Medan st-passiv hovudsakleg blir brukt i infinitiv og presens, kan mange aktive st-verb brukast i preteritum, og nokre også i perfektum.
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum |
---|---|---|---|
å finnast | finst | fanst | har funnest |
å synast | synest | syntest | har synst |
Dersom du kjenner alle former av det aktive verbet som ligg under (her: å finne og å syne), kan du lett finne dei rette formene av st-verbet. Bruk denne framgangsmåten:
1) Set opp alle former av det aktive verbet, med a-infinitiv (å syna og å finna). Sjå dei to skjemaa nedanfor. 2) Dersom ei form sluttar på konsonant, tek du bort denne siste konsonanten (den som står etter den loddrette streken). 3) Til slutt legg du -st til alle formene.
Hugs at mange verb er e-verb, det vil seie at dei har e i presens (syner). St-verbet får då -est i presens, ikkje -ast. Altså: Eg synest, ikkje eg *synast!
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum |
---|---|---|---|
å syna| | syne|r | synte| | syn|t |
Ein god del verb er sterke, det vil seie at dei har éi staving i preteritum og presens. St-verbet får dermed òg éi staving. Altså: Det finst, ikkje det *finnast!
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum |
---|---|---|---|
å finna| | fin|n | fan|n | har funne| |
Merk at infinitivsendinga i st-verb er -ast anten du vel e- eller a-infinitiv i vanlege verb. Skriv du å finne og skal finne, skal du altså likevel skrive å finnast og skal finnast (ikkje å *finnest og skal *finnest).
Her er ei liste over resten av dei vanlegaste verba av denne typen. Mange av perfektumformene er lite brukte og kan kjennast framande, så vi har sett dei i parentes. Men dei er altså formelt korrekte, til liks med alle former du finn ved hjelp av framgangsmåten ovanfor.
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum |
---|---|---|---|
å høyrast | høyrest | høyrdest | (har høyrst) |
å kjennast | kjennest | kjendest/kjentest | (har kjenst) |
å krevjast | krevst | kravdest | (har kravst) |
å minnast | minnest | mintest | (har minst) |
å møtast | møtest | møttest | har møtst |
å sjåast | sest | sågst | (har sest) |
å skiljast | skilst | skildest | (har skilst) |
å skjemmast | skjemmest | skjemdest/skjemtest | (har skjemst) |
å slåst | slåst | slost | har slåst |
å snakkast | snakkast | snakkast | har snakkast |
å spørjast | spørst | spurdest | (har spurst) |
å trengast | trengst | trongst | (har trungest) |
å treffast | treffest | treftest | (har trefst) |
å trivast | trivst | treivst | (har trivest) |
Nokre svært vanlege verb i nynorsk har endinga -st i alle former. Dette er verb som har aktiv tyding, og dei må ikkje forvekslast med passivformene av verba (Søknaden må sendast).