Hopp til hovedinnhold

Trickle down på norsk

Spørsmål

Kva heiter trickle-down economics, trickle-down theory og trickle-down effects på norsk? Det handlar om at økonomiske føremoner som dei rike får, sig nedover i dei sosiale laga og kjem alle til gode.


Svar

Denne teorien kan sjåast som ei utbrodering av ordtaket «Når det regner på presten, dryp det på klokkaren» (sjå ordbokutklippet nedanfor). Somme har difor brukt dryppøkonomi, dryppteori og dryppeffekt.

På svensk heiter det nedsippringsteori, og på dansk skriv dei om nedsivningsteori og nedsivningseffekt. Islandsk har (brauð)molakenningin, altså (brød)smulelæra, som har litt negative overtonar (jf. uttrykket «smular frå dei rikes bord»).

På norsk er orda nedsildringsøkonomi, nedsildringsteori og nedsildringseffekt i bruk attåt drypp-orda. Ein har òg forkorta dei til sildreøkonomi, sildreteori og sildreeffekt.

Av og til viser trickle down snarare til økonomisk vokster som spreier seg til andre område, som ringar i vatn. Då kan det innarbeidde ordet ringverknader høva.

Alt som er nemnt her, er brukande ord. Spørsmålet er om ein vil byggje på det kjende ordtaket om presten og klokkaren eller noko anna.


Einar Haugen: Norsk–engelsk ordbok, 4. utgave, 1995

Sist oppdatert: 27. oktober 2026

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.