråd fekk mange spørsmål om språk og språbruk over brev, telefon og telefaks før e-post tok meir og meir over. Dei som vende seg til sekretariatet, var privatpersonar, folk som arbeidde i offentleg forvaltning, forlag, reklamebransjen og i næringslivet elles. Ein del elevar og studentar stilte spørsmål, dessutan lærarar og journalistar. I 1983, året etter at Norsk språkråd fylte ti år, gav rådet ut boka Råd om språk fra Norsk språkråd, ei samling språkspørsmål med svar.

Ein god del av spørsmåla som kom til Norsk språkråd, var av same slaget som dei Språknemnda hadde fått, og kunne gjelde teiknsetjing, omsetjing frå bokmål til nynorsk, setningsbygnad og faste uttrykk, norske ord for engelske osv. Andre spørsmål var «nye» fordi tida var annleis, t.d. med omsyn til teknologi og geografiske grenser.

I 1995 kom m.a. desse spørsmåla: Stadig flere skriver epost. Er det ikke på tide å sløyfe bindestreken? – Kvifor gjev ordbøker og ordlister att namnet Bosnia-Hercegovina på denne måten (med bindestrek) og ikkje som Bosnia og Hercegovina?

Midt i 1980-åra gjennomførte dei nordiske språknemndene eit samarbeidsprosjekt som gjekk ut på å undersøkje telefonrådgjevinga i nemndene. Det vart laga eit felles spørjeskjema der innringjarane mellom anna vart spurde om kjønn, alder og yrke og grunnen til at dei spurde. Resultata av undersøkinga vart samla i rapporten Språknemndenes telefonrådgivning, som vart utgjeven i 1988 av Nordisk språksekretariat.

Utover 1990-åra auka talet på språkspørsmål til sekretariatet mykje, og i 1998 begynte ein å telje opp spørsmåla, dels systematisk, dels ved hjelp av stikkprøver, og informerte om tala i årsmeldingane. I 2002 vart det svara på om lag 2400 e-postar, i 2003 i underkant av 2800 og i 2004 i underkant av 3600. Telefonspørsmåla vart ikkje talde systematisk, men i 2004, då dei vart talde i nokre månader, kom ein fram til mellom 3500 og 4000 spørsmål på årsbasis.

Svartenesta i sekretariatet vart etter kvart organisert som ei vaktordning. Dei som var med, var inndelte i lag som hadde vakt etter ein viss turnus og svara på alle språkspørsmål som kom inn i vaktveka.

Publikasjonar

I 1973 kom SpråknyttMeldingsblad for Norsk språkråd, ut for første gong. (Frå og med nr. 1-2001 heitte bladet berre Språknytt.) Det var lenge den einaste faste publikasjonen Språkrådet gav ut ved sida av årsmeldingane. Bladet inneheldt informasjon om arbeidet til Norsk språkråd, t.d. rettskrivingsvedtak, referat frå årsmøte i rådet, artiklar om språklege emne og ei spalte med spørsmål og svar. Sidan kom fleire faste spalter til, m.a. ei spalte med nyord.

Dei første åra vart bladet sendt mellom anna til skolar, universitet, offentlege bibliotek, kommune-, fylkes- og statskontor, aviser, journalistar og NRK. I tillegg har bladet alltid hatt ein god del private abonnentar, skoleelevar så vel som pensjonistar. Bladet har komme med fire nummer i året og har alltid vore gratis.

Opplaget var i byrjinga 11 000 og har seinare variert ein god del. Det høgaste opplagstalet er 25 500. I 2009 vart det sett i verk ei sanering av abonnentmassen. Dei som ønskte å abonnere, måtte teikne seg på nytt, og sidan har opplaget halde seg nokså stabilt mellom 11 000 og 12 000.

I Norsk språkråds tid var leiaren og nestleiaren i fagnemnda ansvarlege redaktørar, og ein tilsett i sekretariatet var redaksjonssekretær – i praksis arbeidande redaktør.

I 1993 begynte Norsk språkråd å gje ut Språkkureren, eit blad på fire A4-sider. Bladet var berekna på mediefolk og vart sendt ut til alle norske aviser. Det inneheldt korte artiklar og anna stoff om praktisk språkbruk, det skulle vere aktuelt og var eit tiltak for å styrkje det gode avisspråket. Språkkureren vart laga av tilsette i sekretariatet og vart lagd ned i 2001.

I 1994 kom det første nummeret av bladet Statsspråk, eit tilbod til dei tilsette i statsadministrasjonen og andre om språkleg hjelp og rettleiing. Tanken var å drøfte konkrete språkbrukstilfelle og gje råd og vink om god språkbruk og praktiske hjelpemiddel. Bladet vart laga av tilsette i sekretariatet og kom vanlegvis ut kvartalsvis.

Norsk språkråd gav ut nokre skrifter, dels som enkeltskrifter, dels i skriftseriar. Sjå lista over publikasjonar i eit av vedlegga til dette skriftet.

Språksider på tekst-tv

I 1986 gjekk Språkrådet inn i eit samarbeid med NRK om faste språksider på tekst-tv. Av emne som vart tekne opp på sidene, kan nemnast aktuelle ord, skrivemåtar av vanskelege ord, etymologi, nyord, teiknsetjing, forkortingar osv. Sjåarane fekk òg høve til å prøve sine eigne språkkunnskapar ved å svare på spørsmål der svara var gjevne i skjult tekst. Det stod inne fire nye sider kvar veke. Då sidene vart lagde ned i 2002, hadde det stått 3000 sider på skjermen. Fleire av dei tilsette i sekretariatet var med på arbeidet. Eit utval på 200 av språksidene vart gjeve ut som hefte i 1993.

Nettsider

I 1995 begynte Norsk språkråd å leggje ut stoff på internett. Sidene vart først lagde ut på eit område på nettenaren til Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo. Førstesida hadde desse oppslaga: Informasjon frå Norsk språkråd, Nytt frå Norsk språkråd, Språkrådets OSS-teneste (oss = ofte stilte spørsmål), dataspråk, Publikasjonar frå Norsk språkråd, Diplom for godt namnevett, Lov om målbruk i offentleg teneste, Lov om stadnamn. Blada SpråknyttStatsspråk og Språkkureren vart lagde ut. På sidene fanst også e-posttenesta til Språkrådet og ei e-postlenkje for språkspørsmål. Nytt på nettsidene i 1996 var ei lenkje til nettversjonane av Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Etter kvart vart det lagt ut mykje nytt stoff på nettsidene, og bruken av sidene auka. 1. oktober 2004 vart det lansert nye nettsider. Dei mest brukte sidene frå oktober til og med desember det året var Søk i ordbøker, Nynorsk.nett.no – interaktivt kurs i nynorsk, Ordbøker og ordlister og Skrivereglar og grammatikk.

Språkspalter

Norsk språkråd hadde språkspalter i aviser og blad i kortare og lengre periodar, t.d. Norsk SkolebladSkoleforumVårt landFædrelandsvennen og Nordlys. I tidsskriftet Norsklæraren (utgjeve av Landslaget for norskundervisning) har Språkrådet sidan hausten 2003 hatt ei side i kvart nummer til å orientere om grammatikk, rettskriving og ulike språkpolitiske emne. Elles skreiv rådsmedlemmer og tilsette i sekretariatet avisinnlegg om språkspørsmål og vart intervjua i radio og aviser.


Vedlegg:

Fant du det du lette etter?