Fagspråk
Faguttrykk kan gjere tekstar vanskelege å forstå. Samstundes er faguttrykka heilt nødvendige for å sikre presis kommunikasjon mellom fagfolk.
Faguttrykk kan gjere tekstar vanskelege å forstå. Samstundes er faguttrykka heilt nødvendige for å sikre presis kommunikasjon mellom fagfolk.
Gode ordforklaringar kan løyse problemet. Du kan forklare eit faguttrykk første gang du bruker det, eller lage ei ordliste som er lett tilgjengeleg.
Når du formidlar fagstoff til andre enn spesialistar, bør du tenkje over korleis du bruker faguttrykk. Her er fire strategiar du kan bruke.
Nokre faguttrykk har ein folkeleg eller sjølvforklarande «tvilling» som du kan bruke i staden. Denne «tvillingen» kan ein kalle ein dublett. Her er nokre døme:
bruk dette | i staden for dette |
---|---|
arveleg/arvelig | hereditær |
betennelse | inflammasjon |
brot/brudd | fraktur |
godarta/godartet | benign |
halsbetennelse | tonsillitt |
lindrande/lindrende | palliativ |
medfødt | kongenital |
Du kan også leggje til faguttrykket i parentes etter dubletten: halsbetennelse (tonsilitt).
Du kan bake inn ein definisjon eller ei forklaring i teksten der du nyttar faguttrykket, til dømes slik:
Før operasjonen fører vi et såkalt PVK (perifert venekateter) gjennom huden din og inn i en blodåre. Et PVK er en plastslange som gjør at du kan få medisiner og væske rett i blodåren.
Grenseverdien (minimumskravet til lokal luftkvalitet) er et årsgjennomsnitt på 40 mikrogram per kubikkmeter.
Dersom det finst eigne fagordlister på nettet eller i tekstdokumentet, kan du vise til forklaringane der.
Døme på fagordliste:
Når du lagar fagordlister, er det to viktige ting du må hugse på.
a) Pass på at du lagar verkelege definisjonar av faguttrykka, ikkje berre viser døme på korleis dei vert brukte, slik det er gjort her:
ECMO-behandling
Behandlingen foregår ved hjelp av en modifisert hjerte-lungemaskin som via plastslanger kobles til store blodårer i kroppen. Maskinen kan brukes til å avlaste et sviktende hjerte og/eller lunger både hos voksne og barn. ECMO kan for eksempel brukes ved alvorlig hjertesvikt der pasienten fortsatt er ustabil, til tross for medikamentell behandling, pacemaker eller lignende.
b) Ikkje forklar eitt faguttrykk ved hjelp av andre faguttrykk slik det er gjort her:
Agnosi: Svikt i persepsjonen som innebærer evnen til å gjenkjenne stimuli
Spastitet: Økt muskeltonus
Vi rår deg til å lese innføringsheftet Termlosen eller ta kontakt med Språkrådet for å få hjelp.