Svar
Vi må skilje mellom ulike slags forbokstavord (initialord). Eitt skilje går mellom særnamn (eigennamn) og samnamn (fellesnamn). Eit anna skilje går mellom forkortingar som blir uttalte som ord, og forkortingar som blir uttalte bokstav for bokstav.
Særnamn uttalte bokstav for bokstav: store
Forkortingar for særnamn (eigennamn) blir oftast skrivne med store bokstavar:
World Wildlife Fund > WWF
Dei sameinte nasjonane > SN (eller FN, av De forente nasjoner)
Norsk rikskringkasting > NRK
Slike forkortingar les vi bokstav for bokstav: ve-ve-eff, ess-enn, eff-enn, enn-err-kå.
Særnamn uttalte i eitt: store/små
Særnamn i form av forbokstavord som kan lesast i eitt (akronym), kan skrivast på to måtar:
North Atlantic Treaty Organization > NATO eller Nato
UNESCO/Unesco
Genitiv
I genitiv legg vi ein liten s til:
WWFs, FNs, NRKs, NATOs eller Natos, UNESCOs eller Unescos
Samnamn: store/små
Forbokstavord som er samnamn (fellesnamn), kan skrivast med store eller små bokstavar:
BH/bh (eventuelt behå), CD/cd, EDB/edb, ENØK/enøk, LP/lp, PC/pc, TV/tv, WC/wc
Språkrådet tilrår gjerne små bokstavar i mykje brukte forkortingar, mellom anna fordi det da er lettare å skilje forkortingane frå særnamn. Di meir allment kjent eit fenomen med tilhøyrande forkorting er, di sterkare er tendensen til å velje små bokstavar.
Dersom forkortinga i prinsippet kan lesast som eit ord, men i praksis blir lesen bokstav for bokstav, er det god grunn til å velje store bokstavar (jf. IT, IKT og ID).
Nokre forkortingar skal i alle tilfelle skrivast med store bokstavar, m..a som AS, ISBN og PR.
Bøying
Merk bøyingsformene av ord som pc, tv, cd-rom:
pc-en – pc-ar – pc-ane
PC-en – PC-ar – PC-ane
(ikkje: pc'en eller pcen eller PC'en eller PCen osv.)
cd-rom-en – cd-rom-ar – cd-rom-ane
CD-ROM-en – CD-ROM-ar – CD-ROM-ane
I slike samnamn får vi apostrof før genitivs-s: ein pc's yting.
Samansetning
Forbokstavord som ikkje er akronym, får bindestrek i samansetningar:
sommar-OL, FN-vedtak, farge-TV eller farge-tv, PC-kjøp eller pc-kjøp
Forbokstavord som er blitt vanlege ord
Ein del opphavlege akronym har fest seg i norsk som vanlege ord, til dømes hiv (av Human Immune Deficiency Virus 'menneskeleg immunsviktvirus'), laser og radar. Slike ord blir bøygde og samansette på vanleg måte: ein radar – radaren – radarar – radarane, laserskrivar, hivmedisin.
Unnatak: ein del private namn og tekniske forkortingar
Reglane ovanfor er etter den gjeldande offisielle rettskrivinga. Private institusjonar og firma rår sjølv over namna sine og kan avgjere korleis eventuelle forkortingar skal skrivast. Eit døme er DnB for Den norske Bank (ein arv frå DnC for Den norske Creditbank), som forresten vart endra til DNB i 2011. Eit anna døme er partinamn, som KrF.
Innanfor fysikk og kjemi finn vi viktige internasjonale unnatak som dB og pH, og dessutan har heile feltet forsking og utvikling fått lov til å skilje seg frå hovudreglane med forkortinga FoU.