Reglar for ordlaging
Språkrådet godtek i dag -heit (ikkje -het) som ei ordinær og produktiv ordlagingsending i nynorsk. Endinga bør likevel ikkje nyttast slik at ho trengjer ut innarbeidde ordlagingsmåtar i nynorsk. Språkrådet har utarbeidd reglar for kva for -heit-ord som kan nyttast. Ord på -heit kan takast inn i nynorskordbøkene etter desse reglane:
- -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -ete blir ikkje godtekne: ikkje fordømtheit, skikkaheit, klossetheit.
- Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing (t.d. arbeidslaus > arbeidsløyse).
- Ord på -sam skal ha -semd ;som einaste avleiing (t.d. sparsam > sparsemd).
- Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, får normalt ikkje ei form med -heit i tillegg (merk at det likevel finst valfrie par som godheit/godleik).
- Ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane, får ikkje -heit. Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit.
Hugs at -heit-ord er hokjønnsord i nynorsk:
ei nyheit – nyheita – nyheiter – nyheitene
Råd om omskriving
Om du ikkje vil bruka eit -heit-ord, kan du ofte skriva om. Men det bør ikkje gjerast mekanisk, og i mange tilfelle bør ein la -heit-ord stå. Råda nedanfor kan vera nyttige, til dømes når du skal setja om tekst frå bokmål til nynorsk:
Skil -het frå stamma og erstatt endinga med eit substantiv:
- Tiltalte forsvarte seg med verdighet >
Den tiltala forsvara seg på ein verdig måte / på verdig vis.
- Regjeringen har vist sterkt engasjement for forutsigbarhet i ressursfordelingen >
Regjeringa har vist sterkt engasjement for ei føreseieleg fordeling av ressursane.
- Det er økende sannsynlighet for at >
Det er/blir/vert meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at
- Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
Regjeringa har lagt vekt på å føra ein langsiktig økonomisk politikk.
Bruk adjektivdelen av -het-ordet saman med eit verb som vera, bli eller verta:
- Det er økende sannsynlighet for at >
Det er/blir/vert meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at
Skriv om med infinitiv kombinert med ei av dei to løysingane som er skisserte ovanfor:
Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
Regjeringa har lagt vekt på å føra ein langsiktig økonomisk politikk.