Hopp til hovedinnhold

Generelle skriveråd

Korleis kan du sørge for at teksten din fungerer? Bruk sjekklista med generelle klarspråkstips.


Bokmål
Nordsamisk

Kven skriv du for?

  • Ha klart for deg kven du skriv for, og kvifor mottakaren skal få teksten. Når du har eit tydeleg bilete av mottakaren, er det lettare å tilpasse teksten til han eller henne.
  • Vurder kva mottakaren veit frå før, og kva du bør forklare. Har mottakaren fått informasjon om saka skriftleg, på telefon eller i møte før?
  • Tilpass teksten din til den som er hovudmottakar. Har du fleire ulike mottakarar, kan du lage eit generelt samandrag til hovudmottakaren eller dele teksten og skrive tilpassa informasjon for kvar mottakargruppe.

Kvifor skriv du?

  • Få klart fram kvifor mottakaren skal lese og bruke teksten. Om formålet med teksten er at mottakaren skal gjere noko, bør du passe på at det kjem tydeleg fram.
  • Ta med det som er relevant for mottakaren. Skriv kort. Då sparar du plass, og mottakaren sparar tid. Tenk grundig over kva som bør vere med i teksten. Kan du fjerne tekst som mottakaren truleg ikkje har nytte av?

Lag orden i teksten

  • Lag ei hovudoverskrift som fortel kva teksten handlar om. Hovudoverskrifta må gi meining for mottakaren og signalisere kva teksten handlar om.
  • Set det som er viktigast for mottakaren, først eller langt framme i teksten. Det som er viktigast for deg som skribent, er ikkje alltid det viktigaste for mottakaren. Ofte er det lurt å skrive ein konklusjon eller eit samandrag først. Det gjer ikkje noko om du gjentek konklusjonen til slutt.
  • Del lange tekstar inn i avsnitt, og set avsnitta i ei rekkefølgje som er logisk for mottakaren. Ei god avsnittsinndeling gir både skribenten og mottakaren god oversikt over innhaldet. Kvart avsnitt må ha eit klart hovudpoeng, og avsnitta må plasserast i ei logisk rekkefølgje.
  • Lag mellomoverskrifter som svarar til innhaldet i avsnitta. Hovudpoenget i kvart avsnitt bør kunne oppsummerast i ei mellomoverskrift. Ideelt sett skal ein lesar kunne få eit inntrykk av innhaldet i ein tekst berre ved å skumme mellomoverskriftene.

Lag klare setningar

  • Ikkje skriv for lange og kompliserte setningar, men si éin ting om gongen. Del lange setningar som kan delast. Prøv å unngå lange innskot. Vurder om du kan skilje ut innskota som eigne setningar.
  • Da loven om røykfrie serveringssteder ble innført i Norge, var kun halvparten av befolkningen positiv, men to år etter slutter 78 prosent opp om røykeloven, viser undersøkelser fra MMI.Da loven om røykfrie serveringssteder ble innført i Norge, var kun halvparten av befolkningen positivt innstilt. Men to år etter slutter 78 prosent opp om røykeloven. Dette viser undersøkelser fra MMI.
  • Nettsteder som angir hvilken standard som brukes, og som overholder denne standarden, har et godt grunnlag for tilgjengelighet og blir også lettere å finne for søkemotorer.Nettsteder bør angi hvilken standard de bruker, og overholde denne standarden. Da blir de mer tilgjengelige. Dessuten blir nettstedet lettere å finne for søkemotorer.
  • Pass på at nødvendig informasjon ikkje er underforstått eller utelaten. Hugs at ikkje alle mottakarar har dine kunnskapar. Ikkje overlat til mottakaren å finne ut kva som står mellom orda og linjene.
  • Unngå substantivsjuke. Unngå tunge omskrivingar med substantiv. Bruk heller konkrete verb når du skildrar ei handling.
  • Saken ble gjort til gjenstand for drøfting.Saken ble drøftet.
  • Det ble foretatt forkynning av tiltalen.Tiltalen ble forkynt.
  • Det er foretatt en standardheving. Det er også utført maling av innvendige overflater.Standarden er hevet, og innvendige overflater er malt.
  • Det bør skje en innskjerping av dagens dispensasjonspraksis.Dagens dispensasjons­praksis bør innskjerpes.
  • Oversending av opplysningene kan ikke finne sted.Opplysningene kan ikke oversendes.

Vær forsiktig med ved + substantiv.

I upersonlige setninger med ved + substantiv på -ing eller -else er det ikke alltid opplagt hvem som skal gjøre hva. Hvis du vil at mottakeren skal gjøre noe, er det bedre å bruke et konkret verb.

Eksempel 1: Disse kan fås ved henvendelse til administrasjonen.
Forslag til omformulering: Disse kan du få hvis du henvender deg til administrasjonen.

Eksempel 2: Ved innvilget avdragsordning blir nye betalingsblanketter sendt deg månedlig.
Forslag til omformulering: Hvis du får innvilget avdragsordning, vil du få tilsendt nye betalingsblanketter hver måned.

  • Ver aktiv når du kan. Som regel er det best å nemne kven som gjer kva, om det ikkje er grunn til å la det vere.
  • Søknad kan ikke sendes elektronisk.Du kan ikke sende søknaden elektronisk.
  • Dette vedtaket kan påklages.Du kan klage på dette vedtaket.
  • Eventuelle brudd på regelverket betyr at det må betales avgifter for kjøretøyet.Dersom du bryter reglene, må du betale avgifter for kjøretøyet.
  • Det ble fra politiets side innledet etterforskning.Politiet innledet etterforskning.

Vel riktige ord

  • Unngå fyllord og unødvendige presiseringar. Fjern fyllord og presiseringar som ikkje gir setninga meir informasjon. Bruk korte ord i staden for lange og samansette ord. (Ei problemstilling er ofte berre eit problem.) 
  • I egenskap av å være byggherre for et syke- og aldershjem i verneområdet foretok kommunen utfylling av et vann i nærheten.Som byggherre for et syke- og aldershjem i verneområdet fylte kommunen ut et vann i nærheten.
  • Det knytter seg usikkerhet til deres forutsetninger for å adoptere et barn fra utlandet. Det er uvisst om de har forutsetninger for å adoptere et barn fra utlandet.
  • Vel oppdaterte og konkrete ord. Vel ord som ligg nær daglegspråket. Unngå gammaldagse ord og uttrykk. Styr også unna abstrakte ord med vagt innhald.
  • Forklar eit faguttrykk første gong du brukar det. Hugs at forklaringa må vere god. Unngå å forklare eitt faguttrykk med eit anna, eller berre å vise eit døme på bruk av faguttrykket.

Tenk over stil, tone og korrektur

  • Tilpass stil og tone til mottakaren og formålet med teksten.

    Hugs at alle vala du tek når du skriv, er med på å gi teksten eit visst stilnivå.

    Tunge substantiv, mange passivformer, gammaldagse ord og lange setningar gir teksten ein høgtideleg og formell stil og skapar avstand mellom tekst og lesar.

    Konkrete, aktive verb, kortare setningar og direkte tiltale (du-form) gir ein mindre formell stil og gjer avstanden mellom tekst og lesar mindre.

    Difor må du ha mottakaren og formålet i mente gjennom heile skriveprosessen.
  • Les korrektur. Ikkje stol på stavekontrollen. Bruk ordbøker og nettstaden til Språkrådet om du er i tvil, eller be ein kollega om hjelp.

Sjekklista finst òg som ein plakat. Last ned plakaten her (pdf).

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.