Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Lover og forskrifter på nynorsk


Det vert sagt at juristar som skriv nynorsk, er nøydde til å leggje om stilen, og då blir språket meir folkeleg, utan at det faglege innhaldet tek skade av det.


Dei aller fleste lovene og forskriftene våre er på bokmål. Det trengst fleire på nynorsk.

Lovverket er eit viktig domene for nynorsken. Fleire nye lover og forskrifter bør skrivast på nynorsk, og det er viktig å ta vare på dei nynorske lovene og forskriftene vi har. Dersom ei lov eller forskrift på nynorsk skal bytast ut, bør den nye lova eller forskrifta òg vere på nynorsk, ikkje bokmål.

Det er òg viktig å kvalitetssikre lov- og forskriftstekstar på nynorsk, sidan lovspråk forplantar seg så kraftig i alle slags statlege dokument. Fordi nynorsk administrativ tekst til saman har mindre omfang og færre kjelder enn bokmålstekstane, er han meir utsett for kvalitetsforringing.

Den juridiske stilen er mindre tung på nynorsk. Da nynorsk ble etablert som skriftspråk for 150 år siden, representerte det en uttrykksmåte som lå nærmere folks talespråk. Det juridiske bokmålet har nok i større grad videreført den eldre og tyngre kansellistilen.

Øystein Vangsnes, språkforskar ved Universitetet i Tromsø

Hugseliste for deg som skriv lover og forskrifter

  • Vurder alltid om det er praktisk mogleg å skrive lova eller forskrifta på nynorsk. 
  • Hugs at målforma i forskriftene som hovudregel bør følgje målforma i heimelslova. 
  • Skriv nynorsk frå starten av. Bruk hjelpemiddel og søk råd i god tid, anten hos Språkrådet eller eksterne språkkonsulentar. 
  • Ta gjerne kontakt med Språkrådet dersom du skal omsetje ei lov eller forskrift til nynorsk.

Hjelpemiddel

Samleside med nynorskhjelp

Administrativ ordliste bokmål-nynorsk

Sigbjørn Tore Tenfjord: Juridisk ordliste bokmål-nynorsk (tradisjonell nynorsk) [pdf]

Jan Olav Fretland mfl.: På godt norsk. Ei handbok i nynorsk målbruk [nb.no]

Karl Arne Utgård: Juridisk og administrativ ordliste bokmål-nynorsk

Nynorsk lov- og rettsspråk: Rapport frå eit seminar 30. oktober 2014

Innføringskurs i nynorsk

Fant du det du lette etter?