Vi har for tida ei ledig stilling i Språkrådet. Søknadsfrist: 29. mai 2025.
Strikken eller strikket?
Spørsmål
Heiter det ein strikk eller eit strikk (som i til dømes hårstrikk)?
Svar
I tydinga ‘elastisk band el. snor’ er strikk berre hankjønnsord (strikken) i både nynorsk og bokmål.
Dette gjeld òg samansetjingar, som gummistrikk og hårstrikk.
Men i mange dialektar er strikk inkjekjønn, altså eit strikk (fleire stader uttalt strekk). Strikket er altså ikkje nokon grammatikalsk feil sjølv om forma ikkje finst i rettskrivinga.