Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Reglar for regionale statsorgan

Her er dei særskilde reglane som gjeld for bruk av nynorsk og bokmål i regionale statsorgan. 

Regionale statsorgan

Regionale statsorgan er statsorgan som dekker mindre enn heile landet. Eit regionalt statsorgan kan til dømes vere ein statsforvaltar, eit helseføretak eller ei regional avdeling av eit sentralt statsorgan (som skattekontor, politi mfl.).

Regionale statsorgan skal bruke det som er fleirtalsspråket (anten bokmål eller nynorsk) i det området som organet dekker. Finst det ikkje noko fleirtalsspråk i området, er organet språkleg nøytralt.

  • Dersom fleirtalsspråket er nynorsk, skal organet bruke nynorsk i allment tilgjengelege dokument.
  • Dersom fleirtalsspråket er bokmål, skal organet bruke bokmål i allment tilgjengelege dokument.
  • Dersom organet er språkleg nøytralt, skal organet veksle mellom dei to skriftspråka etter reglane i språklova § 13.
Fleirtalsspråk

Det norske skriftspråket (bokmål eller nynorsk) som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om.

Ein tenestekrins er eit geografisk område som eit statsorgan yter tenester til.

Allment tilgjengelege dokument

«Allment tilgjengelege dokument» er til dømes nettsidetekst, pressemeldingar, stillingslysingar og tekstar i sosiale medium.  

Fant du det du lette etter?