Svar
«Ta vare!» er eit nyare omsetjingslån frå engelsk. Stilistisk er det svært markert, og mange synest det skurrar kraftig. Det kan vera lurt å velja noko anna.
Amputasjonen er for så vidt ikkje verre enn den vi finn i «Ha det!» for «Ha det bra/godt!», så uttrykket kan slik sett godtakast reint grammatikalsk, i alle fall til munnleg bruk. Men det er mykje som talar for å velja andre uttrykk. Språkrådet vil ikkje rå statstilsette til å skriva «Ta vare!» i offentleg kommunikasjon.
Omsetjingslån – ver varsam!
Den kraftige spreiinga av uttrykket i seinare tid tyder altså på at dette er eit omsetjingslån av «Take care!». Ein kan òg sjå uttrykket som ein kortvariant av «Ta vare på deg sjølv!».
Det fullstendige uttrykket «Ta vare på deg sjølv» er heller ikkje heilt innarbeidd i norsk. Det er nok i stor grad inspirert av «Take care (of yourself)». Uttrykket var ikkje vanleg før krigen, men det har vorte mykje nytta i omsetjingar frå engelsk seinare. «Pass på deg sjølv!» er heller ikkje mykje brukt i den aktuelle tydinga frå gammalt av.
Det er ikkje noko i vegen for å ta omsetjingslån inn i språket der det ikkje finst dekkjande uttrykk frå før. Der vi allereie har eit fullgodt norsk uttrykk, rår vi til å halda på det. Folk får sjølv vurdera om det er verdt å ta i bruk «Ta vare!» privat, men dei bør ha i mente at uttrykket kan verka irriterande på meir tradisjonsbundne språkbrukarar.
Liknande uttrykk i tradisjonell norsk
Her kjem fleire opplysningar om «omsorgsfulle» helsingar i norsk, om du skulle vera interessert i det.
Åtvaring, varsemd og andre ord og uttrykk med den slags varleik er eldgamle i norsk. Vi tek gjerne vare på ting, men vi har altså ikkje tradisjon for det å ta vare på seg sjølv, reint språkleg. Når ein før bad nokon om å ta seg i vare eller å vara seg, tenkte ein gjerne på noko vedkomande snart skulle gjera (nærare bestemt: ikkje noko dumt). Uttrykk for den same omsuta er å be nokon passa seg, akta seg eller vera varsam/forsiktig. Ein kan saktens be nokon fara varleg/varsamt i staden for å be dei ta vare, men tradisjonelt fer ein oftast varleg med noko (altså ein ting – og ikkje med seg sjølv).
For å ynskja einannan god helse eller velferd ved avskil har vi helst brukt heilt andre uttrykk på norsk. «Far vel!» er ei gammal helsing som er vorten stilistisk markert. Det same gjeld «Lev vel!», «Lev no vel!» og liknande, sagt til nokon som ikkje skal fara nokon stad. I nyare tid har «Ha det godt/bra!» vore det vanlege. Aller vanlegast er vel den amputerte varianten «Ha det!». Ei traustare, men like usentimental avskilshelsing er «Vi snakkast!». Ein treng ikkje å presisera at ein ikkje ynskjer å snakkast frå sjukesenga.
Når nokon fyrst er sjuke, kjem naturlegvis «God betring!» og liknande frasar inn i biletet. Men elles er helsa og tryggleiken ofte unemnd ved farvel. Eit særmerkt unnatak er det trøndske «Itj fårrå nålles!» (= «Ikkje far nokoleis», altså ‘ikkje kom ut for skade på noko vis’). Merk at skaden/lukka ikkje er eksplisitt nemnd her heller. Eit døme på det same (før eit tiltak) er «Tvi tvi!» (= «Lukke til!») – opphavleg i form av spytting eller spyttelydar. I folketrua kan det tyda ulukke å nemna lukke eller ulukke eksplisitt.
Helseaspektet må likevel ha vore meir framme i retteleg gamle dagar, for sjølve orda å helsa og helsing inneheld opphavleg ein referanse til god helse. No har helsa altså kome i framgrunnen att, via engelsk. Det nye uttrykket «Ta vare!» = «Ha det!» med «Ver varsam!» + «Hald deg frisk!» innbakt. Vi har så å seia fått ein føre-var-variant av «God betring!», eller med andre ord: «God førebygging!»