Hopp til hovedinnhold

Språkspørsmål og svar

Er det gale å bruke fleire kolon etter kvarandre? Eller kan eg ramse opp slik som nedanfor?

«Satsinga inneheldt tre delar: del 1: kjøpe mat til heile nabolaget; del 2: byggje scene i parken; og del 3: måle søppeldunkane i fine fargar.»

Svar

Det er ingen regel som seier at det er gale å setje fleire kolon etter kvarandre slik. Men det kan verke forvirrande eller litt uelegant, så vurder om du kan skrive det om.

Dømet ditt kan skrivast om slik:

Satsinga inneheldt tre delar: 1) kjøpe mat til heile nabolaget, 2) byggje scene i parken, 3) måle søppeldunkane i fine fargar.

Kva funksjon har semikolonet?

Svar

Semikolonet er eit skiljeteikn som er sterkare enn eit komma og veikare enn eit punktum.

Semikolon står altså for ein stans eller eit opphald i lesinga. Eit døme:

I går var eg i Bergen; i dag skal eg til Oslo.

Teiknet er ikkje obligatorisk.

Ein nyttar det òg i oppramsingar for å skilje ledd med komma i:

Dei som var med: Ole Olsen, Oslo; Per Pettersen, Bergen; Lars Larsen, Trondheim.

Her òg kan ein finne andre løysingar (som «frå» for komma og komma for semikolon).

Merk at semikolon er eit sterkt komma, ikkje eit lett kolon! Det har ikkje noko anna enn namnet sams med kolon.

Semikolon vart forresten innført av ein italiensk boktrykkjar (Aldus Manutius) på slutten av 1400-talet.

Jeg lurer på hvordan man skriver matematiske uttrykk i løpende tekst, særlig uttrykk av typen forholdet 1 : 1. Må man skrive alt om til bokstaver (én-til-én-forhold), eller kan man også skrive 1:1-forhold?

Svar

I vanlig tekst anbefaler vi å skrive med bokstaver: én-til-én-forhold.

Se ellers også noen generelle regler for skrivemåten av tids- og talluttrykk.

Skal det vere stor forbokstav etter kolon?

Svar

Dersom det som står etter kolon, er ei fullstendig setning, skal det normalt vere stor forbokstav, elles ikkje.

Døme:

Saka er klar: Båten er for dyr.
Dei trente på det dei kunne best: å leggje lange pasningar.

Det same gjeld oppramsingar med punktliste etter kolon. Berre punkt som inneheld heile setningar, skal ha stor forbokstav. (Ei setning er ei ytring med eit verbal, altså eit verb i presens eller preteritum.)

Du finn meir om dette på nettsidene våre.

Korleis skriv ein klokkeslett?

Svar

Når det gjeld heile timar, bruker vi tala frå 0 til 24:

  • kl. 9

Skal vi ha med minutt-talet, kan vi bruke fire siffer med eller utan punktum eller kolon. Ein eventuelt null føre timetalet kan sløyfast dersom ein brukar punktum. Her er alternativa:

  • kl. 0905
  • kl. 09.05 eller kl. 9.05
  • kl. 09:05

Den utheva varianten har vore den desidert vanlegaste. Den siste skrivemåten vart godkjend i 2014.

Skal vi ha med både sekund og tidels sekund, set vi punktum eller kolon føre sekund òg, men komma føre tidels sekund:

  • kl. 14.05.02,3
  • kl. 14:05:02,3

Regelen for sportstider er den same.