Nynorskhjelp
Her finn du råd om ordval og setningsbygnad på nynorsk.
Dei fleste orda vi brukar til dagleg, er felles for nynorsk og bokmål. Men nokre ord blir berre brukte i det eine av dei to skriftmåla. Nedanfor finn du fleire opplysningar om slike ord.
Nynorsk og bokmål har òg langt på veg same setningsbygnad, men jamt over har nynorsk ein meir munnleg, verbal og aktiv stil enn bokmål. Difor blir det ikkje god nynorsk om du set om ein tekst frå bokmål ord for ord. Nedanfor kan du lesa meir om passiv, genitiv og såkalla substantivsjuke.