Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Paragrafteikn og mellomrom

Spørsmål

Skal det vere mellomrom mellom paragrafteiknet og talet etter? Er det med andre ord rett med «§17» eller med «§ 17»?


Svar

Det skal vere mellomrom mellom paragrafteiknet og talet. Skriv «§ 17».

Ein må sjå på teiknet som ein forkorta skrivemåte for ordet, og i formuleringa «paragraf sytten» ser ein straks at det må vere mellomrom.

Bruk hardt mellomrom, så skil ikkje teiknet og talet lag ved lineskifte.

Fant du det du lette etter?