Retningsliner
Opptak av tyske og danske importord i nynorske ordbøker og ordlister
Opptak av tyske og danske importord i nynorske ordbøker og ordlister
1. Ord som har stor utbreiing i norske dialektar, bør ikkje haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker – med avgrensingane nedanfor.
2. Ein skal leggje vekt på om ordet alt er i vanleg bruk i skriftleg nynorsk.
3. Ein tek ikkje opp ord når dei er synonyme med etablerte nynorskord og ligg nær slike ord i bygnad og skrivemåte. [Døme: åtvare, ikkje advare]
4. Opptak av ord i ei ordklasse treng ikkje føre til at ein tek opp tilsvarande ordstamme i andre ordklasser. [Døme: uansett, ikkje ansjå, betenkt, ikkje betenkje1]
5. Ein markerer ikkje etymologisk samanheng mellom importordet og andre nynorskord dersom det ikkje er vanleg å ha slik formsamanheng i dialektane. [Døme: begavelse/ikkje begåvelse2]
1. Ein tek ikkje opp ord med førestavingane an- og be- der nynorsk i same tyding har same ordrota utan den aktuelle førestavinga, eventuelt med etterfølgjande preposisjon. [Døme: tvile på/ikkje betvile, nytte, ikkje benytte]
2. Ein tek ikkje opp verb på -ige og avleiingar av dei. [Døme: Ikkje beskjeftige, avskjedige]
3. Ord på -else kan takast opp berre når ein ikkje har synonyme ord på -ing, -nad eller utan etterstaving. [Døme: Ikkje anerkjennelse, frigjørelse, besvarelse]
4. For etterstavinga -heit gjeld desse restriksjonane:
a. Ein tek ikkje opp -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -et(e)/-ut. [Døme: Ikkje fordømtheit, klossetheit]
b. Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing.
c. Ord på -sam skal ha -semd som einaste avleiing.
d. Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, skal ikkje takast opp med -heit
e. Ein godtek ikkje -heit-ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane. [Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit]
5. Ein tek ikkje opp fleire substantiv i inkjekjønn på -ande. [Døme: Ikkje forgodtbefinnande, illebefinnande]
- - - - -
1. Partisippa uansett (som fungerer mest som adverb) og betenkt er mye vanlegare i talemålet enn verba anse og betenke (som i praksis berre er i bruk i formell stil i bokmål). Denne skilnaden i frekvens og stilverdi gjer at ein kan ta opp partisippa uten å akseptere verba.
2. Rotordet heiter på nynorsk gåve, men på bokmål gave. Den importerte avleiinga begavelse kan i talemålet aldri ha -å-, og derfor tilseier dette prinsippet forma begavelse også i nynorsk sjølv om det blir eit formelt avvik i forhold til gåve.