Dei fleste oppslagsorda i ordlista er henta frå bokmålstekstar som er skrivne i statstenesta. Lista nemner ikkje alle synonym som finst, men tek utgangspunkt i hovudstraumen i nynorsk sakprosa. Døme på lengre frasar er tekne med der dei venteleg vil vera mest til hjelp.
Dei orda som er mest relevante, er sette først i synonymoppramsinga. Semikolon indikerer anten nyanseskilnad eller større tydingsskilnad.
Når du nyttar ordlista, kan det vera til hjelp å lesa om nynorsk språkføring.
adgang | tilgang, tilgjenge; høve, rett, lov (til) // a- forbudt ikkje tilgjenge |
adkomst | tilkomst, veg; rett, heimel |
adkomstdokument | heimelsdokument |
advarsel | åtvaring |
aktelse | vørdnad |
aktpågivenhet | aktsemd |
aktsom | aktsam |
aktsomhet | aktsemd // vise a- vera aktsam, passa på |
alkoholholdig | alkoholhaldig, med alkohol i |
allmennheten | folk (flest), ålmenta, publikum |
alminnelig | allmenn, vanleg, alminneleg |
alminnelighet | alminnelegheit // i (sin) a- til vanleg / jamt over |
anbefale | rå til, tilrå |
anbefaling | tilråding |
anbud | anbod |
andel | del, part |
anerkjenne | godkjenna, påskjøna, verdsetja, anerkjenna |
anerkjennelse | godkjenning, påskjøning, verdsetjing, anerkjenning |
anerkjent | akta, godkjend, påskjøna, verdsett, anerkjend |
anførselstegn | hermeteikn |
angi | (t.d. i tabell) føra opp, merkja av, syna, visa |
angivelse | avmerking, oppføring, opplysning // selvangivelse sjølvmelding |
angå | gjelda, vedkoma |
anklage | klaga, skulda |
anklagede | den skulda |
ankomst | framkomst, innkomst |
anledning | høve, tilfelle |
anmelde | melda (til politiet), melda ei bok |
anmeldelse | (politi)melding, (bok)melding |
anmerkning | merknad |
anmode | be, oppmoda |
anmodning | oppmoding, førespurnad |
anmodningsvedtak | oppmodingsvedtak |
annerledes | annleis |
ansatt | tilsett |
anselig | heller stor, monaleg |
ansette | tilsetja |
ansettelse | tilsetjing |
anskaffe | skaffa, kjøpa (inn) |
anskaffelse | (inn)kjøp, nyskaffing, (overomgrep:) anskaffing |
anslag | overslag, tal |
anslagsvis | rundt rekna, om lag |
anslå | rekna til, setja til, talfesta |
ansvarlig | ansvarleg |
ansvarlighet | ansvarlegheit; ansvarskjensle; vera ansvarleg, ta ansvar |
ansvarlighetslov | ansvarlegheitslov |
anta | gå ut frå, leggja til grunn, rekna med; godta |
antakelig | truleg, venteleg |
antakelse | meining, tru; godtaking |
antall | tal (på), mengd, kor mange |
antatt | (t.d. kostnad) pårekna |
antyde | nemna, ymta om |
antydning | snev, teikn, varsel, ymt |
anvende | bruka, nytta |
anvendelig | brukande, hendig, nyttig |
anvendelighet | bruksverdi, (bruks)nytte, å vera nyttig (osv.) // Produktene er kjent for sin anvendelighet og solide utførelse for å vere solid laga og lette å bruka // miste sin anvendelighet bli ubrukeleg |
anvendelse | bruk; bruksmåte // kommer til a- skal gjelda / skal brukast |
anvendt | (t.d. forsking) bruks-, bruksretta, anvend |
arbeidsledig | arbeidslaus |
arbeidsledighet | arbeidsløyse |
arbeidsmarked | arbeidsmarknad (ein) |
arbeidssøker | arbeidssøkjar |
arbeidstillatelse | arbeidsløyve |
atferd | åtferd |
avbrudd | avbrot |
avgjørelse | avgjerd, avgjersle // (I lovspråk kan avgjerd tyda 'dom', 'orskurd' (bm. kjennelse) og 'vedtak' (bm. beslutning) |
avhenge (av) | vera avhengig (av), stå på, stå og falla med |
avhengighet | binding, hang, tilknyting, avhengigheit, å vera avhengig av |
avhold | fråhald |
avlegge | a- en visitt vitja, stikka innom, besøkja |
avsatt | avsett |
avsetning | (av pengar) avsetning (det som er avsett) |
avsette | (t.d. pengar) setja av |
avsetting | avsetjing (det å setja av) |
avsindig | vitlaus |
avskrivning | avskriving |
avskygning | nyanse, islett, svip |
avspeile | spegla (av) |
avstedkomme | gjera, føra med seg, vera årsak til |
avstemning | røysting |
avstå | avhenda, avstå, fråfalla, gje frå seg |
avståelse | avkall, avståing, fråfall, opppgjeving |
avta | falla, minka |
avveie | vega (mot kvarandre), vurdera |
avveiing | avveging, veging … mot, vurdering |
avverge | hindra, motverka, stogga |
barmhjertig | miskunnsam |
bearbeide | arbeida (med, på), leggja til rette; tilverka (noko); påverka (nokon) |
beboer | bebuar, dei som bur i …; innbyggjar, -buar |
bebreide | lasta, klandra, bebreida |
bebygge | byggja (på, ut) |
bebyggelse | busetnad, bygningar, bygningsmasse, hus |
bedervet | skjemd, bederva |
bedrøvelig | trist, sørgjeleg, bedrøveleg |
bedømme | dømma (om), verdsetja, vurdera |
bedømmelse | omdømming, verdsetjing, vurdering |
befaling | påbod, ordre, befaling |
befaring | synfaring |
befolkning | folk, folkesetnad, innbyggjarar, befolkning |
beføyelse | fullmakt, kompetanse, mandat |
begavet | evnerik, gåverik |
begeistret | oppglødd |
begivenhet | hending, storhending |
begjær | trå, gir, lyst, begjær |
begravelse | gravferd |
begrep | omgrep, (ofte:) ord, tanke |
begrense | avgrensa |
begrunne | grunngje |
begrunnelse | grunngjeving |
begynnelse | byrjing, fyrstning |
begå | gjera |
behag | hugnad, glede, velvære |
beherske | meistre |
beholde | halda på, ta vare på, behalda |
beholdning | kassesum, kontantar, (kontant-)behaldning |
bekjempe | motarbeida, motverka, setja i verk tiltak mot, kjempa mot, stri mot, yta motstand mot |
bekjempelse (av) | strid (mot), tiltak (mot), innsats (mot), kamp (mot) |
bekostning | kostnad |
bekrefte | stadfesta, bekrefta |
belaste | belasta, pressa, tyngja // b- konto trekkja frå / skuldskriva / belasta konto |
belastning | påkjenning, trykk, press, belastning; skuldskriving |
beliggenhet | plassering, stad(val) // ha fin b- liggja fint til |
belyse | gjera greie for, kasta lys over, klårgjera |
belønne | løna, påskjøna |
belønning | løn, påskjøning |
belønningsordning | påskjøningsordning |
beløp | sum, beløp |
beløpe seg til | koma på, kosta |
bemanning | arbeidsstokk, bemanning, mannskap |
beregne | rekna ut, rekna seg fram til |
beregning | reknestykke, utrekning |
berettiget | rettkomen, velgrunna; med rett til, som har rett til |
berøre | ha (få) følgjer for, gjelda, koma inn på, vedkoma; koma nær, ta på |
berørt | som det gjeld/vedkjem, part, aktuell |
besette | (om stilling:) tilsetja (nokon) i |
besitte | eiga, ha |
besittelse | eige, eigedom |
beskatning | skattlegging; utnytting |
beskatte | skattleggja; utnytta |
beskrive | forklara, greia ut om, omtala, skildra, beskriva |
beskrivelse | forklaring, omtale, utgreiing, skildring, beskriving |
beskytte | verna, beskytta |
beskyttelse | vern |
beslutning | avgjerd, (jur.:) vedtak, (i forvaltningsrett:) (einskild)vedtak, (enkelt-) |
beslutte | avgjera, vedta |
besparelse | innsparing |
bestand | populasjon, setnad, stamme, bestand; førekomst |
bestemmelse | (i regelverk:) føresegn, regel; (allment: avgjerd) |
bestilling | tinging, bestilling |
bestillingsfullmakt | tingingsfullmakt (bestillings-) |
bestå av | ha, innehalda, vera samansett (av), bestå av |
betegnelse | nemning |
betinge | føresetja, krevja // b- seg setja som vilkår |
betingelse | vilkår |
betinget | på vilkår, vilkårsbunden |
-betinget | -avhengig, -valda |
betjene | (eit lån:) svara for, betala; (ein maskin:) arbeida med, bruka, operera, styra |
betrakte | sjå på, vurdera |
betraktning | syn, synsmåte, tanke // ta i b- ta omsyn til; komme i b- koma på tale / bli vurdert / bli aktuell |
betryggende | forsvarleg, sikker, trygg |
bety | ha å seia, innebera; tyda |
betydelig | monaleg, stor, viktig, ikkje liten |
betydning | følgje, tyding, vekt, verdi, verknad; (språkleg, symbolsk:) tyding // ha stor b- vera viktig / ha mykje å seia |
bevege | flytta (på), lea, røra |
bevegelse | rørsle |
beveggrunn | grunn, motiv, tildriv, årsak |
bevilge | løyva |
bevilgning | løyving |
bevilling | (= tillatelse) løyve |
bevisst | medviten |
bevissthet | medvit |
bidra | gjera sitt (til), hjelpa, medverka, yta, bidra |
bifalle | godkjenna, samtykkja (i), slutta seg til |
bifalles | bli vedteke(n) |
bilag | vedlegg |
bilde | bilete/bilde |
bilde-/billed- | bilet-/bilde- |
billighetserstatning | rettferdsvederlag |
bistand | assistanse, hjelp, medverknad, støtte, bistand |
bistå | hjelpa, stø(tta) |
blottstille | avsløra, utlevera |
bo | bu |
bobehandling | bubehandling |
bobestyrer | bustyrar |
bolig | bustad |
borger | borgar |
bosetning | busetnad |
bosette | busetja |
bosetting | busetjing (det å busetja) |
bosted | bustad |
bostedsløs | heimlaus, huslaus |
bostøtte | bustønad, bustøtte |
bredbånd | breiband |
bredde | breidd |
brudd | brot |
bud | bod |
budskap | bodskap |
bunn | botn |
byfogd | byfut |
byttbar | bytande, som kan bytast |
bytte (verb) | byta (byter–bytte–bytt) |
bytte (subst.) | byte; (om jakt el. tjuveri:) bytte |
bærekraftighet | berekraft |
båndleggelse | bandlegging |
dekke | dekkja (dekkjer–dekte–dekt) |
delaktig | med på, medansvarleg, medskuldig |
delaktighet | medansvar, medskuld, medverknad, å vera med i/på |
delta | delta, vera med i (på) |
deltakelse | deltaking |
dog | likevel |
dristighet | djervskap |
drøy | dryg |
dyktighet | dugleik |
dyrebar | kjær; dyrverdig, kostesam |
dødelighet | dødsprosent, dødstal, dødelegheit // redusert d- (òg:) at færre døyr |
dølgsmål | i d- i løynd |
døye | tola |
edruelighet | edruskap |
egenandel | eigendel |
egenartet | særmerkt |
egenerklæring | eigenfråsegn |
egenmelding | eigenmelding |
egenskap | eigenskap |
egne (seg) | høva, duga, eigna seg |
egnet | høveleg, brukande, dugeleg, skikka, eigna |
egnethet | ønskjeleg(e) eigenskap(ar), å vera skikka for |
egnethetsvurdering | dugleiks-/bruksvurdering, eigenskapsvurdering |
eie | eiga (eig–åtte–ått) // eid av i eiga til / som tilhøyrer |
eiendel | eigedel, eignelut |
eiendom | eigedom |
eier | eigar |
eierandel | eigardel |
eierskap | eigarskap |
eksempelvis | til dømes |
ektefelle | ektefelle, ektemake |
eldes | eldast (eldast–eldast–eldast) |
elendighet | elende |
ellers | elles |
enebolig | einebustad |
enfoldighet | einfald |
engangsstønad | eingongsstønad |
enhet | (forvaltningse-:) eining, avdeling; (totalitet:) einskap |
enhetlig | einskapleg |
Enhetsregisteret | Einingsregisteret |
enhetsskole | einskapsskule |
enhver | alle, kvar, kvar og ein // til e- tid heile tida / når som helst / til kvar tid |
enig | samd, einig |
enighet | semje |
enkel | einfelt, enkel (t.d. ei einfelt/enkel sak) |
enkelt | einskild, enkelt (t.d. kvar einskild/enkelt post) |
enslig | einsleg |
ensomhet | einsemd |
enstemmig | samrøystes |
entledige | gje avskil |
erfare | få vita, oppleva, røyna |
erfaring | oppleving, røynsle |
erindre | minnast |
erkjentlighet | påskjøning, takk |
erkjentlighetsgave | påskjøningsgåve |
erkjentlighetsgjeld | æresgjeld |
erstatning | skadebot, vederlag, erstatning |
erstatte | koma (setja) i staden for; gje vederlag for |
erverv | arbeid, yrke, erverv |
erverve | eigna til seg, få råderett over, kjøpa (inn), skaffa (seg), ta over |
ervervet | (t.d. e- lidelse) pådregen, påførd, tileigna |
ervervsevne | arbeidsevne, inntektsevne |
ervervstillatelse | overtakingsløyve |
etterlatt | attlevande, etterlaten |
etterlattepensjon | attlevandepensjon, etterlatnepensjon |
etterprøve | etterprøva |
etterprøvbar | som kan etterprøvast |
etterkomme | retta seg etter, lyda |
etterskudd | etterskot |
etterspørsel | etterspurnad, etterspørsel |
faglighet | fagkunne |
fatte | fatta; f- beslutning ( vedtak) ta (avgjerd), gjera (vedtak) |
fellesbetegnelse | fellesnemning |
ferdighet | dugleik, (tillært) evne, tame, ferdigheit |
finne sted | bera til, bli halden, henda, skje |
flom | flaum |
fogd | fut |
foranstaltning | åtgjerd |
forbedre | betra, forbetra |
forbehold | atterhald |
forbeholde | halda (setja) av (til, for), reservera, øyremerkja |
forbeholden | atterhaldsam, atterhalden, reservert, varsam |
forbeholdt | bortlova, borttinga, oppteken, reservert, øyremerkt |
forberede | førebu // f- seg: (føre)bu seg |
forberedelse | førebuing |
forbigående | førebels, kortvarig, mellombels |
forbindelse | samband |
forbrytelse | brotsverk |
forbryter | brotsmann, forbrytar |
fordel | føremon(n) |
fordre | krevja |
fordring | krav, tilgodehav(ande) |
fordringsløshet | kravløyse |
forebygge | førebyggja |
forebyggelse | førebygging |
foregå | gå føre seg |
foregående | føregåande, førre |
forekomme | bera til, henda, skje, vera |
forekomst | funn, førekomst |
forelegg | førelegg |
forelegge | leggja fram (for); visa, syna; senda |
foreleggelse | framlegging, (sjeldnare:) førelegging |
foreligge | finnast, liggja føre, vera |
foreløpig | førebels |
forene | sameina, foreina |
forespørsel | førespurnad |
foreta | gjera, utføra |
foretak | føretak |
foretrekke | føretrekkja, heller vilja (ha), velja |
foretrukket | føretrekt, (stundom: betre, best) |
forhenværende | tidlegare |
forhold | sak, tilhøve, (det forhold at:) det at |
forholde seg | ha seg, høva, henga saman, stilla seg |
forholdsmessig | (adv.:) etter måten; (adj.:) høveleg, relativ, samhøvande |
forholdsmessighet | samhøve |
forholdsmessighetsprinsipp | samhøveprinsipp |
forholdsvis | etter måten, nokså, relativt |
forhøye | auka, setja opp |
forhøyelse | auke, auking, oppgang |
forhøyet | auka, større |
forhånd | på f- på førehand / i førevegen / føreåt |
forhånds- | førehands- |
forhåpning | von |
forløp | gang (t.d. arbeids-, hendings-, pasient-), å gå (på ein viss måte), utvikling |
fornybar | som kan fornyast / nyast opp att / vinnast att, fornyeleg |
fornye | fornya, nya opp att |
fornyelse | fornying, oppattnying |
fornøyd | nøgd |
forplikte | binda, forplikta |
forpliktelse | skyldnad, plikt, forplikting |
forpliktet | skyldig (til), pliktig, forplikta |
forrige | førre |
forseelse | misferd, misfaring |
forsendelse | sending |
forsikring | trygding, forsikring; lovnad |
forsiktig | varsam |
forsiktighet | varsemd |
forsinkelse | (for)seinking |
forskjell | skilnad |
forskjellig | ulik, ymse |
forskning | gransking, forsking |
forskudd | forskot |
forskuttere | betala el. løyva på forskot, forskotera; (overført:) ta på forskot |
forskyvning | forskuving, forskyving |
forstyrre | skipla, uroa, forstyrra |
forstyrrelse | skipling, uroing, forstyrring |
forståelse | forståing // i f- med i samråd med // ha f- for (òg:) skjøna // allmennhetens f- av saken korleis folk flest tolkar (forstår, ser på) saka |
forsvarlighet | drøfte f-en av drøfta om det er forsvarleg å |
forsørge | syta for, sørgja for, forsørgja |
forsørger | forsytar, forsørgjar |
fortegnelse | liste, oppgåve |
fortrinn | fordel, føremon, (for-) førerang (-rett) |
fortrinnsrett | førerett (for-, fyrste-/første-) |
fortrinnsvis | helst, særleg |
fortrolig | i trumål, fortruleg // f- med kjend (van) med |
fortrolighet | tillit, fortrulegskap, fortrulegheit; (god) kjennskap // i f- i trumål / gjensidig f- tillit mellom |
fortsatt | enno, framleis |
fortsette | halda fram |
fortsettelse | framhald |
fortløpende | etter kvart, jamleg, samanhengande, ubroten |
forurense | ureina |
forurensning | (for)ureining |
forutgående | føregåande // f- kunngjøring kunngjering på førehand |
forutsatt (at) | dersom, så framt |
forutsetning | føresetnad, grunnlag, krav, vilkår |
forutsette | byggja på, føresetja, gå ut frå, krevja, leggja til grunn |
forutsi | føreseia, seia på førehand, spå, varsla |
forutsigbar | føreseieleg, pårekneleg, venta(nde), som ein kan venta seg (rekna med, tenkja seg til) |
forutsigbarhet | føreseielegheit // økt f- i driften (òg:) meir føreseieleg(e vilkår for) drift |
forvente | rekna med, sjå fram til, venta |
forventet | pårekna, venta |
forventning | venta resultat (utvikling), von |
forverre | gjera verre |
forverres | bli verre, versna |
forverret | verre, dårlegare, ringare |
forværelse | forkontor |
for øvrig | dessutan, elles |
forårsake | føra til, gjera, valda, vera årsak (opphav) til |
fradrag | frådrag |
framkomme | koma fram |
fratrukket | fråtrekt, med frådrag av (for) |
fravær | fråvær(e) |
fremdeles | enno, framleis |
fremkommelig | framkomeleg, framkjøm |
fremkommelighet | framkjømd, framkomelegheit; samband // fylkesveiene i kommunen har for dårlig framkommelighet er for dårlege / Det er få separerte sykkelfelt, og generelt dårlig framkommelighet for syklister og generelt vanskeleg å koma fram for syklistar |
fremmed | framand |
fremmedfiendtlig | framandfiendsleg |
fremmedfiendtlighet | framandhat, framandfiendslegheit |
fremragende | framifrå |
frihet | fridom, fritak |
frivillig | friviljug (-villig) |
frivillighet | friviljug (-villig) innsats, friviljugskap, frivilligheit |
frivillighetsformål | friviljug (-villig) føremål |
fullbyrdelse | fullføring |
følbar | merkande |
følelsesløs | kjenslelaus, nomen |
følsom | kjenslevar, var, følsam; (neg.:) ømtolig; (om instrument:) fin(t)merkande, var, følsam |
følsomhet | varleik // rentef- rentefølsemd // ha stor f- for svingninger vera svært var (utsett) for svingingar, bli lett påverka av svingingar |
gave | gåve |
gemen | tarveleg, simpel |
gevinst | vinst, gevinst |
gjenboer | tverrbuar, motbuar |
gjenbosette | busetja på nytt |
gjenbosetting | gjenbusetjing |
gjenbruk | attbruk, ombruk, gjenbruk |
gjenforene | føra saman att, sameina på nytt, foreina på nytt |
gjenforening | gjensameining, gjenforeining, (òg:) heim(att)vending |
gjenforent | foreint på nytt, sameint på nytt // bli gjenforent med familien (òg:) få koma (flytta, venda) heim att til familien |
gjengi | gje att |
gjengivelse | attgjeving |
gjeninnta | ta inn att |
gjenkjenne | kjenna att |
gjenkjennelse | attkjenning |
gjensidig | gjensidig, innbyrdes, skiftevis // gjøre en g- avtale avtala seg imellom // (merk: ofte overflødig:) gi hverandre g- støtte stø kvarandre, hjelpast åt |
gjensidighet | gjensidigheit; (ofte:) motytingar, gjensidig hjelp // Samarbeidet skal preges av g- i alle ledd. Det handler om gjensidig respekt. I alt samarbeidet skal partane vera jamlikar. Det handlar om å respektera kvarandre. |
gjenspeile | spegla (av) |
gjenstand | gjenstand, ting // være g- for koma ut for / møta / oppleva osv. // være g- for drøftinger bli drøfta |
gjenstå | stå (vera) att |
gjenta | ta opp att |
gjenvalg | attval |
gjenvinne | vinna att (tilbake) |
gjenvinning | attvinning, gjenvinning |
gjenværende | attverande, som er (står) att |
godtgjørelse | godtgjersle |
grunnet | på grunn av |
grunnløs | grunnlaus |
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen | Den Høgvørde Kronprinsen |
Hans Majestet Kongen | Hans Majestet Kongen |
hastighet | fart, hastigheit |
havn | hamn |
havne | hamna |
hedersbevisning | heidersteikn |
heftelse | hefte |
helbred | helse(tilstand) |
helbrede | lækja |
helhet | heilskap // i sin h- fullt ut / uavkorta |
helhetlig | heilskapleg, heilskaps- |
helligbrøde | helgebrot, heilagbrot |
hemmelighet | løyndom |
henblikk | med h- på med sikte (tanke) på |
hengiven | inderleg glad i, trugen |
henhold | i h- til i samsvar med av, i medhald av, med heimel i |
henholdsvis | høvesvis, i same rekkjefølgje // det skal bygges to blokker i h- sju og ni etasjer det skal byggjast to blokker, ei med sju og ei med ni etasjar |
henlegge | leggja bort |
Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen | Den Høgvørde Kronprinsessa |
Hennes Majestet Dronningen | Hennar Majestet Dronninga |
henrettelse | avretting |
hensikt | føremål, mål, siktemål |
hensiktsmessig | føremålstenleg, god, tenleg |
hensiktsmessighet | praktiske omsyn, nytteomsyn, føremoner, føremålstenlegheit // vurdere h-en av (òg:) vurdera om det svarar seg (om det har noko for seg, om ein bør) |
henstille | be om, oppmoda om |
henstilling | oppmoding, bøn |
hensyn | omsyn |
hensynsfull | omsynsfull, omtenksam |
henvende (seg) | venda (seg), ta kontakt |
henvendelse | førespurnad, kontakt; (meir spesifikt:) brev, spørsmål, søknad |
henvise (til) | visa (til) |
henvisning | tilvising |
herav | av dette (denne, desse) |
herunder | irekna, medrekna, av dette (denne, desse) |
hjemle | heimla |
hjemmel | heimel |
hjemstavn | heimstad |
holdbar | som held (seg), haldbar |
holdbarhet | sanningsverdi, sanningsinnhald; brukstid, lagringsevne, slitestyrke, haldbarheit |
holdbarhetsdato | bruksfrist (-dato), er best før, kan brukast til |
hoved- | hovud- |
hovedsakelig | hovudsakleg, mest |
husholdning | hushald |
hvor | h- går vi? kvar/kor; de stedene h- … der det året h- … da; h- mye kor |
hvorav | av dette (denne, desse) |
høflighet | høfleg framferd, høflegheit |
høy | høg |
Høyesterett | Høgsterett |
høykommissær | høgkommissær |
håndgripeligheter | slagsmål |
håndheve | handheva |
håndterbar | handterleg |
håndtere | handtera |
ikrafttredelse | ikraftsetjing // ved i-n av avtalen (òg:) når avtalen tek til å gjelda |
imidlertid | likevel, men |
innbefattet | medrekna |
innbrudd | innbrot |
innbygger | innbyggjar |
innebære | innebera, tyda // det i-r at … (òg:) det gjer at / det vil seia at |
innflytelse | innverknad, påverknad |
inngå | i- avtale gjera, skriva avtale // i- avtale om at avtala at // i- ekteskap gifta seg |
innlede | innleia |
innledning | innleiing |
innrømme | vedgå, innrømma // i- noen noe la nokon få noko, gje nokon noko |
innsatt | innsett |
innsigelse | motsegn; motlegg, innvending |
innvilge | gje, la få, stetta, tildela, innvilga |
ivareta | ta hand om, ta seg av, ta vare på |
ivaretakelse | ivaretaking |
iverksatt | iverksett |
iverksette | setja i verk |
iverksettelse | iverksetjing |
jevn | jamn |
jevngammel | jamgammal (utan -n-) |
jevnlig | jamleg (utan -n-) |
jevnt | jamt (utan -n-) |
kilde | kjelde |
kirke | kyrkje |
Kirkenes verdensråd | Kyrkjenes verdsråd |
kjedsomhet | keisemd |
kjennelse | orskurd |
klageadgang | klagerett |
klagemulighet | høve til å klaga |
klar | klår/klar (det er valfritt å skilja mellom dei to tydingane ved hjelp av a og å, sjå klargjøre) |
klargjøre | klargjera eller 1) klårgjera (= gjera klårare) 2) klargjera (gjera klar til bruk) |
klarhet | klårleik/klarleik |
kjemikalier | (flt.) kjemikalium, kjemikal, kjemikaliar |
knapphet på | lite (av), liten tilgang på, skort (knappheit, knappleik, mangel) på |
knytte | knyta (knyter–knytte–knytt) |
konkursbegjæring | krav om konkurs |
kostnadsberegne | kostnadsrekna |
kostnadssenkende | kostnadsminskande |
kraftanstrengelse | krafttak |
krets | krins |
kun | berre, einast |
kyndig | kunnig |
kyndighet | dugleik, (fag)kunne, innsikt, kunnskap |
langsiktig | langsiktig |
langsiktighet | langsiktigheit // mer l- i planleggingen meir langsiktig planlegging |
lav | (adj.:) låg |
lede | leia |
ledelse | leiing |
leder | leiar |
ledighet | arbeidsløyse |
ledsager | (reise)følgje, følgjeperson |
lege | lækjar, lege |
legemiddel | lækjemiddel, legemiddel |
leie | (t.d. ein bil) leiga |
leilighet | 1) husvære, (i streng tyding:) leilegheit 2) høve, tilføre // ha l- til ha høve til / kunna // ved l- når høvet byr seg, når det høver |
lettelse | lette (ein) |
lidelse | liding, plage, sjukdom |
likegyldig | likesæl |
likegyldighet | likesæle |
likhet | likskap // i l- med til liks med |
lovanvendelse | lovbruk |
lovbestemmelse | lovføresegn |
lovbestemt | fastsett med lov, lovbestemd, lovpålagd |
lovgivning | lovgjeving |
lovlig | lovleg |
lovlighet | å vera lovleg, lovlegheit // prøve l-en av prøve lovgrunnlaget (lovheimelen, rettsgrunnlaget, -heimelen) for |
lovlighetskontroll | lovlegheitskontroll |
lovlydig | lovlydig |
lovlydighet | lovlydnad |
lovmessig | lovbunden |
lydig | lydig |
lydighet | lydnad |
lydighetsplikt | lydeplikt |
læremiddel | læremiddel (flt. middel–midla) |
lærested | lærestad |
løft | lyft |
lønnet | l- arbeid lønt arbeid, lønsarbeid |
lønnsom | lønsam |
lønnsomhet | lønsemd |
løpe | (fysisk:) springa, laupa, (overført ofte:) gjelde frå, gå |
løpende | etter kvart, fast, samanhangande, ståande, laupande (løp-) |
løpetid | frist, nedbetalingstid, laupetid (løpe-) |
løslatelse | lauslating, (ofte:) å setja fri |
løsning | løysing |
løsøre | lausøyre |
mangfold | mangfald |
marked | marknad (ein) |
markedsadgang | marknadstilgang |
medbestemmelsesrett | medråderett |
meddele | melda, kunngjera, gje melding, seia |
meddelelse | kunngjering, melding |
medføre | føra med seg, føra til, medføra |
medlidenhet | medkjensle, medynk |
medlidenhetsdrap | medynksdrap |
medvirkning | medverknad, medverking |
mellomværende | hopehav, mellomvære |
men | (subst.:) mein |
menerstatning | skadebot for mein |
menighet | kyrkjelyd, forsamling |
menighetsråd | sokneråd |
menneskerettighetene | menneskerettane |
mer | meir |
merke | (leggja merke til:) merka (merkar–merka–merka); (setja merke på:) merkja (merkjer–merkte–merkt) |
meroffentlighet | meiroffentlegheit |
merverdiavgift | meirverdiavgift |
mestre | meistra |
mestring | meistring |
middel- | medel-, mellom-, middel- |
midler, midlene | (flt.) (pengar:) midlar, midlane; (reiskapar:) middel, midla |
midlertidig | mellombels |
Midtøsten | Midtausten |
milepæl | milestolpe, milepåle |
misforståelse | mistyding, misforståing |
misligholde | mis(leg)halda |
mislighold(else) | mis(leg)hald |
motsatt | motsett |
motta | få, ta imot |
mottakelse | mottaking |
mulig | mog(e)leg |
mulighet | høve, råd, utveg, mog(e)legheit // by på store m-er vera svært lovande // det er m- for (òg:) det kan henda at / det kan bli // har du mulighet til å komme? kan du koma / har du høve til å koma // det finnes ingen annen mulighet det er inga anna råd |
muntlig | munnleg |
muntlighet | munnleg framføring, munnleg saksførehaving, munnlegheit |
myndighet | styresmakt, makt (instans òg:) etat, organ, (kompetanse òg:) avgjerdsmakt, avgjerdsrett, mynde |
myndighetsområde | ansvarsområde (forvalt(n)ings-, fullmakts-, styrings-) |
målbevisst | målmedviten, som veit kva ein vil |
målsetting | (mål ein har sett seg:) mål; (det å setja seg mål:) målsetjing |
navn | namn |
nedkomst | fødsel, nedkomst |
nedsette | setja ned |
nedsettelse | nedsetjing |
nedtegne | skriva ned |
nyankommet | nykomen |
nyanskaffelse | nyinnkjøp |
nyhet | (i media:) nyhende, nyheit; (noko nytt:) nylaging, nyvinning, nyheit |
nytelse | nyting |
nytelsesmiddel | nytingsmiddel |
nyttiggjøre seg | gjera seg nytte av |
nærmere | nærare |
nærmest | nærast |
nøkkel | nykel/nøkkel |
offentlig | offentleg |
offentlighet | offentlegheit |
offentlighetslov | offentleg(heits)lov [forma utan -heit bryt med tradisjonell ordlagingsskikk] |
ombud | ombod |
omegn | omland |
omforent | avtala, felles, som det er semje om |
omgivelse | omgjevnad |
omstendighet | omstende, tilhøve // ikke under noen o-er ikkje i noko fall (tilfelle), aldri, på ingen måte |
oppad | oppetter; er begrenset o- har eit tak, har ei øvre grense |
oppgjør | oppgjer |
opphold | opphald |
oppholde seg | halda til, vera |
oppholdstillatelse | opphaldsløyve |
opphør | nedlegging, opphøyr, stans |
opphøre | bli nedlagd, gje seg, slutta, bli avslutta, stansa |
oppmerksom | klår (over), lydhøyr, lyttande, merksam; høvisk, omsynsfull // være o- på vera merksam på / vita om / kjenna til / vera klar over (medviten om, merksam på) // bli o- på bli merksam på / bli var / leggja merke til |
oppmerksomhet | merksemd, ans, akt, gaum |
opprettholdbar | som kan haldast ved lag |
opprettholde | halda ved lag, føra vidare, ta vare på |
opprinnelse | opphav |
opprinnelig | opphavleg |
oppsigelse | oppseiing |
oppveie | vega opp (for), få (ta) att for |
overbevise | overtyde |
overbevisning | overtyding |
overdragelse | avhending, overdraging |
overenskomst | avtale, semje, forlik, overeinskomst |
overfor | andsynes, overfor |
oversendelse | oversending |
oversette | omsetja, setja om |
oversettelse | omsetjing |
oversetter | omsetjar |
overskride | gå ut over, kryssa, overskrida, vera større enn |
overskridelse | kryssing, overskriding |
overskridelsestillatelse | overskridingsløyve |
overveie | tenkja gjennom |
overveiende | for det meste, stort sett |
overvære | vera til stades ved/på |
overvåke | overvaka |
overvåking | overvaking |
personlighet | personlegdom |
prisnedsettelse | prisnedslag |
provisorisk anordning | provisorisk lov |
pådra | p- seg dra på seg, få, pådra seg; p- utgifter påføra |
pågå | vera i gang |
påløpe | (om utgifter:) koma til (på), samla seg opp |
påløpte | (utgifter:) oppsamla, påkomne |
påregnelig | pårekneleg, (stundom:) venteleg |
påregnelighet | påreknelegheit |
pårørende | dei/den pårørande, dei næraste |
påse | sjå til, syta for |
påtalemyndighet | påtalemakt |
på vegne av | på vegner av |
rammebetingelse | rammevilkår |
redegjøre | r- for gjera greie for, greia ut om |
redegjørelse | utgreiing, framstilling, forklaring, orientering // aktivitets- og redegjørelsesplikt aktivitets- og utgreiingsplikt |
redelig | skila, reieleg, heiderleg |
rederi | reiarlag |
redskap | reiskap |
regelverksbetinget | regelverksbunden |
regne (opp) | rekna (opp) |
regning | rekning |
regnskap | rekneskap (ein) |
regnskapsmessig | i r-samanheng, rekneskaps- |
rettferdighet | rettferd |
rettferdighetsbetraktning | rettferdssynsmåte // ut fra en r- med omsyn til rettferd |
rettighet | rett |
rettighetshaver | rettshavar |
rettlede | rettleia |
rettledning | rettleiing |
rettmessig | lovleg, rettkomen, rettmessig |
rettssikkerhet | rettstrygd, rettstryggleik |
rettsvesen | rettsstell |
rimelig | rimeleg |
rimelighet | rimeleg framferd, rimelegheit // r- tilsier at det er rimelig at |
rådighet | råderett, rådvald, rådvelde |
sakkyndig | sakkunnig |
sakkyndighet | sakkunne, sakkunnskap |
saksbehandler | saksarbeidar, saksbehandlar, sakshandsamar |
saksbehandling | saksarbeid, saksbehandling, sakshandsaming, saksførehaving |
salg | sal |
samboer | sambuar |
samfunnsmessig | i samfunnssamanheng, samfunns-, i (for) samfunnet |
sammenliknbar | som kan jamførast, samanliknbar |
sammenlikning | jamføring, samanlikna |
sammensatt | samansett |
samt | og, og dertil, og dessutan |
samtlige | alle |
samtykke | (subst.:) samtykke |
samtykke | (verb) samtykkja (samtykkjer–samtykte–samtykt) |
samvittighet | samvit |
sannhet | sanning |
sannsynlig | sannsynleg |
sannsynlighet | sannsyn, (negativt òg:) fare, risiko // det er liten s- for det er lite truleg (sannsynleg) at |
seddel | setel |
sedelighet | moral, sømd, tukt |
sedelighetsdømt | utuktsdømd |
selge | selja |
selvangivelse | sjølvmelding |
selvbestemmelsesrett | sjølvråderett |
selvbetjening | sjølvbetening, sjølvekspedering, sjølvforsyning, sjølvhjelp |
selveierleilighet | sjølveigarhusvære |
selvfølgelig | sjølvsagt |
selvoppholdelsesdrift | sjølvbergingsdrift |
selvstendig | sjølvstendig |
selvstendighet | sjølvstende |
senter | senter (senteret–senter–sentera) |
sentrum | sentrum (sentrumet–sentrum–sentruma) |
sikker | sikker, trygg; viss |
sikkerhet | (tilstanden:) tryggleik, (verksemda:) trygging; (sikker kunnskap:) visse |
sikkerhetshensyn | tryggingsomsyn |
sikkerhetsmessig | i tryggingssamanheng, tryggings- |
Sikkerhetsrådet | Tryggingsrådet |
sikkerhetstjenesten | tryggingstenesta |
situasjonsbetinget | situasjonsbunden |
skattelettelse | skattelette |
skattemessig | i skattesamanheng, skatte- |
skattøre | skatteprosent, skattøyre (ein) |
skikket | skikka; før |
skikkethet | evne (til), føresetnad(er) for, å vera skikka |
skjønnhet | venleik |
skolevesen | skuleverk |
skriftlighet | skriftleg framstilling, skriftleg saksførehaving, skriftlegheit |
skritt | steg |
skyldes | koma av, botna i, ha sin grunn (si årsak) i, skriva seg frå |
sted (et); finne sted | stad (ein); gå føre seg, henda, vera |
stedfortredende | assisterande, avløysande, fungerande |
stedfortreder | avløysar, representant, den som kjem/trer i staden for, varamann (-kvinne) |
stemmeberettiget | røystefør |
stemmegivning | røysting |
stemmerett | røysterett |
stiftelse | stifting |
stiftelsesmøte | skipingsmøte |
stillingsbetenkning | stillingsomtale |
straffbar | strafflagd, straffbar |
strøm | straum |
studie (en) | studie (studien–studiar–studiane) |
studium (et) | studium (studiet–studium–studia) |
styrke | (subst.) styrke |
styrke | (verb) styrkja (styrkjer–styrkte–styrkt) |
stønadsberettiget | med stønadsrett |
størrelse | storleik |
sunnhet | helse |
sunnhetsattest | helseattest |
svakhet | veikskap, svakheit |
svekke | svekkja (svekkjer–svekte–svekt) |
svekkelse | svekking |
svingning | svinging |
sykehjem | sjukeheim |
synkende | (t.d. prisar:) fallande, minkande |
søsken | sysken/søsken |
søster | syster/søster |
sårbar | sårleg, sårbar, ømtolig; (t.d. om posisjon) utsett, veik |
sårbarhet | sårbarheit, å vera sårbar (utsett) |
tall | tal |
taushetsplikt | teieplikt |
telle | telja (tel–talde–talt) |
telling | teljing |
tidsbegrenset | tidsavgrensa, tidbunden |
tidsmessig | tidhøveleg, tidsmessig |
tilbakeholdelse | tilbakehalding |
tilbakeholden | tilbakehalden (måte-, atter-) |
tilbud | tilbod |
tilby | by, gje tilbod om, tilby |
tilbøyelig | t- til dregen mot / huga på / viljug til / tilbøyeleg til |
tilbøyelighet | dragnad, hug, tendens, tilbøyelegheit // ha t- til vera tilbøyeleg til; (òg:) ha lett for |
tilfeldig | tilfeldig |
tilfeldighet | slump(ehøve), tilfelle, tilfeldigheit // ved en t- det høvde seg slik / heilt tilfeldig / tilfeldigvis |
tilføye | leggja til |
tilføyelse | tillegg, tilføying |
tilgjengelig | tilgjengeleg |
tilgjengelighet | tilgang, tilgjengelegheit // ha god t- ha god tilgang / vera lett tilgjengeleg (lett å koma til) |
tilgjengelighetsprogram | tilgangs-/tilgjengelegheitsprogram |
tilgodehavende | gjeldskrav, tilgodehav(ande), uteståande |
tilgodese | syta for, tilgodesjå |
tilhørighet | tilhøyrsle |
tilknyttet | knytt til, tilknytt |
tillatelse | løyve, lov |
tilpasning | tilpassing |
tilpasset | tilpassa |
tilrettelegge | leggja til rette |
tilsagn | tilsegn (ei) |
tilsagnsfullmakt | tilsegnsfullmakt |
tilsatt | tilsett |
tilsette | tilsetja |
tilskudd | tilskot |
til stede | til stades |
tilstrømning | tilstrøyming |
tilstå | tilstå, vedgå; (t.d. eit gode:) gje, la få, yta |
tilståelse | tilståing; (av eit gode:) løyving, tildeling, yting |
tilsvarende | som svarar til, tilsvarande |
tilta | auka, stiga, veksa |
tiltre | byrja, slutta seg til, tiltre |
tiltredelse | byrjing, tilslutning, tiltreding |
til tross for | trass i |
tilvirking | tilverking |
tilværelse | tilvære (n.) |
tjene | tena |
tjeneste | teneste |
tollfrihet | tollfritak |
toneangivende | tonegjevande, førande, leiande; toneangivende personer (også:) bjøllesauer |
tre i kraft | (om regelverk:) ta til å gjelda, bli sett i kraft |
treffe | t- beslutning ta avgjerd / gjera vedtak |
trekke | trekkja (trekkjer–trekte–trekt) |
trygghet | tryggleik |
tvinge | tvinga (tvingar–tvinga–tvinga) |
tvungen | pliktig, tvungen |
tåle | tola |
uaktsom | aktlaus |
uaktsomhet | aktløyse |
uansett | same kva/kor, uansett |
uavhengig | sjølvstendig, uavhengig, ubunden |
uavhengighet | sjølvstende |
uberettiget | grunnlaus, ikkje rettkomen, ugrunna, uheimla |
ubesatt | u- stilling ledig, vakant |
ubesindig | tankelaus |
ubetinget | utan vilkår, vilkårslaus |
uenig | usamd |
uenighet | usemje |
uerholdelig | som ikkje kan drivast inn, uinndriveleg |
uforutsett | upårekna, uventa |
uførhet | nedsett arbeidsevne, tapt arbeidsevne, uførleik, uføre, (å vera) ufør |
ugyldig | ugyldig |
ugyldighet | å vera ugyldig (ikkje gjelda), ugyldigheit |
uhildet | fordomsfri, upartisk, uhilda |
uke | veke |
ukentlig | for (i) veka, kvar veke, veke- |
uklar | uklår/uklar |
uklarhet | uklårleik/uklarleik |
ulikhet | ulikskap, (i fleirtal ofte:) skilnader |
ulønnet | ulønt |
umiddelbar | beinveges, direkte, umiddelbar |
umiddelbarhet | beinveges samband, umiddelbarheit; bevisu- direkte provføring |
underskudd | underskot |
undersøkelse | gransking, undersøking |
uoverensstemmelse | avvik, mangel på samsvar, usemje |
urettmessig | grunnlaus, ikkje rettkomen, rettsstridig, ugyldig |
urimelig | urimeleg |
urimelighet | meiningsløyse, mishøve, sjølvmotseiing, urimelegheit |
urådighet | formyndarskap, råderettstap, verjemål, å vera urådig, urådigheit |
utadrettet | utetterretta, utovervend, til/overfor omverda |
utadvendt | utettervend, utovervend; (om folk:) open, omgjengeleg |
utbredelse | utbreiing, omfang, spreiing |
utbytte | (subst.:) utbyt(t)e |
utferdige | ferda ut, arbeida ut, laga, setja opp, skriva ut, utferda |
utilbørlig | utilbørleg |
utilbørlighet | ufin framgangsmåte, skamløyse, usømd; (jur.:) å vera utilbørleg |
utilregnelighet | å vera utilrekneleg; (meir spesifikt:) gal(en)skap, sinnssjukdom, vitløyse; medvitsløyse // tiltalte frifinnes pga. u- på grunn av skort på skuldevne |
utløp | slutt, utlaup (-løp) |
utløpe | enda, gå ut, vara til, vera gyldig til |
utnevnelse | utnemning |
utrede | greia ut |
utreder | utgreiar |
utredning | utgreiing |
utsatt | utsett |
utslipp | utslepp |
utstede | ferda ut, skriva ut (blir òg brukt synonymt med utferdige, sjå det) |
utstedelse | utferding, utskriving |
utstøting | utstøyting |
uttalelse | (formell:) fråsegn (ei): (uformell:) utsegn (ei) |
utvalg | utval |
utvinnbar | som kan vinnast ut |
utvinne | vinna ut |
utøve | utøva, bruka, setja i verk // u- innflytelse ha innverknad på / påverka |
utøvelse | utøving, iverksetjing |
uønsket | uønskt/uynskt |
valg | val |
valgfrihet | valfridom |
valgkrets | valkrins |
vann- | vass- (vassavgift, vassverk), vatn- |
varighet | lengd, tid, varigheit // ha en v- på (ofte:) vara |
varsom | varsam |
varsomhet | varsemd |
vedrørende | om, med omsyn til, som gjeld |
vedvare | vara (ved) |
vegne | på v- av på vegner av |
vektlegge | leggja vekt på |
veie | vega (veg–vog–vege) |
veilede | rettleia |
veileder | (person:) rettleiar; (trykksak:) rettleiing, rettleiar |
veiledning | rettleiing |
veldedig | samfunnsgagnleg, velgjerds- |
veldedighet | velgjerd(sarbeid) |
velge | velja–vel–valde–valt |
verdens | i verda, verds-, verdsens |
verdens- | verds- |
verdighet | (sjølv)vørdnad, verdigheit // rettens v- vørdnaden til retten // anse under sin v- halda seg for god til / ikkje finna seg i |
vesen | stell, etat, vesen |
vesentlig | viktig, (ofte:) stor // uten v-ulempe utan nemnande (særleg) ulempe // v- mindre mykje (monaleg) mindre |
vesentlighet | i all v- i hovudsaka, for det meste, stort sett |
virke | (subst:) yrke, arbeid, gjeremål, levebrød; emne, (tre)vyrke, materiale |
virke | (verb:) verka (verkar–verka–verka) |
virkedag | yrkedag |
virkelighet | røynd, røyndom, verkelegheit |
virkelighetsfjern | røyndomsfjern |
virkemiddel | verkemiddel (fleirtal: middel–midla) |
virkning | verknad |
virksomhet | verksemd |
viten | kunne, kunnskap, innsikt |
vitenskap | vitskap |
vitenskapelig | vitskapleg |
vitnesbyrd | vitnemål |
vokse | veksa (veks–voks/vaks–vakse) |
voksen | vaksen |
vold | vald |
voldelig | valdeleg, valds- |
voldsforbrytelse | valdsbrotsverk, valdskriminalitet |
voldsoffer | valdsoffer |
ytelse | yting |
ytringsfrihet | ytringsfridom |
ytterligere | fleire, meir, vidare |
ærbødigst | vørdsamt |
ærede | vørde |
ærekrenkende | ærekrenkjande |
ødelegge | øydeleggja |
ødeleggelse | øydelegging |
øke | auka |
økning | auke (ein) |
økt | auka (betre, hardare, høgare, meir, skjerpa, større osv.) |
øremerke | øyremerkja (merkjer–merkte–merkt) |
øremerket | øyremerkt |
øverst | øvst |
øvrig | de ø-e dei andre // for ø- dessutan; elles |
øyeblikk | augneblink, stund |
øyeblikkelig | med det same, omgåande, straks; akutt |
øyemed | augneméd, føremål, siktemål // i dette ø- for dette føremålet / med dette for auga / med tanke på dette / i denne samanhengen |
åpen | open (ope–opne) |
åpenhet | openheit // vise å- vera open (ærleg) |
åpne | opna |
åpning | opning |