Hopp til hovedinnhold

Aktiv og passiv på nynorsk


Kva er aktiv og passiv?

I aktive setningar har vi ofte eit handlande subjekt, som Einar i dette tilfellet:

Einar sender brevet (bokmål + nynorsk)

I denne setninga er brevet objekt. I tilsvarande passive setningar er objektet frå aktivsetninga (altså brevet) gjort til subjekt:

Brevet sendes (bokmål)

Det handlande subjektet frå aktivsetninga (Einar) er ute or biletet. Passiv høver såleis når vi ikkje veit kven som handlar, og når det ikkje er viktig.

Ikkje presens s-passiv på nynorsk

Sendes i dømet ovanfor er passiv av sender, som er ei presensform. Med nokre unntak brukar vi ikkje s-passiv i presens på nynorsk. Vi brukar i staden ei form av bli eller verte + ei partisippform av hovudverbet:

Brevet blir/vert sendt

Vi kan sjølvsagt òg skrive at brevet blir sendt på bokmål.

I preteritum har vi ikkje noko val på bokmål heller:

Brevet blei/vart sendt (nynorsk)
Brevet ble(i) sendt (bokmål)

Ein skriv ikkje brevet sendtes.

S-passiv berre i infinitiv

Det er altså ikkje noko som heiter «brevet sendest» eller «brevet sendast»!

Men vi har s-passiv i nynorsk, i infinitiv. Den forma sluttar alltid på -ast og har eit hjelpeverb føre seg:

Brevet kan/skal/må/bør sendast (nynorsk)
Brevet kan/skal/må/bør sendes (bokmål)

Vi har òg verb som endar på -st i alle former.

Aktiv form er ofte betre

Som du ser, har nynorsk to måtar å uttrykkje passiv på, og vi kan i teorien bruke passiv like mykje som på bokmål (berre ikkje presens s-passiv).

Men på godt norsk brukar vi gjerne aktiv der det ikkje er nokon særskild grunn til å bruke passiv. Det blir ofte meir naturleg, og vi får fram kven som handlar eller har ansvaret for å handle:

Alle søknader behandles konfidensielt
> Vi behandlar alle søknader konfidensielt

Lyset slukkes når kontoret forlates
> Du må sløkkje lyset når du går frå kontoret


Det siste kan òg gjerne uttrykkjast med imperativ:

> Sløkk lyset når du går frå kontoret!

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.