Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Elizabeth eller Elisabet? Monarknamn på norsk

Spørsmål

Korleis bør ein skrive namnet til den nyleg avlidne britiske dronninga? Kva med andre monarkar, levande eller avlidne? Skal namnet deira norvagiserast?


Svar

Hovudregelen er at namnet til ein avliden utanlandsk monark (regent) blir omsett til ein ekvivalent med heimleg norsk skrivemåte. Såleis heiter King Henry VIII kong Henrik VIII (eller 8.) på norsk, og dotter hans, Queen Elizabeth I, heiter dronning Elisabet I (eller 1.).

Regelen gjeld framleis, men ikkje for kongar og dronningar som var i live 1.1.2021. Dermed kjem dronning Elizabeth II (eller 2.) aldri til å heite noko anna på norsk, og sonen Charles kjem aldri til å bli Karl. Sjå òg artikkelen «Kong Charles og dronning Camilla».

Du finn fleire monarknamn på norsk i lista Historiske navn på nettsidene våre. Denne lista byggjer på ei liste frå 1963 som var laga med tanke på språket i skulebøkene, som den gongen skulle godkjennast av styresmaktene. Det var viktig at alle skuleelevar i landet fekk møte dei same namna, anten dei nytta det eine eller det andre læreverket. Lista heitte «Historiske navn i lærebøker» og innheldt berre eldre namn (sjå årsmeldinga til Norsk språknemnd for 1963).

Tradisjonen med nasjonalisering av monarknamn har djupe røter. I gamle dagar brukte ein gjerne heimlege namn medan monarkane var i live òg, både i skrift og tale. Det gjer dei framleis på Island, der kong Charles er Karl 3. Bretakonungur. Kong Charles er altså namnebror til den tysk-romerske keisaren Karl den store (alias Carolus Magnus, Charlemagne og Karl der Große), som både islendingane og vi ein gong i tida kalla Karlamagnús.

Særleg etter den andre verdskrigen har det vore mykje vingling med namn frå nyare tid. Difor vart regelen endra i september 2022, men berre med omsyn til monarkar som enno levde (eller var ufødde) den 1. januar 2021.

For norske kongar og dronningar gjeld særskilde reglar som du kan lese om her.

For pavar gjeld hovudregelen.

Fant du det du lette etter?