Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Reglar for statsorgan

Her er reglane som gjeld for bruk av nynorsk og bokmål i alle statsorgan.


Alle statsorgan skal
  • kommunisere skriftleg med privatpersonar på det skriftspråket privatpersonane sjølve bruker 
  • kommunisere skriftleg med fylkeskommunar og kommunar på det skriftspråket som kommunane og fylkeskommunane har vedteke at dei skal bruke (anten nynorsk eller bokmål)
  • sørge for at skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar finst samstundes på både nynorsk og bokmål 
  • sørge for at løyve og faste formular finst på både nynorsk og bokmål
  • gje ut dokument som er meinte til bruk i skolen, på både bokmål og nynorsk samtidig
  • ha namn på norsk (bokmål og nynorsk)
  • sørge for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter språklova

I tillegg til reglane som gjeld for alle statsorgan, finst det reglar som berre gjeld for sentrale statsorgan, og reglar som berre gjeld for regionale statsorgan.

Skriftleg kommunikasjon med privatpersonar

Skriftleg kommunikasjon kan vere brev, e-post eller chattetenester. Om ein privatperson skriv til eit statsorgan på nynorsk, skal statsorganet svare på nynorsk. Om ein privatperson skriv til eit statsorgan på bokmål, skal statsorganet svare på bokmål. Sjå språklova paragraf 15 første leddet

Automatiserte svar frå postmottak o.l. er ikkje omfatta av denne regelen. Likevel er det god praksis å ha eit autosvar som er formulert på både bokmål og nynorsk. 

Skriftleg kommunikasjon mellom statsorgan og kommunale og fylkeskommunale organ

Når statlege organ kommuniserer med ein kommune eller fylkeskommune, må dei bruke det skriftspråket som kommunen eller fylkeskommunen har vedteke: anten nynorsk eller bokmål. Sjå språklova paragraf 15 andre leddet.

Nokre kommunar og fylkeskommunar er språkleg nøytrale. Da kan statsorgana velje om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i kommunikasjonen.

Språkvedtak

Eit språkvedtak er eit vedtak frå ein kommune eller ein fylkeskommune om kva for skriftspråk som statsorgan skal bruke i all skriftleg kommunikasjon med dei. Kommunen eller fylkeskommunen kan gjere vedtak om at det skal brukast berre nynorsk eller berre bokmål, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral.

Skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar

Eit døme på skjema er søknad om politiattest. Eit døme på digital sjølvbeteningsløysing er skattemelding. 

Alle skjema (også papirskjema) og digitale sjølvbeteningsløysingar skal finnast på både bokmål og nynorsk. Innhaldet i dei to versjonane skal vere likt, og versjonane skal ligge føre til same tid. Sjå språklova paragraf 14 første leddet.

Når statlege organ kjøper inn digitale løysingar og produkt frå leverandørar, bør dei krevje at løysingane eller produkta skal fungere på begge skriftspråka.

Løyve og faste formular

Døme på løyve og faste formular er førarkort og skattekort.

Løyve og faste formular skal finnast på både bokmål og nynorsk. Privatpersonar skal kunne velje kva skriftspråk dei vil skal brukast i løyve og faste formular som gjelde dei sjølve. Sjå språklova paragraf 14 andre leddet.

Dokument til bruk i skolen

Dokument som er meinte til bruk i skolen, er

  • alle typar dokument og ressursar som blir laga for elevar
  • dei dokumenta som elevane faktisk blir eksponerte for

Eit statsorgan skal gje ut alt materiell som det lagar for elevar, anten det er digitalt materiell eller materiell på papir, på bokmål og nynorsk samtidig. Sjå språklova paragraf 14 tredje leddet.

Statlege namn 

Statsorgan skal ha namn på norsk. Om det ikkje er mogleg å finne eit namn som fungerer på begge skriftspråka, skal det lagast eitt namn på bokmål og eitt på nynorsk. Sjå språklova paragraf 10 andre leddet

Kravet om namn på både bokmål og nynorsk gjeld òg namn på regionale avdelingar, seksjonar, nemnder, utval og andre organisatoriske einingar under statsorgan. 

Rettleing om namneval i staten

Skrivekompetanse

Statsorgan skal sørge for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter språklova. Sjå språklova paragraf 16

Fant du det du lette etter?