Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Uttalen av «de» på nynorsk

Spørsmål

Korleis skal pronomenet de (2. person fleirtal) uttalast på nynorsk?


Svar

Den vanlegaste uttaleforma er /de/. Den kan du trygt bruke.

Uttaleforma /di/ finst i somme dialektar (mellom anna i delar av Sogn og Trøndelag og mange stader i austnorsk), og den uttaleforma må òg godtakast, særleg hos dei som har ho i dialekten. Det same gjeld mellomting mellom /di/ og /de/.

Fant du det du lette etter?