Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Forfordele

Spørsmål

Kva tyder forfordele? Er det å gje nokon for lite eller å gje nokon for mykje?


Svar

Tradisjonelt tyder forfordele å gje nokon for lite eller gjere urett mot dei på anna vis. Det er altså det motsette av å favorisere. Vi tilrår å bruke ordet i den tradisjonelle tydinga eller å velje andre ord.

Fleire og fleire bruker det i staden om å favorisere, og denne tydinga er nyleg komen inn i norske og danske ordbøker. Den nye tydinga kan verke meir logisk, men den gamle tydinga må likevel reknast som den rettaste; ho er framleis heilt dominerande i juridisk språk og gjennomarbeidd sakprosa.

Kva skal ein gjere med ordet?

Same kva ein legg i ordet, er det mange som vil tolke det motsett. Ordet er i ferd med å bli eit såkalla pendelord.

Når den nye tydinga er komen inn i ordbøkene, er det fordi ordbøkene er nøydde til beskrive utbreidd faktisk bruk av orda. Meininga er altså ikkje å skifte den gamle tydinga ut med den nye.

Språkrådet rår ikkje frå å bruke eit ord berre fordi nokon mistyder det. Til dømes bør ordet bjørneteneste nyttast i same tyding som før, både fordi vi manglar ei god erstatning, og fordi det er lett å hugse historia bak ordet (bjørnen som slår ei fluge på panna til herren). Det er diverre ikkje like lett å hugse bakgrunnen for forfordele, men det er ikkje noko argument for å la det skure. Ordet er for viktig til det. Skal ordet brukast, bør det vere i den tradisjonelle tydinga.

På den andre sida er det nokså optimistisk å tru at alle kan lære å bruke det rett att. Det tryggaste er ofte å bruke ei formulering alle forstår. Kan det uttrykkjast med «få/gje mindre enn», er ingenting betre enn det. Det er no vanleg å bruke skeivfordeling om sjølve fordelinga, men formuleringa «å skeivfordele nokon» gjev ikkje god meining; ein kan skeivfordele ein arv, men ikkje arvingane. (Før kunne det forresten heite å misbyte på nynorsk, jamfør landssviklova frå 1947.)

Kva kjem det av?

Forfordele har kome inn i norsk og dei andre skandinaviske språka frå lågtysk, der det heitte vorvordelen. Førestavinga for- har ulike tydingar i norsk, som ‘altfor’, ‘føre’ (i tid og rom) og ‘pro’, altså ‘til fordel/føremon for’. Når for- i desse tydingane blir kopla til verbet å fordele, blir resultatet gjerne positivt, så det er ikkje rart at ordet har vorte mistydd.

Men opphavet til forfordele ligg ikkje i ei slik kopling. For- i forfordele har opphavleg ei tyding som kan omsetjast med ‘bort frå’, og resten av ordet er fyrst seinare blitt påverka av verbet å fordele. Opphavleg hang forfordele nærare saman med substantivet fordel ‘føremon’, og bort frå fordel er jo klårt negativt.

Fant du det du lette etter?