Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Reglar for sentrale statsorgan

Her er dei særskilde reglane som gjeld for bruk av nynorsk og bokmål i sentrale statsorgan. 

Sentrale statsorgan

Sentrale statsorgan er statsorgan som dekker heile landet. 

Sentrale statsorgan skal sørge for at det er minst 25 % av kvart skriftspråk i allment tilgjengelege dokument. Sjå språklova paragraf 13 første leddet.

Allment tilgjengelege dokument

«Allment tilgjengelege dokument» er til dømes nettsidetekst, pressemeldingar, stillingslysingar og tekstar i sosiale medium.  

I allment tilgjengelege dokument skal det vekslast mellom nynorsk og bokmål. Det skal ikkje lagast parallelle versjonar av til dømes nettsider.  

Kravet om veksling gjeld ikkje for tekstar som er laga for internt bruk, til dømes stoff til intranettet, saksdokument til møte og tekstar til intern saksbehandling.

Fant du det du lette etter?